Esnoga.no:Hovudside
Frå Esnoga.no
Esnoga.no er ein skandinavisk nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 569 artiklar og 652 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg. Esnoga.no es un recurso web escandinavo para la religión, los idiomas y la cultura de los sefaradim. Hasta ahora hay 569 páginas y 652 imágenes y otros archivos multimedia aquí, y hay más en camino. Esnoga.no is a Scandinavian web resource for Sephardi religion, languages and culture. Thus far, Esnoga.no has 569 pages and 652 pictures and other media files, and more are on their way.
| |||||||||||||||||||||||
Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702, Raphael Jesurum i 1703 og Jacob Cohen og Jacob Franco i 1704. Alle desse var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen. Les meir … Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske aviser fleire gonger i 1840-åra. Les meir … Leon Lopez, òg skrive Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan føre Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket. Les meir …
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinneleg kom frå Hamburg. Han er nemnt i folketeljinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande. I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamburg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph døydde den 25. mai 1900. Les meir … Vi veit ikkje så mykje om norsk-jødisk historie føre 1851. I 1844 vart forbodet mot portugisarjødar i kongeriket Norge oppheva, og i 1851 vart òg forbodet mot asjkenaziske jødar oppheva ved grunnlovsendring. Da hadde det vore eit meir eller mindre totalt forbod mot jødar på norsk jord sidan 1814. Men føre 1814 var situasjonen ein litt annan: Etter loven hadde asjkenaziske (sentral- og austeuropeiske) jødar ikkje adgang til Norge — enten i det heile teke eller, i enkelte periodar, berre med leidebrev; men sefardiske (spanske/portugisiske) jødar trong ofte ikkje slike leidebrev — og i andre periodar kunne asjkenaziske jødar reise til Norge utan leidebrev òg. Denne sida er eit forsøk på å samle informasjon om desse fire punkta: Kva var den offisielle jødepolitikken? Kva skjedde i praksis? Fanst det jødar som hadde samband med Norge eller var i Norge i kortare eller lengre periodar? Sette dei i så fall spor etter seg som vi framleis kan sjå i dag? Les meir …
Kahal Kados Bet Israel i Zweite Marktstraße 6 (seinare Marcusstraße) i Hamburg vart bygd av den jødiske arkitekten Abraham (Albert) Rosengarten (1810–1893) etter at den gamle esnogaen i Alter Wall brann ned i 1842. Esnogaen i Zweite Marktstraße vart innvigd i 1855 og var i bruk fram til 1934, da han vart selt til det asjkenaziske Deutsch-Israelitischen Gemeinde. Utvendig hadde esnogaen treetasjes trapptrinnsmøne i ei slags 1800-talsutgåve av austersjøgotikk. Interiøret var nyromansk med sterke nymauriske innslag. Den portugisarjødiske menigheita flytta inn i esnogaen i Innocentiastraße i 1935. Les meir … Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore driven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år. Les meir …
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkene). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk. Les meir …
Ein tallét, fleirtal talletót, (hebr. טַלֵּית [ṭallēt] (klassisk), טְלִית [ṭəlīθ] (yemenittisk) el. טַלִּית [ṭallīt] (moderne israelsk)) er eit jødisk bønesjal med ein spesiell dusk, ṣiṣít, i kvart av de fire hjørna. Når vi knyter ṣiṣít, så består «kjernen» av lange trådar (snorer), som helst er laga av ull. Desse trådane (sju av dei) blir sikra av ein lengre tråd (den åttande) som blir vikla kring dei andre og knytt på visse måtar. Vi grupperer knutane ved at vi legg ein eller to ekstra knutar/dobbeltknutar etter dei. Les meir …
Mezuzá (hebr. מְזוּזָה tyder eigentleg ‘dørkarm’. Mezuzáen har to deler: 1: ein keláf (pergament) med to handskrivne sitat frå 5. mosebok, og 2: ein liten avlang boks eller sylinder som vanlegvis er laga av metall, glass eller tre. Utanpå boksen står gjerne enten ש (sjin) eller שדי — Sjaddái — eitt av namna som blir brukt for å vise til Gud i jødedommen. Det er ein miṣvá frå Torá å ha mezuzót ved dørene og portane til jødiske heimar. Les meir …
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkene). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk. Les meir …
Ḥaróset (hebr. חֲרֽוֹסֶת ḥă'rōset) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettene under den jødiske haggadáen på dei to første kveldane av pesaḥ (den jødiske påska). Ḥaróseten symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt. Les meir …
Aroz amariyo (djudeospanyol), arroz amarillo (kastiljansk) eller gul ris er ein tradisjonell matrett, blant sefardím og i generell matkultur frå Sentral-Asia og Indonesia via Middelhavet til Latin-Amerika og Sør-Afrika. For å gjera risen gul blir det vanlegvis brukt enten safran, gurkemeie eller annatto. Les meir …
Guevos ḥaminados (djudeospanyol) eller huevos ḥaminados (kastiljansk) er egg som har vore trekt i mange timar — enten i ḥammín eller for seg sjølv med løkskrell og ofte litt kaffe eller te i vatnet. Guevos ḥaminados er ein klassisk sefardisk matrett for både sjabbát og pesaḥ og kan serverast varme eller kalde. Les meir …
Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utanom desse dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím bruker oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre, sauebukk); Italienske jødar og ein del sefardím bruker òg geitebukk. Témaním (yemenittiske jødar) bruker derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant somme sefardím blir det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt ein del bruka. Les meir …
«El Dio alto» er ein tradisjonell osmansk-sefardisk song som tradisjonelt blir sungen i samband med habdalá ved utgangen av sjabbát etter solnedgang på laurdag. Det er to hovudmelodiar — ein viseaktig melodi som vart brukt i Salonica og ein meir melismatisk melodi som blant anna er tradisjonell blant tyrkiske jødar. Den sistnemnte melodien blir òg brukt på ʕereb kippúr. Les meir …
Tehillím 92, eller «Mizmór sjir leyóm hasjabbát», blir sungen som del av ʕarbít på fredagskvelden og markerer det punktet i gudstenesta at menn ifølgje Sjulḥán ʕarúkh (Óraḥ ḥayyím 261:4) tek på seg sjabbátkvila, enda om det skulle vera føre solnedgang. I fredagskveldsgudstenesta kjem «Mizmór sjir leyóm hasjabbát» etter «Lekhá dodí» og føre Tehillím 93 («Adonái malákh, geút labésj»). Les meir …
Emanuel Aguilar (1824–1904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 av foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror til Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien til det portugisarjødiske samfunnet i England. Les meir …
Robert Martin Henriques (fødd 14. december 1858 i København; død 29. desember 1914 på Frederiksberg) var ein dansk cellist, musikkanmeldar og komponist. Han var i slekt med med violinisten og komponisten Fini Henriques. I barndomsheimen kom fleire av dei mest framtredande musikkpersonane på den tida, bl.a. Edvard Grieg og Anton Rubinstein. Robert Henriques studerte cello hos Fritz Bendix og Franz Neruda og seinare i Tyskland hos Friedrich Grützmacher og David Popper, og i musikkteori av Edmund Kretschmer. Les meir … Maurice Abravanel (1903–1993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og for framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i same huset som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement i lag med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapelig oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich. Les meir …
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skrìve med det hebraiske alfabetet. Les meir …
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar. Les meir …
Djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanyol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanyol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding. Les meir …
Camille Pissarro (1830–1903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar av portugisarjødisk slekt. Camille Pissarro vart fødd den 10. juli 1830 i Charlotte Amalie på St. Thomas i daverande Dansk Vestindia av foreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein portugisarjøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammal, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vendte tilbake til St. Thomas for å få opplæring i forretninga til faren. På den tida bruka han all fritida til teikning. I 1852 reiste han til Venezuela i lag med med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytta han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Jean-Baptiste Camille Corot. Les meir … David Abraham Bueno de Mesquita (23. mars 1889—12. desember 1962) var ein nederlandsk-sefardisk figurativ bildekunstnar som hovudsakleg arbeidde med kunstmåleri og grafikk. David Abraham Bueno de Mesquita vart fødd i Amsterdam den 23. mars 1889 av foreldra Rebecca Lopes de Leao de Laguna og Jacob Bueno de Mesquita. Frå ca 1906 studerte han ved Rijksnormaalschool voor tekenleraren i heimbyen, og deretter ved Akademie voor Beeldende Kunsten same staden i tida 1909–1913. Etter at han i 1913 mottok Prix de Rome for bildet «Jacob herkent het bebloede kleed van zijn zoon» (‘Jakob kjenner att den utblødde kappa til sonen sin’), flytta han i 1914 til Roma og budde der ei tid. Les meir …
Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques. Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (1771–1846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (1785–1857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg. Les meir …
Masorti jødedom eller konservativ jødedom er ei retning av jødedommen som ligg mellom ortodoks jødedom og progressiv jødedom. Masorti jødedom har til felles med ortodoks jødedom at halakhá blir sett på som absolutt bindande for det jødiske folket. Hovudskilnaden mellom desse to retningane går dermed meir på korleis ein avgjer kva som er halakhá enn kor viktig halakhá er. I masorti jødedom legg ein relativt stor vekt på den noko meir fleksible/variable læra til risjoním (dei rabbinske autoritetane frå 1000-talet til først på 1500-talet), medan tendensen i ortodoks jødedom er å legge meir vekt på de meir fast kodifiserte aḥaroním — dei rabbinske autoritetane som levde etter at boka Sjulḥán ʕarúkh kom på 1500-talet. Les meir … Ann-Gaëlle Attias er ein fransk-sefardisk kvinneleg rabbinar av marokkansk-jødisk bakgrunn. Tidlegare har ho arbeidd som journalist. Ho studerte ved Zacharias Frankel College ved Universität Potsdam der ho fikk semikhá i alder av 48 år søndag den 23. oktober 2022 som den 6. kvinnelege rabbinaren frå Frankrike. Samtidig fekk to andre semikhá: Irene Miriam Muzas Calpe frå Barcelona og Andrés Bruckner frå Columbia. Dette var for øvrig dei tre første rabbinske ordinasjonane i Brandenburg sidan 2. verdskrigen. Ho er tilsett som leiar for Association des Juifs Libéraux de Toulouse i Toulouse. Les meir …
Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion, òg kjent som HUC eller HUC-JIR, er det eldste rabbinske seminaret i Nord- og Sør-Amerika og det viktigaste seminaret for utdanning av rabbinarar, kantorar, lærarar og menigheitsarbeidarar i progressiv jødedom. Det vart grunnlagt i 1875 under ledelse av rabbinar Isaac Mayer Wise i Cincinnati i Ohio i USA. I 1950 fikk skulen ei avdeling i New York City etter ihopslåing med Jewish Institute of Religion, og seinare vart òg andre avdelingar lagt til i Los Angeles (1954) og Jerusalem (1963). Les meir … Rabbi Marcia Prager er ein lærar, fortelar, kunstnar, terapeut og rabbinar med ordinasjon frå Reconstructionist Rabbinical College og personlig semikhá frå Zalman Schachter-Shalomi som er blant de mest sentrale aktørane i jødisk fornyingsrørsla i dag. Ho er dean (administrativ leiar) av the ALEPH Ordination Programs, det desentraliserte rabbinar- og ḥazzánseminaret til fornyingsrørsla. Les meir …
Rabbinar Baruch Gigi (ברוך גיגי) er ein rosj yesjibá ved Yeshivat Har Etzion i Gush Etzion rett sørom Jerusalem. Baruch Gigi vart fødd i Marokko og immigrerte til Israel da han var elleve år gammal. Han studerte ved eit yesjibá-gymnas i Ḥefá (Haifa), og begynte så å studere ved Yeshivat Har Etzion i 1974. Han fikk semikhá som rabbinar frå Overrabbinatet i Israel, og han fikk òg ein BEd-grad frå Herzog College. Les meir …
Aryeh Kaplan (1934–1983) var ein amerikansk ortodoks rabbinar og forfattar av opprinneleg osmansk-sefardisk bakgrunn som var kjent for den inngåande kunnskapen sin om både fysikk og kabbalá. Han var kjent som ein original tenkjar og produktiv forfattar — frå studiar kring Torá, Talmúd og mystikk til introduksjonspamflettar om jødisk tru og filosofi retta mot ikkje-religiøse og nylig-religiøse jødar. Verka hans blir rekna som ein vesentleg faktor i framveksten av baʕal tesjubá-rørsla. Innanfor sefardisk jødedom blir han særleg hugsa for omsettinga til engelsk av Meʕám loʕéz. Les meir …
|
| ||||||||||||||||||||||
|