Esnoga.no:Hovudside

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 5. januar 2023 kl. 02:07 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ngarúkh • Mengám longéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb


Aktuelt

Meguilat d ester Call Girona 2015-11-14-1020.jpg
Megillàt Estér (hebr. מְגִלַּת אֶסְתֵּר), mest kjent som Esters boknorsk, er ein av dei fem megillót i Ketubím — den tredje delen av Tenákh (Den hebraiske bibelen). Megillàt Estér handlar om korleis Estér hammalká (dronning Ester) og onkelen hennar, Mordekhái, bergar jødane i Persia frå å bli drepne. Under høgtida purím blir Megillàt Estér lesen offentleg i esnogas, ḥaburót og andre jødiske forsamlingar to gonger — først på kvelden, så på dagen.   Les meir …
Taʕanít Estér (hebraisk תַּֽעֲנִית אֶסְתֵּר), eller Esters faste, blir halde frå soloppgang til solnedgang den 13. adár (i skottår: veadár), altså rett føre purím. Fasta symboliserer de tre dagane Estér hammalká (dronning Estér) fasta føre ho gikk inn til kong Aḥasjverósj (Xerxes). Dei åra at purím begynner ved moṣaé sjabbát (på laurdagskvelden), blir fastedagen halde torsdagen føre, altså på 11. adár, i staden, ettersom ein aldri fastar på sjabbát i jødedommen anna enn på kippúr.   Les meir …

Skandinavia

Elias Moses Delbanco (17501802) eller Elias Moses Warburg, ofte kalla Elias Delbanco, var ein vekselerar som dreiv forretning i hop med svigerfaren Bendix Henriques i Göteborg. Elias Moses Warburg vart fødd i 1750 i Altona som son til Jettchen Wagner og Moses Warburg. Han tok namnet Delbanco. Elias vart gift med Penina Henriques (17561826), dotter av Bendix Henriques, den 29. oktober 1781 i København. Elias Moses Delbanco dødde i København den 11. september 1802.   Les meir …
Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore driven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år.   Les meir …
Moses Ruben Henriques 1757-1823 189.jpg
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utanfor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjennom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år.   Les meir …
Leon Lopez, òg skrive Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan føre Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.   Les meir …
Sigrid de Lemos (Vaare falne).jpg
Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born av Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania). Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo.   Les meir …

Esnogas

Synagoge Neve Shalom Altona.jpg
Kahal Kados Newe Salom, eller Esnogaen i Altona, vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Norge etter ein petisjon frå dei 18 portugisarjødiske familiane der, og innvigd den 6. september same året. Esnogaen, som låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (noverande Hoheschulstraße), vart brukt av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart selt til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamburg by og riven.   Les meir …
627 innocentiastr 37.jpg
Kahal Kados Bet Israel i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamburg vart innvigd torsdagen den 14. mars 1935 kl. 20:00 som den siste synagogen som vart innvigd i Nazi-Tyskland. Ḥakhám (rabbinar) var Selomo Rodrigues Pereira.   Les meir …
Bevis0007 s.jpg
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisninga av jødane frå England i 1290. Denne esnogaen var i bruk fram til Bevis Marks-esnogaen vart innvigd i 1701.   Les meir …

Symbol

Isaac Lopez (1780-1854).jpg
Ein tallét, fleirtal talletót, (hebr. טַלֵּית [ṭallēt] (klassisk), טְלִית [ṭəlīθ] (jemenittisk) el. טַלִּית [ṭallīt] (moderne israelsk)) er eit jødisk bønesjal med ein spesiell dusk, ṣiṣít, i kvart av de fire hjørna. Når vi knyter ṣiṣít, så består «kjernen» av lange trådar (snorer), som helst er laga av ull. Desse trådane (sju av dei) blir sikra av ein lengre tråd (den åttande) som blir vikla kring dei andre og knytt på visse måtar. Vi grupperer knutane ved at vi legg ein eller to ekstra knutar/dobbeltknutar etter dei.   Les meir …
Yad IMG 1135.jpg
Ein puntero (sp./jød.sp., ‘pekar, pekestokk’; pl. punteros), òg skrive ponteiro (pt.; pl. ponteiros), eller ein yad (pl. yadím; frå hebr. יד, ‘hand’) er ein pekestokk som tradisjonelt blir bruka til å følgje teksten med når ein les frå Toráen. Punteroen blir bruka for å unngå å røre sjølve pergamentet i seferen, ettersom det ikkje absorberer blekk, slik at bokstavane lett blir øydelagt ved fingerkontakt. Punteroen kan vera laga av sølv (vanlegast), tinn, tre eller andre materialar og er oftast forma som ei meir eller mindre realistisk hand (arm) med ein pekande pekefinger.   Les meir …
Picart Portugisarjodisk sefer med vestido osv.png
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkerne). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk.   Les meir …

Rabbinarar

Jangakób Kuli eller Iahacob Culi (יעקב כולי), òg kalla Jangakób Ḥuli (יעקב חולי) (f. 1689 i Istanbul) var ein sefardisk ḥakhám som er mest kjent som initiativtakar til og forfattar av første bandet av Mengám longéz — ein mangebands encyklopedisk kommentar til Tenákh. Jangakób Kuli dødde den 9. august 1732 i Istanbul.   Les meir …
Pimentel Minhat Kohen (1668).jpg
Ḥakhám rebbí Abraham Cohen Pimentel (f. 16?? i Portugal; d. 28. adár 5457 / 21. mars 1697 i Amsterdam) var ein vidkjent rabbinar for portigisarjødane i Amsterdam og seinare ḥakhám for portugisarjødane i Hamburg. Han skreiv boka Minḥàt Kohén (utg. 1668), der han blant anna tok for seg zemanním (halakhiske tider) sett i lys av kronometer (mekaniske klokker).   Les meir …
Hajjim Josef David Azulai.jpg
Rabbinar Ḥayyím Yoséf Davíd ben Yiṣ’ḥák Zeraḥyá Azulái (f. 1724 i Jerusalem; 21. mars 1807 i Livorno) (hebraisk חיים יוסף דוד אזולאי), ofte kalla haḤidá (etter forbokstavane i namnet hans, חיד"א), var ein rabbinsk lærd og ein framståande bibliofil som var ein pionér i historia om jødiske religiøse tekstar.   Les meir …

Mat

Olve haroset 300px.jpg
Ḥaróset (hebr. חֲרֽוֹסֶת ḥă'rōset) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettene under den jødiske haggadáen på dei to første kveldane av pesaḥ (den jødiske påska). Ḥaróseten symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt.   Les meir …
C36940cr mina de massá.jpg
Ei mina de maṣṣá (pl. minas de maṣṣá) er ein sefardisk innbakt maṣṣá-pai med grønsaker eller kjøtt. Til eit kjøttmåltid er det vanleg med lammekjøtt som basis. Ein setám (parve, nøytral) variant er purrefyll. Til mjølkemåltid kan fyllet vera for eksempel spinat og fetaost.   Les meir …
Boyos (20220316 194540).jpg
Boyos (jød.sp., jf. sp. bollos og pt. bolos) er ein type osmansk-sefardisk bakverk som er basert på ein fin gjærdeig marinert i olje og kjevla ut og strekt og bretta fleire gonger. Fyllet kan lagast av for eksempel spinat og ost (boyos de spinaka), aubergin (boyos de berendjena) eller graskar (boyos de kalavasa). Boyos har tradisjonelt særleg vorte laga i İzmir; i dag er dei vanlege å få kjøpt både der og i Israel.   Les meir …

Musikk

Bendigamos-illustrasjon.png
«Bendigamos al altísimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over same temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødarGibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon.   Les meir …
El Dio alto.png
«El Dio alto» er ein tradisjonell osmansk-sefardisk song som tradisjonelt blir sungen i samband med habdalá ved utgangen av sjabbát etter solnedgang på laurdag. Det er to hovudmelodiar — ein viseaktig melodi som vart brukt i Salonica og ein meir melismatisk melodi som blant anna er tradisjonell blant tyrkiske jødar. Den sistnemnte melodien blir òg brukt på ngereb kippúr.   Les meir …
Tz 006 Mizmor shir.png
Tehillím 92, eller «Mizmór sjir leyóm hasjabbát», blir sungen som del av ngarbít på fredagskvelden og markerer det punktet i gudstenesta at menn ifølgje Sjulḥán ngarúkh (Óraḥ ḥayyím 261:4) tek på seg sjabbátkvila, enda om det skulle vera føre solnedgang. I fredagskveldsgudstenesta kjem «Mizmór sjir leyóm hasjabbát» etter «Lekhá dodí» og føre Tehillím 93 («Adonái malákh, geút labésj»).   Les meir …

Forfattarar, komponistar og musikarar

David Aaron de Sola (1796-1860).jpg
Reverend David (de) Aaron de Sola (17961860) var ein portugisarjødisk rabbinar, ḥazzán og forfattar som tjente for Bevis Marks-esnogaen frå 1818 fram til han dødde i 1860. De Sola skreiv og gav ut bøker på fire språk — nederlandsk, engelsk, tysk og hebraisk. Han var kjent som «den lærde ḥazzánen» blant engelske sefardím.   Les meir …
Grace Aguilar - Project Gutenberg eText 12369.png
Grace Aguilar (f. 2. juni 1816 i Hackney i England; d. 16. september 1847 i Frankfurt a.M. i Tyskland) var ein engelsk-sefardisk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion. Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av portugisarjødiske foreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak heilt frå barndommen og viste tidleg interesse for historie — særleg jødisk historie. Da far hennar døydde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nokre skodespel og dikt fikk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 — eit forsvarsskrift for trua hennar og dei som bekjenner seg til den trua.   Les meir …
Maurice Abravanel (19031993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og for framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i samma huset som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement i lag med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapelig oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich.   Les meir …

Språk

Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skreve med det hebraiske alfabetet.   Les meir …
Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …
El Avenir.jpg
Djudeospanjol eller djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Kunst og handverk

Camille Pissarro 040.jpg
Camille Pissarro (18301903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar av portugisarjødisk slekt. Camille Pissarro vart fødd den 10. juli 1830 i Charlotte AmalieSt. Thomas i daverande Dansk Vestindia ått föreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein portugisarjøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammel, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vendte tilbake til St. Thomas for å få opplæring i förretninga ått faren. På den tida bruka han all fritida til tekning. I 1852 reiste han til Venezuela samen med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytta han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Jean-Baptiste Camille Corot.   Les meir …
David Abraham Bueno de Mesquita (23. mars 188912. desember 1962) var ein nederlandsk-sefardisk figurativ bildekunstnar som hovudsakleg arbeidde med kunstmåleri og grafikk. David Abraham Bueno de Mesquita vart fødd i Amsterdam den 23. mars 1889 av foreldra Rebecca Lopes de Leao de Laguna og Jacob Bueno de Mesquita. Frå ca 1906 studerte han ved Rijksnormaalschool voor tekenleraren i heimbyen, og deretter ved Akademie voor Beeldende Kunsten same staden i tida 19091913. Etter at han i 1913 mottok Prix de Rome for bildet «Jacob herkent het bebloede kleed van zijn zoon» (‘Jakob kjenner att den utblødde kappa til sonen sin’), flytta han i 1914 til Roma og budde der ei tid.   Les meir …
Sally, Rose and Jorikka Henriques by Julius Jacobsen.jpg
Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques. Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (17711846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (17851857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg.   Les meir …

Masorti jødedom

Rabbinar Amy Eilberg (f. 12. oktober 1954) vart i 1985 den første kvinna som vart ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America, det viktigaste rabbinske seminaret innanfor masorti jødedom. Ho var den første kvinna som vart medlem av Rabbinical Assembly sin Committee on Jewish Law and Standards i 1986. Fram til 2004 hadde JTS ordinert over 150 kvinnelige rabbinarar og Ziegler School of Rabbinic Studies hadde ordinert kring 30.   Les meir …
Sinagoga Neologa Oradea.jpg
Masorti jødedom eller konservativ jødedom er ei retning av jødedommen som ligg mellom ortodoks jødedom og progressiv jødedom. Masorti jødedom har til felles med ortodoks jødedom at halakhá blir sett på som absolutt bindande for det jødiske folket. Hovudskilnaden mellom desse to retningane går dermed meir på korleis ein avgjer kva som er halakhá enn kor viktig halakhá er. I masorti jødedom legg ein relativt stor vekt på den noko meir fleksible/variable læra til risjoním (dei rabbinske autoritetane frå 1000-talet til først på 1500-talet), medan tendensen i ortodoks jødedom er å legge meir vekt på de meir fast kodifiserte aḥaroním — dei rabbinske autoritetane som levde etter at boka Sjulḥán ngarúkh kom på 1500-talet.   Les meir …

Progressiv jødedom

ALEPH Ordination Programs, eller ‘ALEPH ordinasjonsprogram’ på norsk, er namnet på det desentraliserte teologiske seminaret som blir drive av ALEPH — felagskapet for Jewish Renewal. Skulen er i dag godkjent av det nordamerikanske National Council of Seminaries, som inkluderer leiarane av alle dei større nordamerikanske rabbinar- og ḥazzán-studieinstitusjonane. Seminaret har tre program: det rabbinske programmet, rabbinsk pastor-programmet og kantorprogrammet. Dean (dekan, administrativ ledar) for seminaret er Marcia Prager (2005).   Les meir …
Økokasjrút er læra om kva mat som er lovlig og etisk å eta ut frå både halakhá og ut frå eit breidare hensyn til økologi og berekraftig utvikling. Uttrykket økokasjrút vart først teke i bruk av Renewal-rabbinaren Zalman Schachter-Shalomi.   Les meir …

Ortodoks jødedom

5765 HaRav Baruch Gigi.JPG
Rabbinar Baruch Gigi (ברוך גיגי) er ein rosj jesjibá ved Yeshivat Har Etzion i Gush Etzion rett sørom Jerusalem. Baruch Gigi vart fødd i Marokko og immigrerte til Israel da han var elleve år gammel. Han studerte ved eit jesjibá-gymnas i Ḥefá (Haifa), og begynte så å studere ved Yeshivat Har Etzion i 1974. Han fikk semikhá som rabbinar frå Overrabbinatet i Israel, og han fikk òg ein BEd-grad frå Herzog College.   Les meir …
Aryeh Kaplan (19341983) var ein amerikansk ortodoks rabbinar og forfattar av opprinneleg osmansk-sefardisk bakgrunn som var kjent for den inngåande kunnskapen sin om både fysikk og kabbalá. Han var kjent som ein original tenkjar og produktiv forfattar — frå studiar kring Torá, Talmúd og mystikk til introduksjonspamflettar om jødisk tru og filosofi retta mot ikkje-religiøse og nylig-religiøse jødar. Verka hans blir rekna som ein vesentleg faktor i framveksten av bangal tesjubá-rørsla. Innanfor sefardisk jødedom blir han særleg hugsa for omsettinga til engelsk av Mengám longéz.   Les meir …


SKRIFTER: Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím)
Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedengót
Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ngarúkh · Thesouro dos Dinim · Mengám longéz
LÆRDOM talmúd Torá (grunnskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · yesjibá (seminar) · sjingúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) ·
SYMBOL tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple)
ESNOGAS:   esnoga (synagoge) · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minyán · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjaḥarít (morgongudsteneste) · musáf (tilleggsgudsteneste) · minḥá (ettermiddagsgudsteneste) · neʕilá  (avsluttande ettermiddagsgudsteneste (berre på kippúr)) · ʕarbít (kveldsgudsteneste)
Skandinavia: Den første esnogaen i København · Den portugisiske Nakskauer Menighed · Altona: K"K Newe Salom (1771–1882) · Hamburg: K"K Talmud Torah ( ? -1652) · K"K Bet Israel (1652–1842) · K"K Bet Israel (1855–1934) · K"K Bet Israel (1835–1940) · Øvrige Tyskland, Austerrike og Sveits: Der Türkische Tempel (Wien 1888–1938) · Balkan: Cahal Grande (București) · Cahal Chico (București) · Templul Sefard (Constanța) · Storbritannia: Creechurch Lane (1657–1701) · Bevis Marks (1701– ) · Nederlanda: K"K Talmud Torah (1639–1675) · K"K Talmud Torah (1675– ) · Nord- og Sør-Amerika:
SJABBÁT sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · Bendigamos al altísimo  · Ya komimos  · habdalá
HØGTIDER høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt haʕómer · lag laʕómer · sjabuʕót (vekkofesten, pinse) · tisjʕá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”)
LIVET:   Barndom: fødsel · milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidyón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente)
Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥájil (konfirmasjon av jente)
Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · jibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av yibbúm (leviratekteskap))
Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn)
Død og sorg: levayyá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj
MAT/DRIKKE: mat · kasjrút · sjeḥitá («schächting») · sjabbát · jom tób · pesaḥ
Bakverk: bimuelos (oljebollar) · borekas (børek) · boyos (bollos, bollar, inkl. gemberbolus) · jødekaker · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pan de sabbá (sjabbátbrød) · pittá (flatkaker) · roskas (anisbollar)
Middagsretter: bacalao (torsk med tomat og løk) · kodrero al horno (omnssteikt lammebog) · dolmas (yaprikas, fylte vinblad, kålrulettar) · falafel (friterte kikerterbollar) · ḥammín (dafina) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · huevos ḥaminados (langkokte egg) · ḥummus (kikerterstuing) · keftes de prasa (purrelappar) · mina de maṣṣá (flatbrød-pai) · pescado frito (fritert fisk) ·
MUSIKK: sefardisk
SPRÅK: hebraisk · arameisk · jødearabisk · portugisisk · kastiljansk (spansk) · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk)
RETNINGAR:   samaritansk · karaittisk ·
rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk
ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk