Esnoga.no:Hovudside

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 30. desember 2021 kl. 03:18 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

Franz Reinhold 001.jpg
Esnoga.no er ein skandinavisk nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 569 artiklar og 652 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Esnoga.no is a Scandinavian web resource for Sephardi religion, languages and culture. Thus far, Esnoga.no has 569 pages and 652 pictures and other media files, and more are on their way.

Esnogas

Synagoge Neve Shalom Altona.jpg
Kahal Kados Newe Salom, eller Esnogaen i Altona, vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Norge etter ein petisjon frå dei 18 portugisarjødiske familiane der, og innvigd den 6. september same året. Esnogaen, som låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (noverande Hoheschulstraße), vart brukt av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart selt til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamburg by og riven.   Les meir …
Kahal Kados Bet Israel i Hamburg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K"K Talmud Torah, K"K Keter Torah og K"K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K"K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamburgbrannen den 5.8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855.   Les meir …
Hamburg1855 Ext.png
Kahal Kados Bet Israel i Zweite Marktstraße 6 (seinare Marcusstraße) i Hamburg vart bygd av den jødiske arkitekten Abraham (Albert) Rosengarten (18101893) etter at den gamle esnogaen i Alter Wall brann ned i 1842. Esnogaen i Zweite Marktstraße vart innvigd i 1855 og var i bruk fram til 1934, da han vart selt til det asjkenaziske Deutsch-Israelitischen Gemeinde. Utvendig hadde esnogaen treetasjes trapptrinnsmøne i ei slags 1800-talsutgåve av austersjøgotikk. Interiøret var nyromansk med sterke nymauriske innslag. Den portugisarjødiske menigheita flytta inn i esnogaen i Innocentiastraße i 1935.   Les meir …
Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702, Raphael Jesurum i 1703 og Jacob Cohen og Jacob Franco i 1704. Alle desse var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
Franz Reinhold 001.jpg
Der Türkische Tempel (ty.), eller Det tyrkiske tempelet, låg i Zirkusgasse 22 i 2. Wiener Gemeindebezirk Leopoldstadt. Han vart oppført i 18851887 i nymaurisk stil etter teikningar av arkitekten Hugo von Wiedenfeld og innvigd i 1888. Der Türkische Tempel var esnogaen for det sefardiske samfunnet i Wien fram til han vart rasert av austerrikske pøblar under Krystallnatta den 9. november 1938.   Les meir …
Amsterdam1639 Int.png
Kahal Kados Talmud Torah, bygd 1639, var den første felles portugisarjødiske esnogaen (synagogen) i Amsterdam. Tidleg på 1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i Amsterdam tre esnogas i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam — Beth Jacob (ca1602/1610), Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og Beth Israel (1618). Dei tre menigheitene samarbeidde mykje frå 1622 av, og i 1639 vart dei samanslegne under det noverande namnet Talmud Torah. Dei bygde da om to hus ved den daverande Houtgracht til ein felles synagoge.   Les meir …
EsnogaAmsterdamTebah.jpg
Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה [tē'bā]) er det hovudsakleg sefardiske og italkiske namnet på plattforma i esnogaen der det er ein lesepult der torálesinga og (særleg i sefardisk jødedom) forrettinga av gudstenestene går for seg. I tradisjonelle sefardiske, provençalske, italkiske og romaniotiske synagogar er tebáen vanlegvis plassert nært atterenden av esnogarommet.   Les meir …
Ein minyán (hebr. מִנְיָן eller מִנְיָין [minjān]) er i rabbinsk jødedom ei samling av minst ti jødar over bené miṣvá-alder samla i eitt rom (f.eks. i esnogaen) eller i ei gruppe utandørs. I Israel fram mot korsfarartida var skikken å rekne sju som minyán ifølgje Massekhet Soferím. Visse jødiske rituelle handlingar kan berre utførast i minyán — slik som resitering av Kaddísj og Barekhú i gudstenesta og inkludering av «Elohénu» i innleiinga til Birkat hammazón. Historisk sett har synet på inkludering av kvinner variert.   Les meir …
Westfassade Poolstrasse.jpg
Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen til den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 18421844 etter tekningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde teikna Israelitisches Krankenhaus. I dag finst berre restane av den vestlege forhallen og den austlege apsisen att av den ein gong treskips synagogen som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944. Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå nymaurisk arkitektur. så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil.   Les meir …
Djerba, Synagoge La Ghriba Jan 2002 Innenansicht 5.jpg
El-Ghribasynagogen er ein svært gammal synagoge rett ved Hara Seghira nokre kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske øya Djerba. El-Ghribasynagogen er meir enn 2 000 år gammal, og var dermed over 600 år gammel da Tunisia vart muslimsk. Dermed er han den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda.   Les meir …

Mat

 

Musikk

Sofar sef.png
Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utanom desse dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím bruker oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre, sauebukk); Italienske jødar og ein del sefardím bruker òg geitebukk. Témaním (yemenittiske jødar) bruker derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant somme sefardím blir det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt ein del bruka.   Les meir …
Spanish Synagogue Prague CZ 02.jpg
Eit pipeorgel (nyn./bm., sv. piporgel, da. pibeorgel) er eit tangentinstrument der tonane blir frambrakt av luft som blir pressa gjenom piper av tre eller metall — enten ved spalteblåsing på same viset som på blokkfløyte eller med rørblad på liknande vis som klarinett. Kvar pipe kan gje éi tonehøgd, og eitt sett av éi pipe per tangent i heile omfanget blir kalla ein stemme. Pipeorgela har vanlegvis mange stemmar med ulik klangfarge, tonehøgd og styrke som kan brukast enkeltvis eller i kombinasjon med hjelp av registertrekk. Det kan vera éin eller fleire manualar (tangentrekkjer), og mange orgel har ei pedalrekkje òg. Pipeorgel er oftast store instrument som er fast plassert i bygningar. I nyare tid er pipeorgel vanlegast i kyrkjer, men dei blir òg bruka i ein del esnogas (synagogar) og konsertsalar. Repertoaret inkluderer religiøs og verdsleg musikk. Ein person som spelar på pipeorgel blir oftast kalla organist.   Les meir …
Olve Utne: «Samaritansk musikk»
  Samaritanarane er ei folkegruppe med noverande tilhaldsstad i Nābulus (ved Gerizím, det heilage fjellet deiras) og Ḥolon (ved Tel-Aviv) som først og fremst er kjenneteikna med religionen sin. Denne religionen kan oppsummerast i denne vedkjenninga:
Eg trur på Deg, O Herre, og på Mosjé, son av ˤAmram, tjenaren Din, på den helige Toráen, på fjellet Gerizim Bet-El og på straffas og lønas dag.
Samaritansk religion står, som vi ser av dette, svært nært jødedommen, og desse religionane/folka har da òg felles opphav. Med samaritansk musikk meiner vi her den musikken som hører til den samaritanske religionsutøvinga og som blir framført av menn. I musikk av meir verdsleg karakter skil ikkje samaritanarane sin musikk seg vesentleg frå den verdslege musikken i dei andre kulturane i området. Akkurat som tilfellet tradisjonelt er blant dei yemenittiske jødane, så tek kvinnene slett ikkje del i den religiøse musikken, og kvinnene sin musikk ligg dermed mykje nærmare opp til musikken til nabofolka. Instrumentalmusikk finst ikkje i den samaritanske religiøse tradisjonen — ikkje ein gong sjofár שׁוֹפָר [šōfār], bukkehorn) blir bruka.   Les meir …

Språk

Bammidbar (beg.) nordafrikansk-sefardisk handskr., ca 1400.jpg
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skrìve med det hebraiske alfabetet.   Les meir …
Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …
El Avenir.jpg
Djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanyol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanyol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

SKRIFTER: Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím)
Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedeʕót
Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ʕarúkh · Thesouro dos Dinim · Meʕám loʕéz
LÆRDOM talmúd Torá (grunnskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · yesjibá (seminar) · sjiʕúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) ·
SYMBOL tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple)
ESNOGAS:   esnoga (synagoge) · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minyán · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjaḥarít (morgongudsteneste) · musáf (tilleggsgudsteneste) · minḥá (ettermiddagsgudsteneste) · neʕilá  (avsluttande ettermiddagsgudsteneste (berre på kippúr)) · ʕarbít (kveldsgudsteneste)
Skandinavia: Den første esnogaen i København · Den portugisiske Nakskauer Menighed · Altona: K"K Newe Salom (1771–1882) · Hamburg: K"K Talmud Torah ( ? -1652) · K"K Bet Israel (1652–1842) · K"K Bet Israel (1855–1934) · K"K Bet Israel (1835–1940) · Øvrige Tyskland, Austerrike og Sveits: Der Türkische Tempel (Wien 1888–1938) · Balkan: Cahal Grande (București) · Cahal Chico (București) · Templul Sefard (Constanța) · Storbritannia: Creechurch Lane (1657–1701) · Bevis Marks (1701– ) · Nederlanda: K"K Talmud Torah (1639–1675) · K"K Talmud Torah (1675– ) · Nord- og Sør-Amerika:
SJABBÁT sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · Bendigamos al altísimo  · Ya komimos  · habdalá
HØGTIDER høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt haʕómer · lag laʕómer · sjabuʕót (vekefesten, pinse) · tisjʕá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”)
LIVET:   Barndom: fødsel · milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidyón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente)
Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥáyil (konfirmasjon av jente)
Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · yibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av yibbúm (leviratekteskap))
Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn)
Død og sorg: levayyá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj
MAT/DRIKKE: mat · kasjrút · sjeḥitá («schächting») · sjabbát · jom tób · pesaḥ
Bakverk: bimuelos (oljebollar) · borekas (børek) · boyos (bollos, bollar, inkl. gemberbolus) · jødekaker · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pan de sabbá (sjabbátbrød) · pittá (flatkaker) · roskas (anisbollar)
Middagsretter: aroz amariyo (gul ris) · aroz kon tomat (tomatris) · bacalao (torsk med tomat og løk) · kodrero al horno (omnssteikt lammebog) · dolmas (yaprikas, fylte vinblad, kålrulettar) · falafel (friterte kikerterbollar) · ḥammín (dafina) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · huevos ḥaminados (langkokte egg) · ḥummus (kikerterstuing) · keftes de prasa (purrelappar) · mina de maṣṣá (flatbrød-pai) · pescado frito (fritert fisk) ·
MUSIKK: sefardisk
SPRÅK: hebraisk · arameisk · jødearabisk · portugisisk · kastiljansk (spansk) · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk)
RETNINGAR:   samaritansk · karaittisk ·
rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk
ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk