Esnoga.no:Hovudside
Frå Esnoga.no
- Esnoga.no er ein skandinavisk nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 570 artiklar og 653 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.
- Esnoga.no es un recurso web escandinavo para la religión, los idiomas y la cultura de los sefaradim. Hasta ahora hay 570 páginas y 653 imágenes y otros archivos multimedia aquí, y hay más en camino.
- Esnoga.no is a Scandinavian web resource for Sephardi religion, languages and culture. Thus far, Esnoga.no has 570 pages and 653 pictures and other media files, and more are on their way.
SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS |
Seliḥót (hebr. סְלִיחוֹת) er namnet på ei rad sonings- og tilgjevingsbøner som tradisjonelt blir lesne i tida fram mot rosj hasjaná og kippúr så vel som på jødiske fastedagar (med unntak av tisjʕá beáb). Det finst mange ulike utgåver av Seliḥót-bønene, alt etter kva tradisjon dei er frå — og i somme tradisjonar etter kva dag dei er for òg. Les meir …
Elúl (hebraisk אֱלוּל [’ĕlúl]) er den sjette månaden i det jødiske året og varar i 29 eller 30 dagar frå nymåne i august eller tidleg september. Månaden elúl har ikkje nokon helgedag, men i løpet av elúl seier ein seliḥót — enten frå andre dagen i månaden (sefardisk jødedom) eller frå utgangen av siste sjabbát føre rosj hasjaná (asjkenazisk jødedom). Les meir …
Dei høge helgedagane eller dei høge heilagdagane er eit uttrykk som somme gonger blir brukt om rosj hasjaná og kippúr, og gjerne òg den veka som ligg mellom dei. Uttrykket ligg nær i tyding til uttrykket yamím noraím — eit omgrep som blir bruka om alle dei ti dagane frå rosj hasjaná til kippúr. Les meir …
Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702, Raphael Jesurum i 1703 og Jacob Cohen og Jacob Franco i 1704. Alle desse var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen. Les meir …
Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore driven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år. Les meir …
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utanfor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjennom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år. Les meir …
Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske aviser fleire gonger i 1840-åra. Les meir …
Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born av Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania). Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo. Les meir …
Kahal Kados Bet Israel i Hamburg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K"K Talmud Torah, K"K Keter Torah og K"K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K"K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamburgbrannen den 5.–8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855. Les meir …
Ein minyán (hebr. מִנְיָן eller מִנְיָין [minjān]) er i rabbinsk jødedom ei samling av minst ti jødar over bené miṣvá-alder samla i eitt rom (f.eks. i esnogaen) eller i ei gruppe utandørs. I Israel fram mot korsfarartida var skikken å rekne sju som minyán ifølgje Massekhet Soferím. Visse jødiske rituelle handlingar kan berre utførast i minyán — slik som resitering av Kaddísj og Barekhú i gudstenesta og inkludering av «Elohénu» i innleiinga til Birkat hammazón. Historisk sett har synet på inkludering av kvinner variert. Les meir …
Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen til den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 1842–1844 etter tekningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde teikna Israelitisches Krankenhaus. I dag finst berre restane av den vestlege forhallen og den austlege apsisen att av den ein gong treskips synagogen som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944. Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå nymaurisk arkitektur. så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil. Les meir …
Ein tallét, fleirtal talletót, (hebr. טַלֵּית [ṭallēt] (klassisk), טְלִית [ṭəlīθ] (yemenittisk) el. טַלִּית [ṭallīt] (moderne israelsk)) er eit jødisk bønesjal med ein spesiell dusk, ṣiṣít, i kvart av de fire hjørna. Når vi knyter ṣiṣít, så består «kjernen» av lange trådar (snorer), som helst er laga av ull. Desse trådane (sju av dei) blir sikra av ein lengre tråd (den åttande) som blir vikla kring dei andre og knytt på visse måtar. Vi grupperer knutane ved at vi legg ein eller to ekstra knutar/dobbeltknutar etter dei. Les meir …
Mezuzá (hebr. מְזוּזָה tyder eigentleg ‘dørkarm’. Mezuzáen har to deler: 1: ein keláf (pergament) med to handskrivne sitat frå 5. mosebok, og 2: ein liten avlang boks eller sylinder som vanlegvis er laga av metall, glass eller tre. Utanpå boksen står gjerne enten ש (sjin) eller שדי — Sjaddái — eitt av namna som blir brukt for å vise til Gud i jødedommen. Det er ein miṣvá frå Torá å ha mezuzót ved dørene og portane til jødiske heimar. Les meir …
Ein puntero (sp./jød.sp., ‘pekar, pekestokk’; pl. punteros), òg skrive ponteiro (pt.; pl. ponteiros), eller ein yad (pl. yadím; frå hebr. יד, ‘hand’) er ein pekestokk som tradisjonelt blir bruka til å følgje teksten med når ein les frå Toráen. Punteroen blir bruka for å unngå å røre sjølve pergamentet i seferen, ettersom det ikkje absorberer blekk, slik at bokstavane lett blir øydelagt ved fingerkontakt. Punteroen kan vera laga av sølv (vanlegast), tinn, tre eller andre materialar og er oftast forma som ei meir eller mindre realistisk hand (arm) med ein pekande pekefinger. Les meir …
Aryeh Kaplan (1934–1983) var ein amerikansk ortodoks rabbinar og forfattar av opprinneleg osmansk-sefardisk bakgrunn som var kjent for den inngåande kunnskapen sin om både fysikk og kabbalá. Han var kjent som ein original tenkjar og produktiv forfattar — frå studiar kring Torá, Talmúd og mystikk til introduksjonspamflettar om jødisk tru og filosofi retta mot ikkje-religiøse og nylig-religiøse jødar. Verka hans blir rekna som ein vesentleg faktor i framveksten av baʕal tesjubá-rørsla. Innanfor sefardisk jødedom blir han særleg hugsa for omsettinga til engelsk av Meʕám loʕéz. Les meir …
Sjelomó ben Yiṣ’ḥák halleví (1532–1600) var ein framståande rabbinar i Salonica i Det osmanske riket. Han var torálærar i esnogaen for eksiljødane frå Évora i Portugal. Han er særlig kjent for tesjubót-verket Maharásj Leví, som han strukturerte i tråd med 4-bandsstrukturen i Arbaʕá turím. Maharásj Leví vart utgjeve posthumt i Salonica i 1652. Les meir …
Rebbí Yiṣ’ḥák ben Yàʕakób hakkohén Alfassi (1013–1103), hebr. יִצְחָק הַכֹּהֵן אַלְפַסִּי Yiṣḥāq hakkōhēn Alfassī, ofte kalla רי”ף RIF, særleg blant asjkenazím, var ein sefardisk rabbinar som er særleg kjent for verket Sefer hahalakhót, ofte rekna som det første storverket i den halakhiske litteraturen. Yiṣ’ḥak ben Yàʕakób hakkohén vart fødd i Algerie i 1013 og studerte i Kairouan i Tunisia under Nissím ben Yaʕakób og Ḥananél ben Husjiél, dei anerkjente rabbinske autoritetane i Nord-Afrika på den tida. Han flytta seinare til Fez i Marokko til eit meir tolerant miljø. Det jødiske samfunnet i Fez tok på seg å støtte honom og familien hans slik at han kunne arbeide uforstyrra på boka Sefer hahalakhót. Les meir …
Roskas, òg skrive roscas, er tradisjonelle anisbollar i osmansk-sefardisk tradisjon. Deigen er ein søt gjærdeig med egg og tilsett anis. Etter første heving delar du deigen i fire emne per kopp mjøl i deigen. Rull ut kvart emne til ei pølse som du snurrar til ein spiral. Legg tolv roskas per brett på ei bakeplate med bakepapir påstrødd litt semulegryn. Etter heving penslar du dei med egg og strør på sesamfrø. Etterhevast og bakast i varmluftsomn ved ca. 175 °C i 12–15 min. til dei er lyst gyllenbrune. Etast varme eller kalde; for seg sjølv eller med f.eks. fetaost og oliven. Les meir …
Boyos (jød.sp., jf. sp. bollos og pt. bolos) er ein type osmansk-sefardisk bakverk som er basert på ein fin gjærdeig marinert i olje og kjevla ut og strekt og bretta fleire gonger. Fyllet kan lagast av for eksempel spinat og ost (boyos de spinaka), aubergin (boyos de berendjena) eller graskar (boyos de kalavasa). Boyos har tradisjonelt særleg vorte laga i İzmir; i dag er dei vanlege å få kjøpt både der og i Israel. Les meir …
Ekte sukatar (gjennom fransk succade frå italiensk succada) er småe terningar av salta, gjæra og kandisert albedo av etróg (søtsitron, Citrus medica). I krigsgenerasjonen blir ofte sukat bruka som tilsetting i kringleer og julekake. I Norge blir sukatar produsert av Freia, som no blir eigd av det multinasjonale selskapet Kraft Foods. Ein billigare, men mindre velsmakande variant av sukat blir laga av graskar i staden for etróg. Det finst fleire ulike hypotesar om namnet «sukat», som heiter succade på engelsk, sukade på nederlandsk og stundom Succade/Sukkade (men oftare Zitronat i moderne tid) på tysk. Ein hypotese er at namnet kjem frå latin succidus. Andre hypotesar er at namnet har opphav i arabisk سكر (/sukkar/, ‘sukker’). Den tredje hypotesen sett namnet i samband med hebraisk סֻכָּה (/sukkā/, ‘hytte’), ettersom frukta etróg, som sukatar blir produsert frå, blir bruka under den jødiske høgtida sukkót (lauvhyttefesten). Les meir …
Olve Utne: «Samaritansk musikk»
Samaritanarane er ei folkegruppe med noverande tilhaldsstad i Nābulus (ved Gerizím, det heilage fjellet deiras) og Ḥolon (ved Tel-Aviv) som først og fremst er kjenneteikna med religionen sin. Denne religionen kan oppsummerast i denne vedkjenninga:
Samaritanarane er ei folkegruppe med noverande tilhaldsstad i Nābulus (ved Gerizím, det heilage fjellet deiras) og Ḥolon (ved Tel-Aviv) som først og fremst er kjenneteikna med religionen sin. Denne religionen kan oppsummerast i denne vedkjenninga:
- Eg trur på Deg, O Herre, og på Mosjé, son av ˤAmram, tjenaren Din, på den helige Toráen, på fjellet Gerizim Bet-El og på straffas og lønas dag.
«El Dio alto» er ein tradisjonell osmansk-sefardisk song som tradisjonelt blir sungen i samband med habdalá ved utgangen av sjabbát etter solnedgang på laurdag. Det er to hovudmelodiar — ein viseaktig melodi som vart brukt i Salonica og ein meir melismatisk melodi som blant anna er tradisjonell blant tyrkiske jødar. Den sistnemnte melodien blir òg brukt på ʕereb kippúr. Les meir …
Ein sjivvíti er ein mikrografisk presentasjon sentrert kring Tehillím 16:8 (שויתי יי לנגדי תמיד) og Tehillím 67 — den sistnemnte skrìven i form av ein menorá. Sjivvíti finst i ein del sefardiske, mizraḥiske og ḥasidiske siddurím for meditasjon over Namnet under morgongudstenesta. I mange austleg sefardiske og mizraḥiske synagogar markerer ein sjivvíti retninga mot Ereṣ Yisraél og Jerusalem. Sjivvítien blir òg ein del bruka til å markere bøneretninga i sefardiske og mizraḥiske heimar. Les meir …
Emanuel Aguilar (1824–1904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 av foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror til Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien til det portugisarjødiske samfunnet i England. Les meir …
Robert Martin Henriques (fødd 14. december 1858 i København; død 29. desember 1914 på Frederiksberg) var ein dansk cellist, musikkanmeldar og komponist. Han var i slekt med med violinisten og komponisten Fini Henriques. I barndomsheimen kom fleire av dei mest framtredande musikkpersonane på den tida, bl.a. Edvard Grieg og Anton Rubinstein. Robert Henriques studerte cello hos Fritz Bendix og Franz Neruda og seinare i Tyskland hos Friedrich Grützmacher og David Popper, og i musikkteori av Edmund Kretschmer. Les meir …
Maurice Abravanel (1903–1993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og for framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i same huset som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement i lag med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapelig oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich. Les meir …
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skrìve med det hebraiske alfabetet. Les meir …
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar. Les meir …
Djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanyol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanyol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding. Les meir …
Camille Pissarro (1830–1903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar av portugisarjødisk slekt. Camille Pissarro vart fødd den 10. juli 1830 i Charlotte Amalie på St. Thomas i daverande Dansk Vestindia av foreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein portugisarjøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammal, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vendte tilbake til St. Thomas for å få opplæring i forretninga til faren. På den tida bruka han all fritida til teikning. I 1852 reiste han til Venezuela i lag med med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytta han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Jean-Baptiste Camille Corot. Les meir …
David Abraham Bueno de Mesquita (23. mars 1889—12. desember 1962) var ein nederlandsk-sefardisk figurativ bildekunstnar som hovudsakleg arbeidde med kunstmåleri og grafikk. David Abraham Bueno de Mesquita vart fødd i Amsterdam den 23. mars 1889 av foreldra Rebecca Lopes de Leao de Laguna og Jacob Bueno de Mesquita. Frå ca 1906 studerte han ved Rijksnormaalschool voor tekenleraren i heimbyen, og deretter ved Akademie voor Beeldende Kunsten same staden i tida 1909–1913. Etter at han i 1913 mottok Prix de Rome for bildet «Jacob herkent het bebloede kleed van zijn zoon» (‘Jakob kjenner att den utblødde kappa til sonen sin’), flytta han i 1914 til Roma og budde der ei tid. Les meir …
Samuel Jessurun de Mesquita (f. 6. juni 1868 i Amsterdam; d. 1944 i Auschwitz) var ein høgt respektert grafisk kunstnar frå Amsterdam som blant anna var lærar for den kjente kunstnaren M.C. Escher (1898–1972). I åra etter andre verdskrigen, da han og heile familien hans vart myrda av nazistane, vart de Mesquita og kunsten hans meir eller mindre glømt. Takka vere Escher, som rekna honom som både mentor og ven, har namnet hans trass alt vorte hugsa, og kunsten hans er i ferd med å komma fram i lyset att. Les meir …
The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske kretsar rett og slett som JTS, er eitt av dei akademiske og åndelege sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Attmed The University of Judaism i Los Angeles og Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av dei viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Skulen vart etablert i 1886, og namnet og den grunnleggande ideologien vart henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław). Les meir …
Masorti jødedom eller konservativ jødedom er ei retning av jødedommen som ligg mellom ortodoks jødedom og progressiv jødedom. Masorti jødedom har til felles med ortodoks jødedom at halakhá blir sett på som absolutt bindande for det jødiske folket. Hovudskilnaden mellom desse to retningane går dermed meir på korleis ein avgjer kva som er halakhá enn kor viktig halakhá er. I masorti jødedom legg ein relativt stor vekt på den noko meir fleksible/variable læra til risjoním (dei rabbinske autoritetane frå 1000-talet til først på 1500-talet), medan tendensen i ortodoks jødedom er å legge meir vekt på de meir fast kodifiserte aḥaroním — dei rabbinske autoritetane som levde etter at boka Sjulḥán ʕarúkh kom på 1500-talet. Les meir …
Rabbinar Sandy Eisenberg Sasso (f. 1947 i Philadelphia, Pennsylvania) er ein rekonstruksjonistisk rabbinar og barnebokforfattar. Ho vart ordinert ved Reconstructionist Rabbinical College den 19. mai 1974 som den første kvinnelege rabbinaren innafor rekonstruksjonistisk jødedom og den andre kvinnelege rabbinaren nokon gong i USA. Sandy Eisenberg Sasso er gift med rabbinar Dennis Sasso, og dei har borna David (f. 1976) og Debora (f. 1979). Les meir …
The Society for the Advancement of Judaism er ein synagoge og jødisk organisasjon på Upper West Side av Manhattan i New York City. SAJ vart grunnlagt i 1922 av rabbinar Mordecai M. Kaplan, grunnleggaren av rekonstruksjonistisk jødedom. Moshe Nathanson, komponisten av «Hava Nagilah», var kantor da Kaplan var rabbinar der. Den første bat miṣvá-feiringa i USA fann stad i SAJ på sjabbát-morgonen den 18. mars 1922, for Judith Kaplan, dotter av rabbinar Mordecai Kaplan. Les meir …
Rabbinar Baruch Gigi (ברוך גיגי) er ein rosj yesjibá ved Yeshivat Har Etzion i Gush Etzion rett sørom Jerusalem. Baruch Gigi vart fødd i Marokko og immigrerte til Israel da han var elleve år gammal. Han studerte ved eit yesjibá-gymnas i Ḥefá (Haifa), og begynte så å studere ved Yeshivat Har Etzion i 1974. Han fikk semikhá som rabbinar frå Overrabbinatet i Israel, og han fikk òg ein BEd-grad frå Herzog College. Les meir …
Ortodoks jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem for det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særleg lagt vekt på kasjrút (matforskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahoràt hammisjpaḥá (rituell reinheit i ekteskapet). I hovudtrekk inneber ortodoks jødedom òg et restriktivt syn på kol isjá (kvinnestemmer), zimmún/minyán (teljing av religiøst myndige jødar), kvinner og tallét/tefillín og meḥiṣṣá (skilje mellom manns- og kvinneavdelingar i synagogen, og stundom i andre samanhengar); men i desse spørsmåla er det noko variasjon i den liberale enden av spekteret. Les meir …
SKRIFTER: | Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím) Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedeʕót Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ʕarúkh · Thesouro dos Dinim · Meʕám loʕéz |
LÆRDOM: | talmúd Torá (grunnskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · yesjibá (seminar) · sjiʕúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) · |
SYMBOL: | tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple) |
ESNOGAS: | esnoga (synagoge) · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minyán · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjaḥarít (morgongudsteneste) · musáf (tilleggsgudsteneste) · minḥá (ettermiddagsgudsteneste) · neʕilá (avsluttande ettermiddagsgudsteneste (berre på kippúr)) · ʕarbít (kveldsgudsteneste) Skandinavia: Den første esnogaen i København · Den portugisiske Nakskauer Menighed · Altona: K"K Newe Salom (1771–1882) · Hamburg: K"K Talmud Torah ( ? -1652) · K"K Bet Israel (1652–1842) · K"K Bet Israel (1855–1934) · K"K Bet Israel (1835–1940) · Øvrige Tyskland, Austerrike og Sveits: Der Türkische Tempel (Wien 1888–1938) · Balkan: Cahal Grande (București) · Cahal Chico (București) · Templul Sefard (Constanța) · Storbritannia: Creechurch Lane (1657–1701) · Bevis Marks (1701– ) · Nederlanda: K"K Talmud Torah (1639–1675) · K"K Talmud Torah (1675– ) · Nord- og Sør-Amerika: |
SJABBÁT: | sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · Bendigamos al altísimo · Ya komimos · habdalá |
HØGTIDER: | høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt haʕómer · lag laʕómer · sjabuʕót (vekefesten, pinse) · tisjʕá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”) |
LIVET: | Barndom: fødsel · milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidyón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente) Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥáyil (konfirmasjon av jente) Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · yibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av yibbúm (leviratekteskap)) Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn) Død og sorg: levayyá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj |
MAT/DRIKKE: | mat · kasjrút · sjeḥitá («schächting») · sjabbát · jom tób · pesaḥ Bakverk: bimuelos (oljebollar) · borekas (børek) · boyos (bollos, bollar, inkl. gemberbolus) · jødekaker · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pan de sabbá (sjabbátbrød) · pittá (flatkaker) · roskas (anisbollar) Middagsretter: aroz amariyo (gul ris) · aroz kon tomat (tomatris) · bacalao (torsk med tomat og løk) · kodrero al horno (omnssteikt lammebog) · dolmas (yaprikas, fylte vinblad, kålrulettar) · falafel (friterte kikerterbollar) · ḥammín (dafina) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · guevos ḥaminados (langkokte egg) · ḥummus (kikerterstuing) · keftes de prasa (purrelappar) · mina de maṣṣá (flatbrød-pai) · pescado frito (fritert fisk) · |
MUSIKK: | sefardisk |
SPRÅK: | hebraisk · arameisk · jødearabisk · portugisisk · kastiljansk (spansk) · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk) |
RETNINGAR: | samaritansk · karaittisk · rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk |
EKSTERNE RESSURSAR
- Portugisarjødar
- Maghrebím
- Rabbi David Kadoch på YouTube
- Osmanske sefardím
- Osmanske sefardím ― USA ― nordaust
- The Sephardic Jewish Center of Canarsie - Cedarhurst, New York, USA
- The Sephardic Temple of Cedarhurst - Cedarhurst, New York, USA
- The Sephardic Jewish Center of Forest Hills - Forest Hills, New York, USA
- Osmanske sefardím ― USA ― søraust
- Congregation Or VeShalom - progressiv sefardisk - Atlanta, Georgia, USA
- Temple Moses Sephardic Congregation of Miami (kubansk) - Miami Beach, Florida, USA
- Osmanske sefardím ― USA ― midtvesten
- Etz Chaim Sephardic Congregation (selaniklí, monastirlí, tyrkisk) - ortodoks sefardisk - Indianapolis, Indiana, USA
- Osmanske sefardím ― USA ― vest
- Congregation Ezra Bessaroth (rodeslí) - Seattle, Washington, USA
- Hazzan Isaac Azose - Seattle, Washington, USA
- Sephardic Bikur Holim Congregation (tyrkisk) - Seattle, Washington, USA
- Congregation Ahavath Achim - Portland, Oregon, USA
- Sephardic Temple Tifereth Israel - Los Angeles, California, USA