Skilnad mellom versjonar av «Esnoga.no:Hovudside»
Frå Esnoga.no
(11 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
Line 1: | Line 1: | ||
{| | {{div col|colwidth=15em|rules=yes}} | ||
| | * '''[[project:om|{{SITENAME}}]]''' er ein skandinavisk nettressurs for '''[[sefardím|sefardisk]]''' '''[[sefardisk jødedom|religion]]''', '''[[språk]]''' og '''[[kultur]]'''. Så langt har {{SITENAME}} [[spesial:statistics|{{INNHALDSSIDETAL}}]] [[spesial:allpages|artiklar]] og {{NUMBEROFFILES}} [[special:newimages|bilde og andre mediafiler]], og fleire er på veg. | ||
* '''''{{SITENAME}}''' es un recurso web escandinavo para la religión, los idiomas y la cultura de los sefaradim. Hasta ahora hay [[spesial:statistics|{{INNHALDSSIDETAL}}]] [[spesial:allpages|páginas]] y {{NUMBEROFFILES}} [[special:newimages|imágenes y otros archivos multimedia]] aquí, y hay más en camino.'' | |||
* '''{{SITENAME}}''' is a Scandinavian web resource for Sephardi religion, languages and culture. Thus far, {{SITENAME}} has [[spesial:statistics|{{INNHALDSSIDETAL}}]] [[spesial:allpages|pages]] and {{NUMBEROFFILES}} [[special:newimages|pictures and other media files]], and more are on their way. | |||
'''[[project:om|{{SITENAME}}]]''' er ein skandinavisk nettressurs for '''[[sefardím|sefardisk]]''' '''[[sefardisk jødedom|religion]]''', '''[[språk]]''' og '''[[kultur]]'''. Så langt har {{SITENAME}} [[spesial:statistics|{{INNHALDSSIDETAL}}]] [[spesial:allpages|artiklar]] og {{NUMBEROFFILES}} [[special:newimages|bilde og andre mediafiler]], og fleire er på veg. | {{div col end}} | ||

{{Emne Sefardim}} | {{Emne Sefardim}} | ||

| | {{div col|colwidth=15em|rules=yes}} | ||
'''[[:kategori:Skandinavia|Skandinavia]]'''
{{Portal randomteaser|count=5|Q|Sefardím_i_Skandinavia}}
| '''[[:kategori:Skandinavia|Skandinavia]]'''
{{Portal randomteaser|count=5|Q|Sefardím_i_Skandinavia}}

'''[[project:Esnogas|Esnogas]]'''
{{Portal randomteaser|count= | '''[[project:Esnogas|Esnogas]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Esnogas}}

'''[[:kategori:Symbol|Symbol]]'''
{{Portal randomteaser|count= | '''[[:kategori:Symbol|Symbol]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Symbol}}

'''[[:kategori:Rabbinarar|Rabbinarar]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q| | '''[[:kategori:Rabbinarar|Rabbinarar]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Rabbinarar}}

'''[[project:Mat og drikke|Mat]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Sefardisk_mat | |||
¦Drikke¦Mat_og_drikke}}

'''[[project:Mat og drikke|Mat]]'''
{{Portal randomteaser|count= | |||
'''[[project:Musikk|Musikk]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Musikk¦Sefardisk_musikk¦Tehillím}}
| '''[[project:Musikk|Musikk]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Musikk¦Sefardisk_musikk¦Tehillím}}

'''[[:kategori:Sefardím|Forfattarar, komponistar og musikarar]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Sefardiske_forfattarar¦Sefardiske_komponistar¦Sefardiske_musikarar}}
| '''[[:kategori:Sefardím|Forfattarar, komponistar og musikarar]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Sefardiske_forfattarar¦Sefardiske_komponistar¦Sefardiske_musikarar}}

'''[[:kategori:Språk|Språk]]'''
{{Portal randomteaser|count=5|Q|Språk}}
| '''[[:kategori:Språk|Språk]]'''
{{Portal randomteaser|count=5|Q|Språk}}

'''[[:kategori:Kunst|Kunst]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Sefardisk_kunst%¦Sefardiske_kunstnarar}}
| '''[[:kategori:Kunst og handverk|Kunst og handverk]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Sefardisk_kunst%¦Sefardiske_kunstnarar}}

'''[[:kategori:Masorti jødedom|Masorti jødedom]]'''
{{Portal randomteaser|count=2|Q|Masorti_jødedom}}
| '''[[:kategori:Masorti jødedom|Masorti jødedom]]'''
{{Portal randomteaser|count=2|Q|Masorti_jødedom}}

'''[[project:Progressiv jødedom|Progressiv jødedom]]'''
{{Portal randomteaser|count=2|Q|Progressiv_jødedom}}
| '''[[project:Progressiv jødedom|Progressiv jødedom]]'''
{{Portal randomteaser|count=2|Q|Progressiv_jødedom}}

'''[[Project:Ortodoks jødedom|Ortodoks jødedom]]'''
{{Portal randomteaser|count=2|Q|Ortodoks_jødedom}}
| '''[[Project:Ortodoks jødedom|Ortodoks jødedom]]'''
{{Portal randomteaser|count=2|Q|Ortodoks_jødedom}}

{{div col end}} | |||

{{Innhald}} | {{Innhald}} | ||
[[Kategori:Kategoriar| ]] | [[Kategori:Kategoriar| ]] |
Versjonen frå 21. mars 2022 kl. 23:42
- Esnoga.no er ein skandinavisk nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 569 artiklar og 652 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.
- Esnoga.no es un recurso web escandinavo para la religión, los idiomas y la cultura de los sefaradim. Hasta ahora hay 569 páginas y 652 imágenes y otros archivos multimedia aquí, y hay más en camino.
- Esnoga.no is a Scandinavian web resource for Sephardi religion, languages and culture. Thus far, Esnoga.no has 569 pages and 652 pictures and other media files, and more are on their way.
SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS |
Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702, Raphael Jesurum i 1703 og Jacob Cohen og Jacob Franco i 1704. Alle desse var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen. Les meir …
Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore driven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år. Les meir …
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utanfor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjennom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år. Les meir …
Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske aviser fleire gonger i 1840-åra. Les meir …
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinneleg kom frå Hamburg. Han er nemnt i folketeljinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande. I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamburg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph døydde den 25. mai 1900. Les meir …
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisninga av jødane frå England i 1290. Denne esnogaen var i bruk fram til Bevis Marks-esnogaen vart innvigd i 1701. Les meir …
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkene). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk. Les meir …
El-Ghribasynagogen er ein svært gammal synagoge rett ved Hara Seghira nokre kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske øya Djerba. El-Ghribasynagogen er meir enn 2 000 år gammal, og var dermed over 600 år gammel da Tunisia vart muslimsk. Dermed er han den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda. Les meir …
Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utanom desse dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím bruker oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre, sauebukk); Italienske jødar og ein del sefardím bruker òg geitebukk. Témaním (yemenittiske jødar) bruker derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant somme sefardím blir det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt ein del bruka. Les meir …
Tefillín (hebr. תְּפִלִּין [təfillīn]), òg kalla bønereimer på norsk, er namnet på to småe lêrboksar som inneheld blant anna bøna Sjemàʕ Jisraél og som blir bundne med lêrreimer i panna og på den eine overarmen under morgonbøna på vanlege kvardagar av tradisjonelle rabbinske jødar — enten berre av menn (vanlegast i ortodoks jødedom) eller òg av kvinner (vanleg i masorti jødedom og til dels òg i feministisk-ortodoks jødedom). Tefillín er lite utbreidd i rekonstruksjonistisk jødedom og dei ulike variantane av reformjødedom. Les meir …
Ein sjivvíti er ein mikrografisk presentasjon sentrert kring Tehillím 16:8 (שויתי יי לנגדי תמיד) og Tehillím 67 — den sistnemnte skrìven i form av ein menorá. Sjivvíti finst i ein del sefardiske, mizraḥiske og ḥasidiske siddurím for meditasjon over Namnet under morgongudstenesta. I mange austleg sefardiske og mizraḥiske synagogar markerer ein sjivvíti retninga mot Ereṣ Yisraél og Jerusalem. Sjivvítien blir òg ein del bruka til å markere bøneretninga i sefardiske og mizraḥiske heimar. Les meir …
Rabbinar Baruch Gigi (ברוך גיגי) er ein rosj yesjibá ved Yeshivat Har Etzion i Gush Etzion rett sørom Jerusalem. Baruch Gigi vart fødd i Marokko og immigrerte til Israel da han var elleve år gammal. Han studerte ved eit yesjibá-gymnas i Ḥefá (Haifa), og begynte så å studere ved Yeshivat Har Etzion i 1974. Han fikk semikhá som rabbinar frå Overrabbinatet i Israel, og han fikk òg ein BEd-grad frå Herzog College. Les meir …
Ḥakhám Jangakób ben Aharón Sasportas (1610–1698) var ein sefardisk rabbinar og erklært motstandar av den falske masjíaḥen Sjabbetái Ṣebí. Jangakób ben Aharón Sasportas vart fødd i Oran i Algerie i 1610. Sasportas-familien frå Oran i Algerie var etterkommarar etter Naḥmanides (haRamban). Namnet deiras kjem frå «Seis Portas» (seks portar). Frå 24-årsalderen arbeidde ḥakhám Jangakób ben Aharón Sasportas i ei jødisk menigheit i Tlemcen i Marokko, og seinare òg i Fez og Sali. Frå 1653 til han døydde den 15. april 1698 var han hovudsakleg basert i Amsterdam, med unntak av ein femårsperiode kring andre halvdel av 1670-åra da han var i Livorno i Italia. Les meir …
Rebbí Yiṣ’ḥák ben Yàʕakób hakkohén Alfassi (1013–1103), hebr. יִצְחָק הַכֹּהֵן אַלְפַסִּי Yiṣḥāq hakkōhēn Alfassī, ofte kalla רי”ף RIF, særleg blant asjkenazím, var ein sefardisk rabbinar som er særleg kjent for verket Sefer hahalakhót, ofte rekna som det første storverket i den halakhiske litteraturen. Yiṣ’ḥak ben Yàʕakób hakkohén vart fødd i Algerie i 1013 og studerte i Kairouan i Tunisia under Nissím ben Yaʕakób og Ḥananél ben Husjiél, dei anerkjente rabbinske autoritetane i Nord-Afrika på den tida. Han flytta seinare til Fez i Marokko til eit meir tolerant miljø. Det jødiske samfunnet i Fez tok på seg å støtte honom og familien hans slik at han kunne arbeide uforstyrra på boka Sefer hahalakhót. Les meir …
Ḥaróset (hebr. חֲרֽוֹסֶת ḥă'rōset) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettene under den jødiske haggadáen på dei to første kveldane av pesaḥ (den jødiske påska). Ḥaróseten symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt. Les meir …
Roskas, òg skrive roscas, er tradisjonelle anisbollar i osmansk-sefardisk tradisjon. Deigen er ein søt gjærdeig med egg og tilsett anis. Etter første heving delar du deigen i fire emne per kopp mjøl i deigen. Rull ut kvart emne til ei pølse som du snurrar til ein spiral. Legg tolv roskas per brett på ei bakeplate med bakepapir påstrødd litt semulegryn. Etter heving penslar du dei med egg og strør på sesamfrø. Etterhevast og bakast i varmluftsomn ved ca. 175 °C i 12–15 min. til dei er lyst gyllenbrune. Etast varme eller kalde; for seg sjølv eller med f.eks. fetaost og oliven. Les meir …
Pepparkaker (nyn. peparkaker, peparkakor; sv. pepparkakor; bm. pepperkaker; da. peberkager) er ein sort tynne, sprøe kaker som får den krydra smaken sin frå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje alltid pepar. Frå tidleg på 1800-talet har pepparkaker særleg vorte assosiert med jula i Skandinavia, men dei blir etne i andre samanhengar og på andre tider av året òg. Den 9. desember er «pepparkakans dag» i Sverige. Den første dokumenterte bakinga og etinga av pepparkaker i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, trulig på Båhus festning på den daverande grensa mellom Norge og Sverige: Reknskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet mellom kong Magnus Eriksson av Sverige, Norge og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydeleg at dei baka pepparkaker. Les meir …
Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utanom desse dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím bruker oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre, sauebukk); Italienske jødar og ein del sefardím bruker òg geitebukk. Témaním (yemenittiske jødar) bruker derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant somme sefardím blir det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt ein del bruka. Les meir …
Eit pipeorgel (nyn./bm., sv. piporgel, da. pibeorgel) er eit tangentinstrument der tonane blir frambrakt av luft som blir pressa gjenom piper av tre eller metall — enten ved spalteblåsing på same viset som på blokkfløyte eller med rørblad på liknande vis som klarinett. Kvar pipe kan gje éi tonehøgd, og eitt sett av éi pipe per tangent i heile omfanget blir kalla ein stemme. Pipeorgela har vanlegvis mange stemmar med ulik klangfarge, tonehøgd og styrke som kan brukast enkeltvis eller i kombinasjon med hjelp av registertrekk. Det kan vera éin eller fleire manualar (tangentrekkjer), og mange orgel har ei pedalrekkje òg. Pipeorgel er oftast store instrument som er fast plassert i bygningar. I nyare tid er pipeorgel vanlegast i kyrkjer, men dei blir òg bruka i ein del esnogas (synagogar) og konsertsalar. Repertoaret inkluderer religiøs og verdsleg musikk. Ein person som spelar på pipeorgel blir oftast kalla organist. Les meir …
Flory Jagoda (f. 21. desember 1923; d. 29. januar 2021) var ein sefardisk kvinneleg songar, gitarist og komponist som blant anna er kjent for å ha skrive songen «Ocho candelicas». Ho gav ut fire plater, den siste av dei i 2005. Flory (Floritza) Papo vart fødd inn i ein sefardisk familie i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina i det daverande Jugoslavia i 1923, men mora og stefaren flytta til Zagreb i Kroatia da ho var lita. Flory budde med bestemor si i to år føre ho flytta etter til Zagreb, der ho fikk formell musikkundervisning. Da det fascistiske ustaša-marionettregimet vart innsett av Nazi-Tyskland i 1941, kom det fort antisemittiske lovar. Familien flykta derifrå snart etter. Les meir …
Emanuel Aguilar (1824–1904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 av foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror til Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien til det portugisarjødiske samfunnet i England. Les meir …
Robert Martin Henriques (fødd 14. december 1858 i København; død 29. desember 1914 på Frederiksberg) var ein dansk cellist, musikkanmeldar og komponist. Han var i slekt med med violinisten og komponisten Fini Henriques. I barndomsheimen kom fleire av dei mest framtredande musikkpersonane på den tida, bl.a. Edvard Grieg og Anton Rubinstein. Robert Henriques studerte cello hos Fritz Bendix og Franz Neruda og seinare i Tyskland hos Friedrich Grützmacher og David Popper, og i musikkteori av Edmund Kretschmer. Les meir …
Maurice Abravanel (1903–1993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og for framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i same huset som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement i lag med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapelig oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich. Les meir …
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skrìve med det hebraiske alfabetet. Les meir …
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar. Les meir …
Djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanyol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanyol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding. Les meir …
Camille Pissarro (1830–1903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar av portugisarjødisk slekt. Camille Pissarro vart fødd den 10. juli 1830 i Charlotte Amalie på St. Thomas i daverande Dansk Vestindia av foreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein portugisarjøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammal, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vendte tilbake til St. Thomas for å få opplæring i forretninga til faren. På den tida bruka han all fritida til teikning. I 1852 reiste han til Venezuela i lag med med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytta han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Jean-Baptiste Camille Corot. Les meir …
David Abraham Bueno de Mesquita (23. mars 1889—12. desember 1962) var ein nederlandsk-sefardisk figurativ bildekunstnar som hovudsakleg arbeidde med kunstmåleri og grafikk. David Abraham Bueno de Mesquita vart fødd i Amsterdam den 23. mars 1889 av foreldra Rebecca Lopes de Leao de Laguna og Jacob Bueno de Mesquita. Frå ca 1906 studerte han ved Rijksnormaalschool voor tekenleraren i heimbyen, og deretter ved Akademie voor Beeldende Kunsten same staden i tida 1909–1913. Etter at han i 1913 mottok Prix de Rome for bildet «Jacob herkent het bebloede kleed van zijn zoon» (‘Jakob kjenner att den utblødde kappa til sonen sin’), flytta han i 1914 til Roma og budde der ei tid. Les meir …
Samuel Jessurun de Mesquita (f. 6. juni 1868 i Amsterdam; d. 1944 i Auschwitz) var ein høgt respektert grafisk kunstnar frå Amsterdam som blant anna var lærar for den kjente kunstnaren M.C. Escher (1898–1972). I åra etter andre verdskrigen, da han og heile familien hans vart myrda av nazistane, vart de Mesquita og kunsten hans meir eller mindre glømt. Takka vere Escher, som rekna honom som både mentor og ven, har namnet hans trass alt vorte hugsa, og kunsten hans er i ferd med å komma fram i lyset att. Les meir …
The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske kretsar rett og slett som JTS, er eitt av dei akademiske og åndelege sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Attmed The University of Judaism i Los Angeles og Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av dei viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Skulen vart etablert i 1886, og namnet og den grunnleggande ideologien vart henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław). Les meir …
Masorti jødedom eller konservativ jødedom er ei retning av jødedommen som ligg mellom ortodoks jødedom og progressiv jødedom. Masorti jødedom har til felles med ortodoks jødedom at halakhá blir sett på som absolutt bindande for det jødiske folket. Hovudskilnaden mellom desse to retningane går dermed meir på korleis ein avgjer kva som er halakhá enn kor viktig halakhá er. I masorti jødedom legg ein relativt stor vekt på den noko meir fleksible/variable læra til risjoním (dei rabbinske autoritetane frå 1000-talet til først på 1500-talet), medan tendensen i ortodoks jødedom er å legge meir vekt på de meir fast kodifiserte aḥaroním — dei rabbinske autoritetane som levde etter at boka Sjulḥán ʕarúkh kom på 1500-talet. Les meir …
Regina Jonas (1902–1944) var ein rabbinar frå Berlin i Tyskland. Ho var den første kvinna vi veit om i europeisk og nordamerikansk historie som studerte til rabbinar, fikk semikhá som rabbinar og gjorde sosialt, teologisk og religiøst arbeid som rabbinar. Regina Jonas vart fødd i Berlin den 3. august 1902. Far hennar døydde da ho var svært ung. Som mange kvinner på si tid begynte ho på ei karriere som lærar, men ho kjente at noko mangla. Ho begynte å studere ved Hochschule für die Wissenschaft des Judentums i Berlin og tok seminariekurs for liberale rabbinarar og lærarar. Der oppnådde ho ein akademisk grad som «akademisk religionslærar». Med målet å bli rabbinar, skreiv Regina Jonas ei avhandling som svara til kravet for ordinasjon. Emnet hennar var Kan ei kvinne vara rabbinar etter halakhiske kjelder? Les meir …
Reb Zalman Schachter-Shalomi (f. 28. august 1924 i Żółkiew i det daverande Polen (no i Ukraina), d. 3. juli 2014 i Boulder i Colorado i USA) var ein asjkenazisk rabbinar med bakgrunn i Ḥabad-ḥasidismen som først og fremst var kjent som grunnleggar av og hovudperson attom jødisk fornyings-rørsla. Zalman Schachter-Shalomi vart fødd i Zholkve i det daverande Polen (no i Ukraina) torsdagen den 28. august 1924 og vaks opp i Wien. Under andre verdskrigen var han internert i konsentrasjonsleirar under Vichy-regimet. I 1941 kom han seg over til USA. Han vart ordinert som rabbinar under Ḥabad-rørsla i Brooklyn i New York i 1947. Les meir …
Rabbinar Baruch Gigi (ברוך גיגי) er ein rosj yesjibá ved Yeshivat Har Etzion i Gush Etzion rett sørom Jerusalem. Baruch Gigi vart fødd i Marokko og immigrerte til Israel da han var elleve år gammal. Han studerte ved eit yesjibá-gymnas i Ḥefá (Haifa), og begynte så å studere ved Yeshivat Har Etzion i 1974. Han fikk semikhá som rabbinar frå Overrabbinatet i Israel, og han fikk òg ein BEd-grad frå Herzog College. Les meir …
Ortodoks jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem for det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særleg lagt vekt på kasjrút (matforskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahoràt hammisjpaḥá (rituell reinheit i ekteskapet). I hovudtrekk inneber ortodoks jødedom òg et restriktivt syn på kol isjá (kvinnestemmer), zimmún/minyán (teljing av religiøst myndige jødar), kvinner og tallét/tefillín og meḥiṣṣá (skilje mellom manns- og kvinneavdelingar i synagogen, og stundom i andre samanhengar); men i desse spørsmåla er det noko variasjon i den liberale enden av spekteret. Les meir …
SKRIFTER: | Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím) Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedeʕót Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ʕarúkh · Thesouro dos Dinim · Meʕám loʕéz |
LÆRDOM: | talmúd Torá (grunnskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · yesjibá (seminar) · sjiʕúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) · |
SYMBOL: | tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple) |
ESNOGAS: | esnoga (synagoge) · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minyán · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjaḥarít (morgongudsteneste) · musáf (tilleggsgudsteneste) · minḥá (ettermiddagsgudsteneste) · neʕilá (avsluttande ettermiddagsgudsteneste (berre på kippúr)) · ʕarbít (kveldsgudsteneste) Skandinavia: Den første esnogaen i København · Den portugisiske Nakskauer Menighed · Altona: K"K Newe Salom (1771–1882) · Hamburg: K"K Talmud Torah ( ? -1652) · K"K Bet Israel (1652–1842) · K"K Bet Israel (1855–1934) · K"K Bet Israel (1835–1940) · Øvrige Tyskland, Austerrike og Sveits: Der Türkische Tempel (Wien 1888–1938) · Balkan: Cahal Grande (București) · Cahal Chico (București) · Templul Sefard (Constanța) · Storbritannia: Creechurch Lane (1657–1701) · Bevis Marks (1701– ) · Nederlanda: K"K Talmud Torah (1639–1675) · K"K Talmud Torah (1675– ) · Nord- og Sør-Amerika: |
SJABBÁT: | sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · Bendigamos al altísimo · Ya komimos · habdalá |
HØGTIDER: | høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt haʕómer · lag laʕómer · sjabuʕót (vekefesten, pinse) · tisjʕá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”) |
LIVET: | Barndom: fødsel · milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidyón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente) Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥáyil (konfirmasjon av jente) Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · yibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av yibbúm (leviratekteskap)) Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn) Død og sorg: levayyá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj |
MAT/DRIKKE: | mat · kasjrút · sjeḥitá («schächting») · sjabbát · jom tób · pesaḥ Bakverk: bimuelos (oljebollar) · borekas (børek) · boyos (bollos, bollar, inkl. gemberbolus) · jødekaker · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pan de sabbá (sjabbátbrød) · pittá (flatkaker) · roskas (anisbollar) Middagsretter: aroz amariyo (gul ris) · aroz kon tomat (tomatris) · bacalao (torsk med tomat og løk) · kodrero al horno (omnssteikt lammebog) · dolmas (yaprikas, fylte vinblad, kålrulettar) · falafel (friterte kikerterbollar) · ḥammín (dafina) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · huevos ḥaminados (langkokte egg) · ḥummus (kikerterstuing) · keftes de prasa (purrelappar) · mina de maṣṣá (flatbrød-pai) · pescado frito (fritert fisk) · |
MUSIKK: | sefardisk |
SPRÅK: | hebraisk · arameisk · jødearabisk · portugisisk · kastiljansk (spansk) · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk) |
RETNINGAR: | samaritansk · karaittisk · rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk |