Esnoga.no:Hovudside

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 30. desember 2021 kl. 17:21 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

Franz Reinhold 001.jpg
Esnoga.no er ein skandinavisk nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 569 artiklar og 652 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Esnoga.no es un recurso web escandinavo para la religión, los idiomas y la cultura de los sefaradim. Hasta ahora, hay 569 páginas y 652 imágenes y otros archivos multimedia aquí, y hay más en camino.

Esnoga.no is a Scandinavian web resource for Sephardi religion, languages and culture. Thus far, Esnoga.no has 569 pages and 652 pictures and other media files, and more are on their way.

Skandinavia

Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702, Raphael Jesurum i 1703 og Jacob Cohen og Jacob Franco i 1704. Alle desse var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske aviser fleire gonger i 1840-åra.   Les meir …
Leon Lopez, òg skrive Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan føre Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.   Les meir …
Adolph de Lemos (1897).jpg
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinneleg kom frå Hamburg. Han er nemnt i folketeljinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande. I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamburg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph døydde den 25. mai 1900.   Les meir …
Vi veit ikkje så mykje om norsk-jødisk historie føre 1851. I 1844 vart forbodet mot portugisarjødar i kongeriket Norge oppheva, og i 1851 vart òg forbodet mot asjkenaziske jødar oppheva ved grunnlovsendring. Da hadde det vore eit meir eller mindre totalt forbod mot jødar på norsk jord sidan 1814. Men føre 1814 var situasjonen ein litt annan: Etter loven hadde asjkenaziske (sentral- og austeuropeiske) jødar ikkje adgang til Norge — enten i det heile teke eller, i enkelte periodar, berre med leidebrev; men sefardiske (spanske/portugisiske) jødar trong ofte ikkje slike leidebrev — og i andre periodar kunne asjkenaziske jødar reise til Norge utan leidebrev òg. Denne sida er eit forsøk på å samle informasjon om desse fire punkta: Kva var den offisielle jødepolitikken? Kva skjedde i praksis? Fanst det jødar som hadde samband med Norge eller var i Norge i kortare eller lengre periodar? Sette dei i så fall spor etter seg som vi framleis kan sjå i dag?   Les meir …

Esnogas

Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore driven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år.   Les meir …
Cahal Grande.jpg
Cahal Grande (קהל גראנדי), òg kjent som Marele templu sefard Cahal Grande og Templul Mare Spaniol, låg i stradă Negru Vodă nr. 12 i București i Romania. Esnogaen vart bygd i 1818 og vart rekna som ei av dei vakraste jødiske bygningane i București. Bygninga vart ombygd i 1889 etter planene til Grigore Cerchez, og i 1891 vart eit pipeorgel teke i bruk. I 1941 vart esnogaen øydelagt av dei høgreekstreme Garda de Fier, men etter andre verdskrigen vart han oppattbygd. I 1985 vart begge sefardiske esnogas i București, Cahal Grande og Cahal Chico, rivne av Ceaușescu-regimet for å gje plass til den nye hovudgata Bulevardul Unirii.   Les meir …
Ein minyán (hebr. מִנְיָן eller מִנְיָין [minjān]) er i rabbinsk jødedom ei samling av minst ti jødar over bené miṣvá-alder samla i eitt rom (f.eks. i esnogaen) eller i ei gruppe utandørs. I Israel fram mot korsfarartida var skikken å rekne sju som minyán ifølgje Massekhet Soferím. Visse jødiske rituelle handlingar kan berre utførast i minyán — slik som resitering av Kaddísj og Barekhú i gudstenesta og inkludering av «Elohénu» i innleiinga til Birkat hammazón. Historisk sett har synet på inkludering av kvinner variert.   Les meir …
EsnogaAmsterdamTebah.jpg
Esnogaen i Amsterdam eller Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Torah (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam).   Les meir …

Symbol

Yad IMG 1135.jpg
Ein puntero (sp./jød.sp., ‘pekar, pekestokk’; pl. punteros), òg skrive ponteiro (pt.; pl. ponteiros), eller ein yad (pl. yadím; frå hebr. יד, ‘hand’) er ein pekestokk som tradisjonelt blir bruka til å følgje teksten med når ein les frå Toráen. Punteroen blir bruka for å unngå å røre sjølve pergamentet i seferen, ettersom det ikkje absorberer blekk, slik at bokstavane lett blir øydelagt ved fingerkontakt. Punteroen kan vera laga av sølv (vanlegast), tinn, tre eller andre materialar og er oftast forma som ei meir eller mindre realistisk hand (arm) med ein pekande pekefinger.   Les meir …
C37600 tallet.jpg
Ein ṣiṣít (hebr. צִיצִת el. צִיצִית [ṣīṣīt]; fleirtal ṣiṣiyyót), òg skrive tsitsit og tzitzit, er ei hjørnefrynse på ein tallét (bønesjal). Fram til kring 600- til 800-talet hadde ṣiṣiyyót, som generelt er kvite, éin tråd farga med det blåe fargestoffet tekhélet. Etter den tid er tilverkingsmåten for tekhélet vorte glømt, og hovudsynet i rabbinsk jødedom er at ein ikkje kan bruke andre fargestoff for blåfargen i ṣiṣiyyót enn den originale tekhélet. Det er derfor vanlegast i nyare tid å sjå einsfarga kvite ṣiṣiyyót. I 1913 erklærte r. Isaac Herzog at den mest sannsynlege kjelda til historisk tekhélet var purpursnegelen Murex trunculus, sjølv om det på den tida ikkje fanst nokon kjent prosess som resulterte i blå pigmentering frå den kjelda. I 1980 oppdaga prof. Otto Elsner i Israel at sekret frå Murex trunculus farga ull indigoblå om fargeprosessen skjedde i sterkt sollys.   Les meir …
Picart (1725) Tefillin (cr).jpg
Tefillín (hebr. תְּפִלִּין [təfillīn]), òg kalla bønereimer på norsk, er namnet på to småe lêrboksar som inneheld blant anna bøna Sjemàʕ Jisraél og som blir bundne med lêrreimer i panna og på den eine overarmen under morgonbøna på vanlege kvardagar av tradisjonelle rabbinske jødar — enten berre av menn (vanlegast i ortodoks jødedom) eller òg av kvinner (vanleg i masorti jødedom og til dels òg i feministisk-ortodoks jødedom). Tefillín er lite utbreidd i rekonstruksjonistisk jødedom og dei ulike variantane av reformjødedom.   Les meir …
A shiviti, Denmark.png
Ein sjivvíti er ein mikrografisk presentasjon sentrert kring Tehillím 16:8 (שויתי יי לנגדי תמיד) og Tehillím 67 — den sistnemnte skrìven i form av ein menorá. Sjivvíti finst i ein del sefardiske, mizraḥiske og ḥasidiske siddurím for meditasjon over Namnet under morgongudstenesta. I mange austleg sefardiske og mizraḥiske synagogar markerer ein sjivvíti retninga mot Ereṣ Yisraél og Jerusalem. Sjivvítien blir òg ein del bruka til å markere bøneretninga i sefardiske og mizraḥiske heimar.   Les meir …

Rabbinarar

 

Retningar

 

Masorti jødedom

Rabbinar Amy Eilberg (f. 12. oktober 1954) vart i 1985 den første kvinna som vart ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America, det viktigaste rabbinske seminaret innanfor masorti jødedom. Ho var den første kvinna som vart medlem av Rabbinical Assembly sin Committee on Jewish Law and Standards i 1986. Fram til 2004 hadde JTS ordinert over 150 kvinnelige rabbinarar og Ziegler School of Rabbinic Studies hadde ordinert kring 30.   Les meir …
Ann-Gaëlle Attias er ein fransk-sefardisk kvinneleg rabbinar av marokkansk-jødisk bakgrunn. Tidlegare har ho arbeidd som journalist. Ho studerte ved Zacharias Frankel College ved Universität Potsdam der ho fikk semikhá i alder av 48 år søndag den 23. oktober 2022 som den 6. kvinnelege rabbinaren frå Frankrike. Samtidig fekk to andre semikhá: Irene Miriam Muzas Calpe frå Barcelona og Andrés Bruckner frå Columbia. Dette var for øvrig dei tre første rabbinske ordinasjonane i Brandenburg sidan 2. verdskrigen. Ho er tilsett som leiar for Association des Juifs Libéraux de Toulouse i Toulouse.   Les meir …

Mat

 

Musikk

Sofar sef.png
Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utanom desse dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím bruker oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre, sauebukk); Italienske jødar og ein del sefardím bruker òg geitebukk. Témaním (yemenittiske jødar) bruker derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant somme sefardím blir det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt ein del bruka.   Les meir …
Spanish Synagogue Prague CZ 02.jpg
Eit pipeorgel (nyn./bm., sv. piporgel, da. pibeorgel) er eit tangentinstrument der tonane blir frambrakt av luft som blir pressa gjenom piper av tre eller metall — enten ved spalteblåsing på same viset som på blokkfløyte eller med rørblad på liknande vis som klarinett. Kvar pipe kan gje éi tonehøgd, og eitt sett av éi pipe per tangent i heile omfanget blir kalla ein stemme. Pipeorgela har vanlegvis mange stemmar med ulik klangfarge, tonehøgd og styrke som kan brukast enkeltvis eller i kombinasjon med hjelp av registertrekk. Det kan vera éin eller fleire manualar (tangentrekkjer), og mange orgel har ei pedalrekkje òg. Pipeorgel er oftast store instrument som er fast plassert i bygningar. I nyare tid er pipeorgel vanlegast i kyrkjer, men dei blir òg bruka i ein del esnogas (synagogar) og konsertsalar. Repertoaret inkluderer religiøs og verdsleg musikk. Ein person som spelar på pipeorgel blir oftast kalla organist.   Les meir …
Bendigamos-illustrasjon.png
«Bendigamos al altísimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over same temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødarGibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon.   Les meir …

Forfattarar, komponistar og musikarar

Emanuel-at-piano.jpg
Emanuel Aguilar (18241904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 av foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror til Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien til det portugisarjødiske samfunnet i England.   Les meir …
Elisabeth Jerichau Baumann Robert Henriques 1876-78 51,5 x 42,0 cm.jpg
Robert Martin Henriques (fødd 14. december 1858 i København; død 29. desember 1914Frederiksberg) var ein dansk cellist, musikkanmeldar og komponist. Han var i slekt med med violinisten og komponisten Fini Henriques. I barndomsheimen kom fleire av dei mest framtredande musikkpersonane på den tida, bl.a. Edvard Grieg og Anton Rubinstein. Robert Henriques studerte cello hos Fritz Bendix og Franz Neruda og seinare i Tyskland hos Friedrich Grützmacher og David Popper, og i musikkteori av Edmund Kretschmer.   Les meir …
Hesqui.jpg
Abraham de Casseres, òg skrive Abraham de Cáceres, var ein portugisarjødisk musikar som levde i Nederland tidleg på 1700-talet. Første gong vi hører om honom er i 1718. Frå 1720 til 1740 var han komponist for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han sette blant anna musikk til fleire av dikta av Moses Hayyim Luzzatto. Av verk etter honom kjenner vi blant anna kantaten Hesqui hesqui, som han komponerte i 1725 til ein tekst av Ishac Aboab da Fonseca for simḥàt Torá.   Les meir …

Språk

Bammidbar (beg.) nordafrikansk-sefardisk handskr., ca 1400.jpg
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skrìve med det hebraiske alfabetet.   Les meir …
Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …
El Avenir.jpg
Djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanyol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanyol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Kunst

Amedeo Modigliani 1918.jpg
Amedeo Modigliani, fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike, var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teiknar. Modigliani var det fjerde og yngste barnet til Flaminio Modigliani og Eugenia Garsin. Heimbyen hadde ei stor jødisk befolkning, og han vart fødd inn i ein opprinneleg velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar. I 1895, elleve år gammal, vart han ramma av lungehinnebetennelse, og da han var fjorten fikk han tyfus. I 16-årsalderen fikk han lungehinnebetennelse att og pådrog seg òg tuberkulose. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å begynna å måle, og mor hans ordna det slik at han fikk studere med landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno.   Les meir …
Sally, Rose and Jorikka Henriques by Julius Jacobsen.jpg
Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques. Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (17711846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (17851857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg.   Les meir …
Marie Henriques self-portrait.png
Marie Henriques (fødd 26. juni 1866 på Petershøj i Klampenborg i Danmark; død 12. januar 1944 på Montebello i Helsingør i Danmark) var ein dansk portugisarjødisk målar. Marie Henriques var dotter av vekselmeklar Martin Henriques og Therese Abrahamson. Marie Henriques tok privattimar tre vintrar hos Frants Henningsen. I 1888 bekosta faren eit halvt års opphald i Paris, kor ho hadde timar den belgisk-franske målaren Alfred Stevens, den norske målaren Christian Krohg og den franske målaren Othon Friesz. Same året oppretta det danske Kunstakademiet endeleg Kunstakademiets Kunstskole for Kvinder, og ho vart elev i det første kullet der med Viggo Johansen som lærar. Ho fullførte studia der i 1893.   Les meir …

Progressiv jødedom

Rabbin Gabriel Farhi.jpg
Gabriel Farhi (f. 1968) er ein liberal rabbinar av osmansk-sefardisk slekt frå Frankrike. Gabriel Farhi vart fødd den 25. mai 1968 som son av rabbinar Daniel Farhi. Han studerte ved det rabbinske seminaret Leo Baeck College i London og vart ordinert som rabbinar der i 1996. Til daglig arbeider han som rabbinar i synagogen i rue Gaston de Caillavet i 15ème arrondissement i Paris og som sjukehusrabbinar ved l’Hôpital européen Georges-Pompidou i Paris. Han er òg ein av de tre rabbinarane som ledar Mouvement Juif Libéral de France (‘den liberale jødiske rørsla i Frankrike’).   Les meir …
ALEPH Ordination Programs, eller ‘ALEPH ordinasjonsprogram’ på norsk, er namnet på det desentraliserte teologiske seminaret som blir drive av ALEPH — felagskapet for Jewish Renewal. Skulen er i dag godkjent av det nordamerikanske National Council of Seminaries, som inkluderer leiarane av alle dei større nordamerikanske rabbinar- og ḥazzán-studieinstitusjonane. Seminaret har tre program: det rabbinske programmet, rabbinsk pastor-programmet og kantorprogrammet. Dean (dekan, administrativ ledar) for seminaret er Marcia Prager (2005).   Les meir …

SKRIFTER: Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím)
Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedeʕót
Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ʕarúkh · Thesouro dos Dinim · Meʕám loʕéz
LÆRDOM talmúd Torá (grunnskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · yesjibá (seminar) · sjiʕúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) ·
SYMBOL tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple)
ESNOGAS:   esnoga (synagoge) · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minyán · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjaḥarít (morgongudsteneste) · musáf (tilleggsgudsteneste) · minḥá (ettermiddagsgudsteneste) · neʕilá  (avsluttande ettermiddagsgudsteneste (berre på kippúr)) · ʕarbít (kveldsgudsteneste)
Skandinavia: Den første esnogaen i København · Den portugisiske Nakskauer Menighed · Altona: K"K Newe Salom (1771–1882) · Hamburg: K"K Talmud Torah ( ? -1652) · K"K Bet Israel (1652–1842) · K"K Bet Israel (1855–1934) · K"K Bet Israel (1835–1940) · Øvrige Tyskland, Austerrike og Sveits: Der Türkische Tempel (Wien 1888–1938) · Balkan: Cahal Grande (București) · Cahal Chico (București) · Templul Sefard (Constanța) · Storbritannia: Creechurch Lane (1657–1701) · Bevis Marks (1701– ) · Nederlanda: K"K Talmud Torah (1639–1675) · K"K Talmud Torah (1675– ) · Nord- og Sør-Amerika:
SJABBÁT sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · Bendigamos al altísimo  · Ya komimos  · habdalá
HØGTIDER høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt haʕómer · lag laʕómer · sjabuʕót (vekefesten, pinse) · tisjʕá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”)
LIVET:   Barndom: fødsel · milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidyón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente)
Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥáyil (konfirmasjon av jente)
Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · yibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av yibbúm (leviratekteskap))
Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn)
Død og sorg: levayyá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj
MAT/DRIKKE: mat · kasjrút · sjeḥitá («schächting») · sjabbát · jom tób · pesaḥ
Bakverk: bimuelos (oljebollar) · borekas (børek) · boyos (bollos, bollar, inkl. gemberbolus) · jødekaker · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pan de sabbá (sjabbátbrød) · pittá (flatkaker) · roskas (anisbollar)
Middagsretter: aroz amariyo (gul ris) · aroz kon tomat (tomatris) · bacalao (torsk med tomat og løk) · kodrero al horno (omnssteikt lammebog) · dolmas (yaprikas, fylte vinblad, kålrulettar) · falafel (friterte kikerterbollar) · ḥammín (dafina) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · huevos ḥaminados (langkokte egg) · ḥummus (kikerterstuing) · keftes de prasa (purrelappar) · mina de maṣṣá (flatbrød-pai) · pescado frito (fritert fisk) ·
MUSIKK: sefardisk
SPRÅK: hebraisk · arameisk · jødearabisk · portugisisk · kastiljansk (spansk) · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk)
RETNINGAR:   samaritansk · karaittisk ·
rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk
ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk