Esnoga.no:Hovudside

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 30. desember 2021 kl. 16:48 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

Franz Reinhold 001.jpg
Esnoga.no er ein skandinavisk nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 569 artiklar og 652 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Esnoga.no es un recurso web escandinavo para la religión, los idiomas y la cultura de los sefaradim. Hasta ahora, hay 569 páginas y 652 imágenes y otros archivos multimedia aquí, y hay más en camino.

Esnoga.no is a Scandinavian web resource for Sephardi religion, languages and culture. Thus far, Esnoga.no has 569 pages and 652 pictures and other media files, and more are on their way.

Esnogas

Franz Reinhold 001.jpg
Der Türkische Tempel (ty.), eller Det tyrkiske tempelet, låg i Zirkusgasse 22 i 2. Wiener Gemeindebezirk Leopoldstadt. Han vart oppført i 18851887 i nymaurisk stil etter teikningar av arkitekten Hugo von Wiedenfeld og innvigd i 1888. Der Türkische Tempel var esnogaen for det sefardiske samfunnet i Wien fram til han vart rasert av austerrikske pøblar under Krystallnatta den 9. november 1938.   Les meir …
Amsterdam1639 Int.png
Kahal Kados Talmud Torah, bygd 1639, var den første felles portugisarjødiske esnogaen (synagogen) i Amsterdam. Tidleg på 1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i Amsterdam tre esnogas i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam — Beth Jacob (ca1602/1610), Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og Beth Israel (1618). Dei tre menigheitene samarbeidde mykje frå 1622 av, og i 1639 vart dei samanslegne under det noverande namnet Talmud Torah. Dei bygde da om to hus ved den daverande Houtgracht til ein felles synagoge.   Les meir …
Picart Portugisarjodisk sefer med vestido osv.png
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkene). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk.   Les meir …
EsnogaAmsterdamTebah.jpg
Esnogaen i Amsterdam eller Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Torah (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam).   Les meir …

Symbol

Isaac Lopez (1780-1854).jpg
Ein tallét, fleirtal talletót, (hebr. טַלֵּית [ṭallēt] (klassisk), טְלִית [ṭəlīθ] (yemenittisk) el. טַלִּית [ṭallīt] (moderne israelsk)) er eit jødisk bønesjal med ein spesiell dusk, ṣiṣít, i kvart av de fire hjørna. Når vi knyter ṣiṣít, så består «kjernen» av lange trådar (snorer), som helst er laga av ull. Desse trådane (sju av dei) blir sikra av ein lengre tråd (den åttande) som blir vikla kring dei andre og knytt på visse måtar. Vi grupperer knutane ved at vi legg ein eller to ekstra knutar/dobbeltknutar etter dei.   Les meir …
Picart Portugisarjodisk sefer med vestido osv.png
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkene). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk.   Les meir …
Sofar sef.png
Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utanom desse dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím bruker oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre, sauebukk); Italienske jødar og ein del sefardím bruker òg geitebukk. Témaním (yemenittiske jødar) bruker derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant somme sefardím blir det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt ein del bruka.   Les meir …
A shiviti, Denmark.png
Ein sjivvíti er ein mikrografisk presentasjon sentrert kring Tehillím 16:8 (שויתי יי לנגדי תמיד) og Tehillím 67 — den sistnemnte skrìven i form av ein menorá. Sjivvíti finst i ein del sefardiske, mizraḥiske og ḥasidiske siddurím for meditasjon over Namnet under morgongudstenesta. I mange austleg sefardiske og mizraḥiske synagogar markerer ein sjivvíti retninga mot Ereṣ Yisraél og Jerusalem. Sjivvítien blir òg ein del bruka til å markere bøneretninga i sefardiske og mizraḥiske heimar.   Les meir …

Rabbinarar

 

Retningar

 

Masorti jødedom

JTSA (Wally Gobetz).jpg
The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske kretsar rett og slett som JTS, er eitt av dei akademiske og åndelege sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Attmed The University of Judaism i Los Angeles og Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av dei viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Skulen vart etablert i 1886, og namnet og den grunnleggande ideologien vart henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław).   Les meir …
Sinagoga Neologa Oradea.jpg
Masorti jødedom eller konservativ jødedom er ei retning av jødedommen som ligg mellom ortodoks jødedom og progressiv jødedom. Masorti jødedom har til felles med ortodoks jødedom at halakhá blir sett på som absolutt bindande for det jødiske folket. Hovudskilnaden mellom desse to retningane går dermed meir på korleis ein avgjer kva som er halakhá enn kor viktig halakhá er. I masorti jødedom legg ein relativt stor vekt på den noko meir fleksible/variable læra til risjoním (dei rabbinske autoritetane frå 1000-talet til først på 1500-talet), medan tendensen i ortodoks jødedom er å legge meir vekt på de meir fast kodifiserte aḥaroním — dei rabbinske autoritetane som levde etter at boka Sjulḥán ʕarúkh kom på 1500-talet.   Les meir …

Progressiv jødedom

ReginaJonas1.jpg
Regina Jonas (19021944) var ein rabbinar frå Berlin i Tyskland. Ho var den første kvinna vi veit om i europeisk og nordamerikansk historie som studerte til rabbinar, fikk semikhá som rabbinar og gjorde sosialt, teologisk og religiøst arbeid som rabbinar. Regina Jonas vart fødd i Berlin den 3. august 1902. Far hennar døydde da ho var svært ung. Som mange kvinner på si tid begynte ho på ei karriere som lærar, men ho kjente at noko mangla. Ho begynte å studere ved Hochschule für die Wissenschaft des Judentums i Berlin og tok seminariekurs for liberale rabbinarar og lærarar. Der oppnådde ho ein akademisk grad som «akademisk religionslærar». Med målet å bli rabbinar, skreiv Regina Jonas ei avhandling som svara til kravet for ordinasjon. Emnet hennar var Kan ei kvinne vara rabbinar etter halakhiske kjelder?   Les meir …
Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (PJN) var ein sosial og kulturell ḥaburá for egalitær jødedom i Oslo. PJN definerte seg som egalitær i forhold til både kjønn og legning og var open for alle som kjente seg tilknytt til jødedom og ville vera med, uavhengig av om dei var jødiske eller ikkje. Hovudaktiviteten var sjabbátmiddag som spleiselag siste fredag i kvar månad. I tillegg vart det arrangert samlingar i samband med jødiske høgtider og merkedagar.   Les meir …

Mat

 

Musikk

Spanish Synagogue Prague CZ 02.jpg
Eit pipeorgel (nyn./bm., sv. piporgel, da. pibeorgel) er eit tangentinstrument der tonane blir frambrakt av luft som blir pressa gjenom piper av tre eller metall — enten ved spalteblåsing på same viset som på blokkfløyte eller med rørblad på liknande vis som klarinett. Kvar pipe kan gje éi tonehøgd, og eitt sett av éi pipe per tangent i heile omfanget blir kalla ein stemme. Pipeorgela har vanlegvis mange stemmar med ulik klangfarge, tonehøgd og styrke som kan brukast enkeltvis eller i kombinasjon med hjelp av registertrekk. Det kan vera éin eller fleire manualar (tangentrekkjer), og mange orgel har ei pedalrekkje òg. Pipeorgel er oftast store instrument som er fast plassert i bygningar. I nyare tid er pipeorgel vanlegast i kyrkjer, men dei blir òg bruka i ein del esnogas (synagogar) og konsertsalar. Repertoaret inkluderer religiøs og verdsleg musikk. Ein person som spelar på pipeorgel blir oftast kalla organist.   Les meir …
Olve Utne: «Samaritansk musikk»
  Samaritanarane er ei folkegruppe med noverande tilhaldsstad i Nābulus (ved Gerizím, det heilage fjellet deiras) og Ḥolon (ved Tel-Aviv) som først og fremst er kjenneteikna med religionen sin. Denne religionen kan oppsummerast i denne vedkjenninga:
Eg trur på Deg, O Herre, og på Mosjé, son av ˤAmram, tjenaren Din, på den helige Toráen, på fjellet Gerizim Bet-El og på straffas og lønas dag.
Samaritansk religion står, som vi ser av dette, svært nært jødedommen, og desse religionane/folka har da òg felles opphav. Med samaritansk musikk meiner vi her den musikken som hører til den samaritanske religionsutøvinga og som blir framført av menn. I musikk av meir verdsleg karakter skil ikkje samaritanarane sin musikk seg vesentleg frå den verdslege musikken i dei andre kulturane i området. Akkurat som tilfellet tradisjonelt er blant dei yemenittiske jødane, så tek kvinnene slett ikkje del i den religiøse musikken, og kvinnene sin musikk ligg dermed mykje nærmare opp til musikken til nabofolka. Instrumentalmusikk finst ikkje i den samaritanske religiøse tradisjonen — ikkje ein gong sjofár שׁוֹפָר [šōfār], bukkehorn) blir bruka.   Les meir …
Flory Jagoda 2002.jpg
Flory Jagoda (f. 21. desember 1923; d. 29. januar 2021) var ein sefardisk kvinneleg songar, gitarist og komponist som blant anna er kjent for å ha skrive songen «Ocho candelicas». Ho gav ut fire plater, den siste av dei i 2005. Flory (Floritza) Papo vart fødd inn i ein sefardisk familie i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina i det daverande Jugoslavia i 1923, men mora og stefaren flytta til Zagreb i Kroatia da ho var lita. Flory budde med bestemor si i to år føre ho flytta etter til Zagreb, der ho fikk formell musikkundervisning. Da det fascistiske ustaša-marionettregimet vart innsett av Nazi-Tyskland i 1941, kom det fort antisemittiske lovar. Familien flykta derifrå snart etter.   Les meir …

Forfattarar, komponistar og musikarar

Emanuel-at-piano.jpg
Emanuel Aguilar (18241904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 av foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror til Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien til det portugisarjødiske samfunnet i England.   Les meir …
Elisabeth Jerichau Baumann Robert Henriques 1876-78 51,5 x 42,0 cm.jpg
Robert Martin Henriques (fødd 14. december 1858 i København; død 29. desember 1914Frederiksberg) var ein dansk cellist, musikkanmeldar og komponist. Han var i slekt med med violinisten og komponisten Fini Henriques. I barndomsheimen kom fleire av dei mest framtredande musikkpersonane på den tida, bl.a. Edvard Grieg og Anton Rubinstein. Robert Henriques studerte cello hos Fritz Bendix og Franz Neruda og seinare i Tyskland hos Friedrich Grützmacher og David Popper, og i musikkteori av Edmund Kretschmer.   Les meir …
Hesqui.jpg
Abraham de Casseres, òg skrive Abraham de Cáceres, var ein portugisarjødisk musikar som levde i Nederland tidleg på 1700-talet. Første gong vi hører om honom er i 1718. Frå 1720 til 1740 var han komponist for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han sette blant anna musikk til fleire av dikta av Moses Hayyim Luzzatto. Av verk etter honom kjenner vi blant anna kantaten Hesqui hesqui, som han komponerte i 1725 til ein tekst av Ishac Aboab da Fonseca for simḥàt Torá.   Les meir …

Språk

Bammidbar (beg.) nordafrikansk-sefardisk handskr., ca 1400.jpg
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skrìve med det hebraiske alfabetet.   Les meir …
Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …
El Avenir.jpg
Djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanyol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanyol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Kunst

Amedeo Modigliani 1918.jpg
Amedeo Modigliani, fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike, var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teiknar. Modigliani var det fjerde og yngste barnet til Flaminio Modigliani og Eugenia Garsin. Heimbyen hadde ei stor jødisk befolkning, og han vart fødd inn i ein opprinneleg velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar. I 1895, elleve år gammal, vart han ramma av lungehinnebetennelse, og da han var fjorten fikk han tyfus. I 16-årsalderen fikk han lungehinnebetennelse att og pådrog seg òg tuberkulose. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å begynna å måle, og mor hans ordna det slik at han fikk studere med landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno.   Les meir …
Samuel Jessurun de Mesquita (1868-1944).jpg
Samuel Jessurun de Mesquita (f. 6. juni 1868 i Amsterdam; d. 1944 i Auschwitz) var ein høgt respektert grafisk kunstnar frå Amsterdam som blant anna var lærar for den kjente kunstnaren M.C. Escher (1898–1972). I åra etter andre verdskrigen, da han og heile familien hans vart myrda av nazistane, vart de Mesquita og kunsten hans meir eller mindre glømt. Takka vere Escher, som rekna honom som både mentor og ven, har namnet hans trass alt vorte hugsa, og kunsten hans er i ferd med å komma fram i lyset att.   Les meir …
Sally, Rose and Jorikka Henriques by Julius Jacobsen.jpg
Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques. Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (17711846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (17851857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg.   Les meir …

SKRIFTER: Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím)
Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedeʕót
Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ʕarúkh · Thesouro dos Dinim · Meʕám loʕéz
LÆRDOM talmúd Torá (grunnskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · yesjibá (seminar) · sjiʕúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) ·
SYMBOL tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple)
ESNOGAS:   esnoga (synagoge) · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minyán · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjaḥarít (morgongudsteneste) · musáf (tilleggsgudsteneste) · minḥá (ettermiddagsgudsteneste) · neʕilá  (avsluttande ettermiddagsgudsteneste (berre på kippúr)) · ʕarbít (kveldsgudsteneste)
Skandinavia: Den første esnogaen i København · Den portugisiske Nakskauer Menighed · Altona: K"K Newe Salom (1771–1882) · Hamburg: K"K Talmud Torah ( ? -1652) · K"K Bet Israel (1652–1842) · K"K Bet Israel (1855–1934) · K"K Bet Israel (1835–1940) · Øvrige Tyskland, Austerrike og Sveits: Der Türkische Tempel (Wien 1888–1938) · Balkan: Cahal Grande (București) · Cahal Chico (București) · Templul Sefard (Constanța) · Storbritannia: Creechurch Lane (1657–1701) · Bevis Marks (1701– ) · Nederlanda: K"K Talmud Torah (1639–1675) · K"K Talmud Torah (1675– ) · Nord- og Sør-Amerika:
SJABBÁT sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · Bendigamos al altísimo  · Ya komimos  · habdalá
HØGTIDER høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt haʕómer · lag laʕómer · sjabuʕót (vekefesten, pinse) · tisjʕá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”)
LIVET:   Barndom: fødsel · milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidyón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente)
Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥáyil (konfirmasjon av jente)
Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · yibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av yibbúm (leviratekteskap))
Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn)
Død og sorg: levayyá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj
MAT/DRIKKE: mat · kasjrút · sjeḥitá («schächting») · sjabbát · jom tób · pesaḥ
Bakverk: bimuelos (oljebollar) · borekas (børek) · boyos (bollos, bollar, inkl. gemberbolus) · jødekaker · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pan de sabbá (sjabbátbrød) · pittá (flatkaker) · roskas (anisbollar)
Middagsretter: aroz amariyo (gul ris) · aroz kon tomat (tomatris) · bacalao (torsk med tomat og løk) · kodrero al horno (omnssteikt lammebog) · dolmas (yaprikas, fylte vinblad, kålrulettar) · falafel (friterte kikerterbollar) · ḥammín (dafina) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · huevos ḥaminados (langkokte egg) · ḥummus (kikerterstuing) · keftes de prasa (purrelappar) · mina de maṣṣá (flatbrød-pai) · pescado frito (fritert fisk) ·
MUSIKK: sefardisk
SPRÅK: hebraisk · arameisk · jødearabisk · portugisisk · kastiljansk (spansk) · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk)
RETNINGAR:   samaritansk · karaittisk ·
rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk
ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk