Esnoga.no:Høgtider og merkedagar

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 20. mars 2022 kl. 03:49 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Høgtidene og merkedagane i jødedommen kan delast inn i fleire kategoriar: Sjabbát er den jødiske kviledagen og varar frå fredagskvelden ved solnedgang til laurdagskvelden etter solnedgang. Yamím tobím er helgedagar med noko mildare arbeidsforbod — anna enn under kippúr og når yom tób fell på sjabbát. Ḥol hammoʕéd er romhelga mellom dei første og siste dagane av pesaḥ og sukkót. Taʕaniyyót er fastedagar.


Artiklar

Levi - Form of Prayers III (5570) p. 14 (crop 2).jpg
Kippúr, òg kalla yom hakkippurím (hebr. יוֹם הַכִּפּוּרִים) og yom kippúr, eller el ayuno blanco (sp., ‘den kvite fasta’) er den jødiske soningsdagen (eller bots- og bededagen) og fell på den 10. tisjré (den tiande dagen av den sjuande månaden). Etter den sivile kalenderen hamnar kippúr ein dag mellom 15. september og 14. oktober. Kippúr er ein full fastedag, og alle jødar over 12/13 års alder som har helse til det er pålagt å faste frå solnedgang på kippúr-aftanen til det er mørkt etter sjølve kippúr-dagen — det vil seie kring 25 timar. Bøneritualet for kippúr inneheld fleire karakteristiske element: Ein brukar tallét (bønesjal) under kveldsgudstenesta. Dette er den einaste kveldsgudstenesta i heile det jødiske året at alle hovudretningar av jødedommen er einige om at dét er pålagt. Grunnen til påbodet er at alle gudstenestene i løpet av heile kippúr er å rekne som éi samanhengande gudsteneste.   Les meir …
Habdala.jpg
Habdalá eller havdalá (hebr. הַבְדָּלָה [haḇdālā]) er namnet på ein jødisk seremoni som markerer overgangen frå sjabbát eller ei jødisk høgtid til kvardag eller frå sjabbát til ei jødisk høgtid. Habdaláen markerer alltid overgangen frå meir heilag til mindre heilag.   Les meir …
Arch.of.Titus-Sack.of.Jerusalem.JPG
Tisjʕá beáb (hebr. ט’ בְּאָב el. תִּשְׁעָה בְּאָב [tiš'ʕā bə'āb]) eller 9. ab, òg kalla taʕanít ab (‘ab-fasta’) og el ayuno negro (sp., ‘den svarte fasta’), er ein sørgje- og fastedag til minne om Tempelets fall i 587 fvt. og 70 evt. I tillegg fann mange andre tragiske hendingar i jødisk historie stad på eller nærme denne datoen, inkludert utvisinga av jødane frå Spania i 1492. Denne utvisinga skjedde for øvrig samtidig med at Christophorus Columbus la ut frå Spania med dei tre skipa sine, visstnok for å prøve å finne sjøvegen til Kina. Dagen blir markert i rabbinsk jødedom med spesielle gudstenester og med full faste frå solnedgang på tisjʕá beáb-aftanen til etter solnedgang ved slutten av tisjʕá beáb-dagen. Når datoen fell på sjabbát, blir dagen markert frå utgangen av sjabbát til søndag kveld etter solnedgang.   Les meir …
Meguilat d ester Call Girona 2015-11-14-1020.jpg
Purím (hebr. פורים [pū'rīm]) er festen som blir feira på 14. adár (i skottår: veadár) til minne om da dronning Estér og onkelen hennar, Mordekhái, fikk berga det jødiske samfunnet i Persia frå undergangen gjennom å avsløre Hamán sine vonde planer for kong Aḥasjverósj. Frå soloppgang til solnedgang på 13. adár er det taʕanít Estér (Esters faste); og frå solnedgang ved inngangen til 14. adár til solnedgang ved inngangen til 15. adár er det purím. På purím les vi megillàt Estér (Esters bok) to gonger — på aftanen og på dagen; vi gjev hjelp til fattige; vi gjev minst éin jødisk ven misjlóaḥ manót — ei matgåve som inneheld minst to ingrediensar og er ferdig til å eta; og vi har eit festmåltid der vi et ekstra god mat — og det er tradisjonelt å drikke meir alkohol enn vi er vant med.   Les meir …
Olea europaea europaea.jpg
Tu bisjbát, eller 15. sjebát, blir rekna som nyårsdagen til trea. I 3. mosebok 19:23–25 står det at ein ikkje skal hauste frukta av treet dei første tre åra, og ikkje eta han føre etter fire. Datoen når trea blir rekna som eit år eldre er fastsett til 15. sjebát. Det er vanleg å plante tre og/eller eta ny frukt på den dagen — ein skikk som ser ut til å ha spredd seg frå asjkenazisk mellomalderkultur. Etterkvart utvikla det seg ein seder — eit spesielt, rituelt måltid — for 15. sjebát. Ein drikk 4 beger vin og et av minst 15 ulike slag frukt medan ein syng songar og fortel historier som passar til dagen.   Les meir …
Tu beáb (ט"ו באב), eller 15. ab, er ein tradisjonell jødisk festdag. Dagen, som fell ved fullmåne i månaden ab, markerte opprinneleg begynnelsen av druehausten, som varte fram til kippúr (10. tisjré). Da Bet hammikdásj (Tempelet i Jerusalem) stod, vart det bore fram vedoffer der på tu beáb. Det var skikk at dei ugifte jentene i Jerusalem kledde seg i kvitt og dansa i vingardane både på tu beáb, da druehausten begynte, og på kippúr, da druehausten endte. I moderne tid har dagen vorte populær som ein dag for stemnemøte, frieri og bryllaup.   Les meir …
Tora rollen Portugees-Israëlietische Synagoge Amsterdam.jpg
Sjeminí ngaṣéret eller simḥàt Torá er enten den åttande eller den åttande og niande dagen frå begynnelsen av sukkót. I Israel og i progressiv jødedom blir denne høgtida markert som éin dag, medan tradisjonell jødedom utanfor Israel elles markerer høgtida som to dagar og kallar den første dagen sjeminí ngaṣéret og den andre simḥàt Torá.   Les meir …
Ḥol hammongéd (hebr. חוֹל הַמּוֹעֵד), eller (los) medianoskastiljansk, er romhelga mellom dei viktigare, fulle helgedagane først og sist i dei jødiske høgtidene pesaḥ og sukkót. Den tradisjonelle helsinga under ḥol hammongéd er «Buenos medianos!» blant portugisarjødar og osmanske sefardím. Under ḥol hammongéd gjeld dei generelle forskriftene for kvar høgtid. Dermed et ein ikkje ḥaméṣ (gjæra brød o.l.) under ḥol hammongéd pesaḥ, og ein et i sukkáen og gjer netilàt luláb under sukkót.   Les meir …
Taʕanít tammúz (תַּֽעֲנִית תַמּוּז, ‘tammúz-fasta’)) eller sjibʕá ʕasár betammúz (שִׁבְעָה עָשַׂר בְּתַמּוּז, ‘syttande tammúz’) er ein jødisk fastedag som først og fremst markerer minnet om da bymuren kring Yerusjaláim (Jerusalem) vart øydelagt føre Det andre tempelet i Jerusjaláim vart øydelagt. Taʕanít tammúz finn stad på 17. tammúz etter den jødiske kalenderen og markerer begynnelsen av dei tre vekene som leier fram mot den store fastedagen tisjʕá beáb. Desse tre vekene, som òg blir kalla «ben hammeṣarím», blir rekna som ei sørgjetid, og ulike jødiske grupper har ymse skikkar som markerer den sorgfulle tida.   Les meir …
Sigd (hebraisk סיגד) er ei etiopisk-jødisk høgtid som fell på 29. marḥesjván. Sjølve ordet sigd kjem frå det semittiske språket amharisk og betyder ‘prostrasjon’. Rotbokstavane S-G-D er dei same som i det eine av dei to etiopisk-jødiske orda for synagoge eller tempel, mesgid — jamfør det arabiske ordet masġid (el. masdjid), ‘moské’. Sigd symboliserer godtakinga av Toráen. Somme ser sigd som eit minne om openberringane på Har Sinái (Sinaifjellet). Men kessim (eldsterådet i Beta Esrael) har òg halde på tradisjonen at høgtida oppstod ein gong på 1400-talet som resultat av forfølging frå dei kristne Amhara-kongane. Kessim trekte seg tilbake til øydemarka for å be til Gud om nåde. I tillegg arbeidde dei for einheit blant Beta Esrael-folka og for å unngå at dei skulle glømme haymanot (lovane og tradisjonane til Beta Esrael) under forfølgingane.   Les meir …

Populære sider

  1. Yom tób (vist g.)
  2. Ḥanukká (vist g.)
  3. Kippúr (vist g.)
  4. Habdalá (vist g.)
  5. Tisjʕá beáb (vist g.)
  6. Purím (vist g.)
  7. Høgtider og merkedagar (vist g.)
  8. Dei høge helgedagane (vist g.)
  9. Tu bisjbát (vist g.)
  10. Tu beáb (vist g.)
  11. Sjeminí ngaṣéret (vist g.)
  12. Purím katán (vist g.)
  13. Ḥol hammongéd (vist g.)
  14. Taʕanít tammúz (vist g.)
  15. Sigd (høgtid) (vist g.)
  16. Seder Moʕéd (vist g.)
  17. ʕEreb (vist g.)
  18. Mimúna (vist g.)
  19. Matforskrifter for yom tób (vist g.)