Esnoga.no:Hovudside

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 21. mars 2022 kl. 17:09 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb


Skandinavia

Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702, Raphael Jesurum i 1703 og Jacob Cohen og Jacob Franco i 1704. Alle desse var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore driven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år.   Les meir …
Moses Ruben Henriques 1757-1823 189.jpg
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utanfor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjennom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år.   Les meir …
Leon Lopez, òg skrive Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan føre Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.   Les meir …
Vi veit ikkje så mykje om norsk-jødisk historie føre 1851. I 1844 vart forbodet mot portugisarjødar i kongeriket Norge oppheva, og i 1851 vart òg forbodet mot asjkenaziske jødar oppheva ved grunnlovsendring. Da hadde det vore eit meir eller mindre totalt forbod mot jødar på norsk jord sidan 1814. Men føre 1814 var situasjonen ein litt annan: Etter loven hadde asjkenaziske (sentral- og austeuropeiske) jødar ikkje adgang til Norge — enten i det heile teke eller, i enkelte periodar, berre med leidebrev; men sefardiske (spanske/portugisiske) jødar trong ofte ikkje slike leidebrev — og i andre periodar kunne asjkenaziske jødar reise til Norge utan leidebrev òg. Denne sida er eit forsøk på å samle informasjon om desse fire punkta: Kva var den offisielle jødepolitikken? Kva skjedde i praksis? Fanst det jødar som hadde samband med Norge eller var i Norge i kortare eller lengre periodar? Sette dei i så fall spor etter seg som vi framleis kan sjå i dag?   Les meir …

Esnogas

Franz Reinhold 001.jpg
Der Türkische Tempel (ty.), eller Det tyrkiske tempelet, låg i Zirkusgasse 22 i 2. Wiener Gemeindebezirk Leopoldstadt. Han vart oppført i 18851887 i nymaurisk stil etter teikningar av arkitekten Hugo von Wiedenfeld og innvigd i 1888. Der Türkische Tempel var esnogaen for det sefardiske samfunnet i Wien fram til han vart rasert av austerrikske pøblar under Krystallnatta den 9. november 1938.   Les meir …
Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore driven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år.   Les meir …
Ein minyán (hebr. מִנְיָן eller מִנְיָין [minjān]) er i rabbinsk jødedom ei samling av minst ti jødar over bené miṣvá-alder samla i eitt rom (f.eks. i esnogaen) eller i ei gruppe utandørs. I Israel fram mot korsfarartida var skikken å rekne sju som minyán ifølgje Massekhet Soferím. Visse jødiske rituelle handlingar kan berre utførast i minyán — slik som resitering av Kaddísj og Barekhú i gudstenesta og inkludering av «Elohénu» i innleiinga til Birkat hammazón. Historisk sett har synet på inkludering av kvinner variert.   Les meir …

Symbol

Israel Batch 1 (155).JPG
Mezuzá (hebr. מְזוּזָה tyder eigentleg ‘dørkarm’. Mezuzáen har to deler: 1: ein keláf (pergament) med to handskrivne sitat frå 5. mosebok, og 2: ein liten avlang boks eller sylinder som vanlegvis er laga av metall, glass eller tre. Utanpå boksen står gjerne enten ש (sjin) eller שדיSjaddái — eitt av namna som blir brukt for å vise til Gud i jødedommen. Det er ein miṣvá frå Torá å ha mezuzót ved dørene og portane til jødiske heimar.   Les meir …
Sofar sef.png
Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utanom desse dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím bruker oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre, sauebukk); Italienske jødar og ein del sefardím bruker òg geitebukk. Témaním (yemenittiske jødar) bruker derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant somme sefardím blir det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt ein del bruka.   Les meir …
Picart (1725) Tefillin (cr).jpg
Tefillín (hebr. תְּפִלִּין [təfillīn]), òg kalla bønereimer på norsk, er namnet på to småe lêrboksar som inneheld blant anna bøna Sjemàʕ Jisraél og som blir bundne med lêrreimer i panna og på den eine overarmen under morgonbøna på vanlege kvardagar av tradisjonelle rabbinske jødar — enten berre av menn (vanlegast i ortodoks jødedom) eller òg av kvinner (vanleg i masorti jødedom og til dels òg i feministisk-ortodoks jødedom). Tefillín er lite utbreidd i rekonstruksjonistisk jødedom og dei ulike variantane av reformjødedom.   Les meir …

Rabbinarar

 

Mat

Cidro.jpg
Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitronnorsk, er ei veldig aromatisk, sitronliknande frukt i sitrusfamilien. Etróg er eitt av slaga i arbaʕá miním (dei fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten). I tillegg blir albedoen (det kvite området mellom ytterskalet og sjølve fruktkjøttet) bruka til å laga sukatar. I tidlegare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme for klede.   Les meir …
7859cr pepparkakor.jpg
Pepparkaker (nyn. peparkaker, peparkakor; sv. pepparkakor; bm. pepperkaker; da. peberkager) er ein sort tynne, sprøe kaker som får den krydra smaken sin frå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje alltid pepar. Frå tidleg på 1800-talet har pepparkaker særleg vorte assosiert med jula i Skandinavia, men dei blir etne i andre samanhengar og på andre tider av året òg. Den 9. desember er «pepparkakans dag» i Sverige. Den første dokumenterte bakinga og etinga av pepparkaker i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, trulig på Båhus festning på den daverande grensa mellom Norge og Sverige: Reknskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet mellom kong Magnus Eriksson av Sverige, Norge og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydeleg at dei baka pepparkaker.   Les meir …
8027cr sukatar.jpg
Ekte sukatar (gjennom fransk succade frå italiensk succada) er småe terningar av salta, gjæra og kandisert albedo av etróg (søtsitron, Citrus medica). I krigsgenerasjonen blir ofte sukat bruka som tilsetting i kringleer og julekake. I Norge blir sukatar produsert av Freia, som no blir eigd av det multinasjonale selskapet Kraft Foods. Ein billigare, men mindre velsmakande variant av sukat blir laga av graskar i staden for etróg. Det finst fleire ulike hypotesar om namnet «sukat», som heiter succadeengelsk, sukadenederlandsk og stundom Succade/Sukkade (men oftare Zitronat i moderne tid) på tysk. Ein hypotese er at namnet kjem frå latin succidus. Andre hypotesar er at namnet har opphav i arabisk سكر (/sukkar/, ‘sukker’). Den tredje hypotesen sett namnet i samband med hebraisk סֻכָּה (/sukkā/, ‘hytte’), ettersom frukta etróg, som sukatar blir produsert frå, blir bruka under den jødiske høgtida sukkót (lauvhyttefesten).   Les meir …

Musikk

Flory Jagoda 2002.jpg
Flory Jagoda (f. 21. desember 1923; d. 29. januar 2021) var ein sefardisk kvinneleg songar, gitarist og komponist som blant anna er kjent for å ha skrive songen «Ocho candelicas». Ho gav ut fire plater, den siste av dei i 2005. Flory (Floritza) Papo vart fødd inn i ein sefardisk familie i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina i det daverande Jugoslavia i 1923, men mora og stefaren flytta til Zagreb i Kroatia da ho var lita. Flory budde med bestemor si i to år føre ho flytta etter til Zagreb, der ho fikk formell musikkundervisning. Da det fascistiske ustaša-marionettregimet vart innsett av Nazi-Tyskland i 1941, kom det fort antisemittiske lovar. Familien flykta derifrå snart etter.   Les meir …
Bendigamos-illustrasjon.png
«Bendigamos al altísimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over same temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødarGibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon.   Les meir …
A shiviti, Denmark.png
Ein sjivvíti er ein mikrografisk presentasjon sentrert kring Tehillím 16:8 (שויתי יי לנגדי תמיד) og Tehillím 67 — den sistnemnte skrìven i form av ein menorá. Sjivvíti finst i ein del sefardiske, mizraḥiske og ḥasidiske siddurím for meditasjon over Namnet under morgongudstenesta. I mange austleg sefardiske og mizraḥiske synagogar markerer ein sjivvíti retninga mot Ereṣ Yisraél og Jerusalem. Sjivvítien blir òg ein del bruka til å markere bøneretninga i sefardiske og mizraḥiske heimar.   Les meir …

Forfattarar, komponistar og musikarar

Emanuel-at-piano.jpg
Emanuel Aguilar (18241904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 av foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror til Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien til det portugisarjødiske samfunnet i England.   Les meir …
Elisabeth Jerichau Baumann Robert Henriques 1876-78 51,5 x 42,0 cm.jpg
Robert Martin Henriques (fødd 14. december 1858 i København; død 29. desember 1914Frederiksberg) var ein dansk cellist, musikkanmeldar og komponist. Han var i slekt med med violinisten og komponisten Fini Henriques. I barndomsheimen kom fleire av dei mest framtredande musikkpersonane på den tida, bl.a. Edvard Grieg og Anton Rubinstein. Robert Henriques studerte cello hos Fritz Bendix og Franz Neruda og seinare i Tyskland hos Friedrich Grützmacher og David Popper, og i musikkteori av Edmund Kretschmer.   Les meir …
Maurice Abravanel (19031993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og for framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i same huset som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement i lag med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapelig oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich.   Les meir …

Språk

Bammidbar (beg.) nordafrikansk-sefardisk handskr., ca 1400.jpg
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skrìve med det hebraiske alfabetet.   Les meir …
Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …
El Avenir.jpg
Djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanyol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanyol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Kunst og handverk

Amedeo Modigliani 1918.jpg
Amedeo Modigliani, fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike, var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teiknar. Modigliani var det fjerde og yngste barnet til Flaminio Modigliani og Eugenia Garsin. Heimbyen hadde ei stor jødisk befolkning, og han vart fødd inn i ein opprinneleg velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar. I 1895, elleve år gammal, vart han ramma av lungehinnebetennelse, og da han var fjorten fikk han tyfus. I 16-årsalderen fikk han lungehinnebetennelse att og pådrog seg òg tuberkulose. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å begynna å måle, og mor hans ordna det slik at han fikk studere med landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno.   Les meir …
Samuel Jessurun de Mesquita (1868-1944).jpg
Samuel Jessurun de Mesquita (f. 6. juni 1868 i Amsterdam; d. 1944 i Auschwitz) var ein høgt respektert grafisk kunstnar frå Amsterdam som blant anna var lærar for den kjente kunstnaren M.C. Escher (1898–1972). I åra etter andre verdskrigen, da han og heile familien hans vart myrda av nazistane, vart de Mesquita og kunsten hans meir eller mindre glømt. Takka vere Escher, som rekna honom som både mentor og ven, har namnet hans trass alt vorte hugsa, og kunsten hans er i ferd med å komma fram i lyset att.   Les meir …
Sally, Rose and Jorikka Henriques by Julius Jacobsen.jpg
Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques. Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (17711846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (17851857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg.   Les meir …

Masorti jødedom

Sinagoga Neologa Oradea.jpg
Masorti jødedom eller konservativ jødedom er ei retning av jødedommen som ligg mellom ortodoks jødedom og progressiv jødedom. Masorti jødedom har til felles med ortodoks jødedom at halakhá blir sett på som absolutt bindande for det jødiske folket. Hovudskilnaden mellom desse to retningane går dermed meir på korleis ein avgjer kva som er halakhá enn kor viktig halakhá er. I masorti jødedom legg ein relativt stor vekt på den noko meir fleksible/variable læra til risjoním (dei rabbinske autoritetane frå 1000-talet til først på 1500-talet), medan tendensen i ortodoks jødedom er å legge meir vekt på de meir fast kodifiserte aḥaroním — dei rabbinske autoritetane som levde etter at boka Sjulḥán ʕarúkh kom på 1500-talet.   Les meir …
Ann-Gaëlle Attias er ein fransk-sefardisk kvinneleg rabbinar av marokkansk-jødisk bakgrunn. Tidlegare har ho arbeidd som journalist. Ho studerte ved Zacharias Frankel College ved Universität Potsdam der ho fikk semikhá i alder av 48 år søndag den 23. oktober 2022 som den 6. kvinnelege rabbinaren frå Frankrike. Samtidig fekk to andre semikhá: Irene Miriam Muzas Calpe frå Barcelona og Andrés Bruckner frå Columbia. Dette var for øvrig dei tre første rabbinske ordinasjonane i Brandenburg sidan 2. verdskrigen. Ho er tilsett som leiar for Association des Juifs Libéraux de Toulouse i Toulouse.   Les meir …

Progressiv jødedom

Abraham Geiger.jpg
Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av leiarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særleg trua på at jødane er det utvelte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ein religion i utvikling og endring.   Les meir …
Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (PJN) var ein sosial og kulturell ḥaburá for egalitær jødedom i Oslo. PJN definerte seg som egalitær i forhold til både kjønn og legning og var open for alle som kjente seg tilknytt til jødedom og ville vera med, uavhengig av om dei var jødiske eller ikkje. Hovudaktiviteten var sjabbátmiddag som spleiselag siste fredag i kvar månad. I tillegg vart det arrangert samlingar i samband med jødiske høgtider og merkedagar.   Les meir …

Ortodoks jødedom

Aryeh Kaplan Potrait.jpg
Aryeh Kaplan (19341983) var ein amerikansk ortodoks rabbinar og forfattar av opprinneleg osmansk-sefardisk bakgrunn som var kjent for den inngåande kunnskapen sin om både fysikk og kabbalá. Han var kjent som ein original tenkjar og produktiv forfattar — frå studiar kring Torá, Talmúd og mystikk til introduksjonspamflettar om jødisk tru og filosofi retta mot ikkje-religiøse og nylig-religiøse jødar. Verka hans blir rekna som ein vesentleg faktor i framveksten av baʕal tesjubá-rørsla. Innanfor sefardisk jødedom blir han særleg hugsa for omsettinga til engelsk av Meʕám loʕéz.   Les meir …
Ortodoks jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem for det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særleg lagt vekt på kasjrút (matforskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahoràt hammisjpaḥá (rituell reinheit i ekteskapet). I hovudtrekk inneber ortodoks jødedom òg et restriktivt syn på kol isjá (kvinnestemmer), zimmún/minyán (teljing av religiøst myndige jødar), kvinner og tallét/tefillín og meḥiṣṣá (skilje mellom manns- og kvinneavdelingar i synagogen, og stundom i andre samanhengar); men i desse spørsmåla er det noko variasjon i den liberale enden av spekteret.   Les meir …


SKRIFTER: Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím)
Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedeʕót
Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ʕarúkh · Thesouro dos Dinim · Meʕám loʕéz
LÆRDOM talmúd Torá (grunnskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · yesjibá (seminar) · sjiʕúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) ·
SYMBOL tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple)
ESNOGAS:   esnoga (synagoge) · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minyán · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjaḥarít (morgongudsteneste) · musáf (tilleggsgudsteneste) · minḥá (ettermiddagsgudsteneste) · neʕilá  (avsluttande ettermiddagsgudsteneste (berre på kippúr)) · ʕarbít (kveldsgudsteneste)
Skandinavia: Den første esnogaen i København · Den portugisiske Nakskauer Menighed · Altona: K"K Newe Salom (1771–1882) · Hamburg: K"K Talmud Torah ( ? -1652) · K"K Bet Israel (1652–1842) · K"K Bet Israel (1855–1934) · K"K Bet Israel (1835–1940) · Øvrige Tyskland, Austerrike og Sveits: Der Türkische Tempel (Wien 1888–1938) · Balkan: Cahal Grande (București) · Cahal Chico (București) · Templul Sefard (Constanța) · Storbritannia: Creechurch Lane (1657–1701) · Bevis Marks (1701– ) · Nederlanda: K"K Talmud Torah (1639–1675) · K"K Talmud Torah (1675– ) · Nord- og Sør-Amerika:
SJABBÁT sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · Bendigamos al altísimo  · Ya komimos  · habdalá
HØGTIDER høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt haʕómer · lag laʕómer · sjabuʕót (vekefesten, pinse) · tisjʕá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”)
LIVET:   Barndom: fødsel · milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidyón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente)
Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥáyil (konfirmasjon av jente)
Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · yibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av yibbúm (leviratekteskap))
Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn)
Død og sorg: levayyá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj
MAT/DRIKKE: mat · kasjrút · sjeḥitá («schächting») · sjabbát · jom tób · pesaḥ
Bakverk: bimuelos (oljebollar) · borekas (børek) · boyos (bollos, bollar, inkl. gemberbolus) · jødekaker · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pan de sabbá (sjabbátbrød) · pittá (flatkaker) · roskas (anisbollar)
Middagsretter: aroz amariyo (gul ris) · aroz kon tomat (tomatris) · bacalao (torsk med tomat og løk) · kodrero al horno (omnssteikt lammebog) · dolmas (yaprikas, fylte vinblad, kålrulettar) · falafel (friterte kikerterbollar) · ḥammín (dafina) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · huevos ḥaminados (langkokte egg) · ḥummus (kikerterstuing) · keftes de prasa (purrelappar) · mina de maṣṣá (flatbrød-pai) · pescado frito (fritert fisk) ·
MUSIKK: sefardisk
SPRÅK: hebraisk · arameisk · jødearabisk · portugisisk · kastiljansk (spansk) · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk)
RETNINGAR:   samaritansk · karaittisk ·
rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk
ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk