Skilnad mellom versjonar av «Esnoga.no:Hovudside»
Frå Esnoga.no
(37 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
Line 1: | Line 1: | ||
{| | {{div col|colwidth=15em|rules=yes}} | ||
* '''[[project:om|{{SITENAME}}]]''' er ein skandinavisk nettressurs for '''[[sefardím|sefardisk]]''' '''[[sefardisk jødedom|religion]]''', '''[[språk]]''' og '''[[kultur]]'''. Så langt har {{SITENAME}} [[spesial:statistics|{{INNHALDSSIDETAL}}]] [[spesial:allpages|artiklar]] og {{NUMBEROFFILES}} [[special:newimages|bilde og andre mediafiler]], og fleire er på veg. | |||
* '''''{{SITENAME}}''' es un recurso web escandinavo para la religión, los idiomas y la cultura de los sefaradim. Hasta ahora hay [[spesial:statistics|{{INNHALDSSIDETAL}}]] [[spesial:allpages|páginas]] y {{NUMBEROFFILES}} [[special:newimages|imágenes y otros archivos multimedia]] aquí, y hay más en camino.'' | |||
* '''{{SITENAME}}''' is a Scandinavian web resource for Sephardi religion, languages and culture. Thus far, {{SITENAME}} has [[spesial:statistics|{{INNHALDSSIDETAL}}]] [[spesial:allpages|pages]] and {{NUMBEROFFILES}} [[special:newimages|pictures and other media files]], and more are on their way. | |||
'''[[project:om|{{SITENAME}}]]''' er ein skandinavisk nettressurs for '''[[sefardím|sefardisk]]''' '''[[sefardisk jødedom|religion]]''', '''[[språk]]''' og '''[[kultur]]'''. Så langt har {{SITENAME}} [[spesial:statistics|{{INNHALDSSIDETAL}}]] [[spesial:allpages|artiklar]] og {{NUMBEROFFILES}} [[special:newimages|bilde og andre mediafiler]], og fleire er på veg. | {{div col end}} | ||

| | {{Emne Sefardim}} | ||

'''[[:kategori: | {{div col|colwidth=15em|rules=yes}} | ||
'''[[:kategori: | '''[[:kategori:Skandinavia|Skandinavia]]'''
{{Portal randomteaser|count=5|Q|Sefardím_i_Skandinavia}}

'''[[project:Esnogas|Esnogas]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Esnogas}}

'''[[:kategori:Symbol|Symbol]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Symbol}}

'''[[:kategori:Rabbinarar|Rabbinarar]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Rabbinarar}}

'''[[project:Mat og drikke|Mat]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Sefardisk_mat | |||
¦Drikke¦Mat_og_drikke}}

'''[[project:Musikk|Musikk]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Musikk¦Sefardisk_musikk¦Tehillím}}

'''[[:kategori:Sefardím|Forfattarar, komponistar og musikarar]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Sefardiske_forfattarar¦Sefardiske_komponistar¦Sefardiske_musikarar}}

'''[[:kategori:Språk|Språk]]'''
{{Portal randomteaser|count=5|Q|Språk}}

'''[[:kategori:Kunst og handverk|Kunst og handverk]]'''
{{Portal randomteaser|count=3|Q|Sefardisk_kunst%¦Sefardiske_kunstnarar}}

'''[[:kategori:Masorti jødedom|Masorti jødedom]]'''
{{Portal randomteaser|count=2|Q|Masorti_jødedom}}

'''[[project:Progressiv jødedom|Progressiv jødedom]]'''
{{Portal randomteaser|count=2|Q|Progressiv_jødedom}}

'''[[Project:Ortodoks jødedom|Ortodoks jødedom]]'''
{{Portal randomteaser|count=2|Q|Ortodoks_jødedom}}

{{div col end}} | |||

{{Innhald}} | {{Innhald}} | ||
[[Kategori:Kategoriar| | [[Kategori:Kategoriar| ]] |
Versjonen frå 21. mars 2022 kl. 23:42
- Esnoga.no er ein skandinavisk nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 569 artiklar og 652 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.
- Esnoga.no es un recurso web escandinavo para la religión, los idiomas y la cultura de los sefaradim. Hasta ahora hay 569 páginas y 652 imágenes y otros archivos multimedia aquí, y hay más en camino.
- Esnoga.no is a Scandinavian web resource for Sephardi religion, languages and culture. Thus far, Esnoga.no has 569 pages and 652 pictures and other media files, and more are on their way.
SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS |
Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702, Raphael Jesurum i 1703 og Jacob Cohen og Jacob Franco i 1704. Alle desse var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen. Les meir …
Leon Lopez, òg skrive Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan føre Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket. Les meir …
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinneleg kom frå Hamburg. Han er nemnt i folketeljinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande. I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamburg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph døydde den 25. mai 1900. Les meir …
Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born av Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania). Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo. Les meir …
Vi veit ikkje så mykje om norsk-jødisk historie føre 1851. I 1844 vart forbodet mot portugisarjødar i kongeriket Norge oppheva, og i 1851 vart òg forbodet mot asjkenaziske jødar oppheva ved grunnlovsendring. Da hadde det vore eit meir eller mindre totalt forbod mot jødar på norsk jord sidan 1814. Men føre 1814 var situasjonen ein litt annan: Etter loven hadde asjkenaziske (sentral- og austeuropeiske) jødar ikkje adgang til Norge — enten i det heile teke eller, i enkelte periodar, berre med leidebrev; men sefardiske (spanske/portugisiske) jødar trong ofte ikkje slike leidebrev — og i andre periodar kunne asjkenaziske jødar reise til Norge utan leidebrev òg. Denne sida er eit forsøk på å samle informasjon om desse fire punkta: Kva var den offisielle jødepolitikken? Kva skjedde i praksis? Fanst det jødar som hadde samband med Norge eller var i Norge i kortare eller lengre periodar? Sette dei i så fall spor etter seg som vi framleis kan sjå i dag? Les meir …
Kahal Kados Newe Salom, eller Esnogaen i Altona, vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Norge etter ein petisjon frå dei 18 portugisarjødiske familiane der, og innvigd den 6. september same året. Esnogaen, som låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (noverande Hoheschulstraße), vart brukt av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart selt til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamburg by og riven. Les meir …
Kahal Kados Bet Israel i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamburg vart innvigd torsdagen den 14. mars 1935 kl. 20:00 som den siste synagogen som vart innvigd i Nazi-Tyskland. Ḥakhám (rabbinar) var Selomo Rodrigues Pereira. Les meir …
Templul Sefard din Constanța, eller Det sefardiske tempelet i Constanța, var ein esnoga i stradă Mircea cel Bătrân nr. 18 i Constanța i Romania. Den første sefardiske esnogaen i Constanța vart bygd på same tomta, som var donert frå Ismail Kemal Bey, i 1866. Den nye esnogaen vart bygd på same tomta frå 1903 av og ferdigstilt i 1905 eller 1908 i katalansk-gotisk stil etter teikningar av den austerrikske arkitekten Adolf Linz og dekorert av målaren Moritz Finkelstein. Under andre verdskrigen vart esnogaen konfiskert av dei rumenske myndigheitene og brukt bl.a. som ammunisjonslager, og han vart mykje skadd. I 1977 vart esnogaen meir skadd under eit jordskjelv, og i 1989 vart bygninga riven. Les meir …
Ein puntero (sp./jød.sp., ‘pekar, pekestokk’; pl. punteros), òg skrive ponteiro (pt.; pl. ponteiros), eller ein yad (pl. yadím; frå hebr. יד, ‘hand’) er ein pekestokk som tradisjonelt blir bruka til å følgje teksten med når ein les frå Toráen. Punteroen blir bruka for å unngå å røre sjølve pergamentet i seferen, ettersom det ikkje absorberer blekk, slik at bokstavane lett blir øydelagt ved fingerkontakt. Punteroen kan vera laga av sølv (vanlegast), tinn, tre eller andre materialar og er oftast forma som ei meir eller mindre realistisk hand (arm) med ein pekande pekefinger. Les meir …
Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utanom desse dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím bruker oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre, sauebukk); Italienske jødar og ein del sefardím bruker òg geitebukk. Témaním (yemenittiske jødar) bruker derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant somme sefardím blir det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt ein del bruka. Les meir …
Ein sjivvíti er ein mikrografisk presentasjon sentrert kring Tehillím 16:8 (שויתי יי לנגדי תמיד) og Tehillím 67 — den sistnemnte skrìven i form av ein menorá. Sjivvíti finst i ein del sefardiske, mizraḥiske og ḥasidiske siddurím for meditasjon over Namnet under morgongudstenesta. I mange austleg sefardiske og mizraḥiske synagogar markerer ein sjivvíti retninga mot Ereṣ Yisraél og Jerusalem. Sjivvítien blir òg ein del bruka til å markere bøneretninga i sefardiske og mizraḥiske heimar. Les meir …
Gabriel Farhi (f. 1968) er ein liberal rabbinar av osmansk-sefardisk slekt frå Frankrike. Gabriel Farhi vart fødd den 25. mai 1968 som son av rabbinar Daniel Farhi. Han studerte ved det rabbinske seminaret Leo Baeck College i London og vart ordinert som rabbinar der i 1996. Til daglig arbeider han som rabbinar i synagogen i rue Gaston de Caillavet i 15ème arrondissement i Paris og som sjukehusrabbinar ved l’Hôpital européen Georges-Pompidou i Paris. Han er òg ein av de tre rabbinarane som ledar Mouvement Juif Libéral de France (‘den liberale jødiske rørsla i Frankrike’). Les meir …
Rabbinar Baruch Gigi (ברוך גיגי) er ein rosj yesjibá ved Yeshivat Har Etzion i Gush Etzion rett sørom Jerusalem. Baruch Gigi vart fødd i Marokko og immigrerte til Israel da han var elleve år gammal. Han studerte ved eit yesjibá-gymnas i Ḥefá (Haifa), og begynte så å studere ved Yeshivat Har Etzion i 1974. Han fikk semikhá som rabbinar frå Overrabbinatet i Israel, og han fikk òg ein BEd-grad frå Herzog College. Les meir …
Haim Bejarano (1846–1931) var ein osmansk-sefardisk ḥakhám, diktar og språkforskar frå Bulgaria som blant anna virka som rabbinar ved Cahal Grande i București i Romania og som rabbinar i Edirne i Tyrkia; og i det siste tiåret av livet sitt som hahambaşı (overrabbinar) for Tyrkia. Han er blant mykje anna kjent som diktaren av ḥanukkasongen «Ḥag hammakkabbím». Les meir …
Borekas, òg skrive borecas, burekas, bourekas og burecas liknar på börek på tyrkisk; sistnemnte finst på menyen i mange tyrkisk-drìvne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er börek ein innbakt butterdeigspai med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske böreken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas, pastichi) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borekas. Les meir …
Pescado frito, eller panert fisk frityrsteikt i vegetabilsk olje, er ein matrett med sefardisk opphav. Denne tillagingsmåten gjer at fisken held seg sprø utanpå og saftig inni og med like god smak kald som varm. Pescado frito blir tradisjonelt servert som kald matrett til desayuno på laurdag etter at tefilláen (morgongudstjenesta, inkludert torálesing og musáf) er ferdig. Les meir …
Aroz amariyo (djudeospanyol), arroz amarillo (kastiljansk) eller gul ris er ein tradisjonell matrett, blant sefardím og i generell matkultur frå Sentral-Asia og Indonesia via Middelhavet til Latin-Amerika og Sør-Afrika. For å gjera risen gul blir det vanlegvis brukt enten safran, gurkemeie eller annatto. Les meir …
Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utanom desse dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím bruker oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre, sauebukk); Italienske jødar og ein del sefardím bruker òg geitebukk. Témaním (yemenittiske jødar) bruker derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant somme sefardím blir det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt ein del bruka. Les meir …
Eit pipeorgel (nyn./bm., sv. piporgel, da. pibeorgel) er eit tangentinstrument der tonane blir frambrakt av luft som blir pressa gjenom piper av tre eller metall — enten ved spalteblåsing på same viset som på blokkfløyte eller med rørblad på liknande vis som klarinett. Kvar pipe kan gje éi tonehøgd, og eitt sett av éi pipe per tangent i heile omfanget blir kalla ein stemme. Pipeorgela har vanlegvis mange stemmar med ulik klangfarge, tonehøgd og styrke som kan brukast enkeltvis eller i kombinasjon med hjelp av registertrekk. Det kan vera éin eller fleire manualar (tangentrekkjer), og mange orgel har ei pedalrekkje òg. Pipeorgel er oftast store instrument som er fast plassert i bygningar. I nyare tid er pipeorgel vanlegast i kyrkjer, men dei blir òg bruka i ein del esnogas (synagogar) og konsertsalar. Repertoaret inkluderer religiøs og verdsleg musikk. Ein person som spelar på pipeorgel blir oftast kalla organist. Les meir …
«Bendigamos al altísimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over same temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødar på Gibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon. Les meir …
Emanuel Aguilar (1824–1904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 av foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror til Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien til det portugisarjødiske samfunnet i England. Les meir …
Robert Martin Henriques (fødd 14. december 1858 i København; død 29. desember 1914 på Frederiksberg) var ein dansk cellist, musikkanmeldar og komponist. Han var i slekt med med violinisten og komponisten Fini Henriques. I barndomsheimen kom fleire av dei mest framtredande musikkpersonane på den tida, bl.a. Edvard Grieg og Anton Rubinstein. Robert Henriques studerte cello hos Fritz Bendix og Franz Neruda og seinare i Tyskland hos Friedrich Grützmacher og David Popper, og i musikkteori av Edmund Kretschmer. Les meir …
Abraham de Casseres, òg skrive Abraham de Cáceres, var ein portugisarjødisk musikar som levde i Nederland tidleg på 1700-talet. Første gong vi hører om honom er i 1718. Frå 1720 til 1740 var han komponist for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han sette blant anna musikk til fleire av dikta av Moses Hayyim Luzzatto. Av verk etter honom kjenner vi blant anna kantaten Hesqui hesqui, som han komponerte i 1725 til ein tekst av Ishac Aboab da Fonseca for simḥàt Torá. Les meir …
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skrìve med det hebraiske alfabetet. Les meir …
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar. Les meir …
Djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanyol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanyol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding. Les meir …
Amedeo Modigliani, fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike, var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teiknar. Modigliani var det fjerde og yngste barnet til Flaminio Modigliani og Eugenia Garsin. Heimbyen hadde ei stor jødisk befolkning, og han vart fødd inn i ein opprinneleg velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar. I 1895, elleve år gammal, vart han ramma av lungehinnebetennelse, og da han var fjorten fikk han tyfus. I 16-årsalderen fikk han lungehinnebetennelse att og pådrog seg òg tuberkulose. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å begynna å måle, og mor hans ordna det slik at han fikk studere med landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno. Les meir …
Camille Pissarro (1830–1903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar av portugisarjødisk slekt. Camille Pissarro vart fødd den 10. juli 1830 i Charlotte Amalie på St. Thomas i daverande Dansk Vestindia av foreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein portugisarjøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammal, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vendte tilbake til St. Thomas for å få opplæring i forretninga til faren. På den tida bruka han all fritida til teikning. I 1852 reiste han til Venezuela i lag med med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytta han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Jean-Baptiste Camille Corot. Les meir …
Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques. Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (1771–1846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (1785–1857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg. Les meir …
Masorti jødedom eller konservativ jødedom er ei retning av jødedommen som ligg mellom ortodoks jødedom og progressiv jødedom. Masorti jødedom har til felles med ortodoks jødedom at halakhá blir sett på som absolutt bindande for det jødiske folket. Hovudskilnaden mellom desse to retningane går dermed meir på korleis ein avgjer kva som er halakhá enn kor viktig halakhá er. I masorti jødedom legg ein relativt stor vekt på den noko meir fleksible/variable læra til risjoním (dei rabbinske autoritetane frå 1000-talet til først på 1500-talet), medan tendensen i ortodoks jødedom er å legge meir vekt på de meir fast kodifiserte aḥaroním — dei rabbinske autoritetane som levde etter at boka Sjulḥán ʕarúkh kom på 1500-talet. Les meir …
Ann-Gaëlle Attias er ein fransk-sefardisk kvinneleg rabbinar av marokkansk-jødisk bakgrunn. Tidlegare har ho arbeidd som journalist. Ho studerte ved Zacharias Frankel College ved Universität Potsdam der ho fikk semikhá i alder av 48 år søndag den 23. oktober 2022 som den 6. kvinnelege rabbinaren frå Frankrike. Samtidig fekk to andre semikhá: Irene Miriam Muzas Calpe frå Barcelona og Andrés Bruckner frå Columbia. Dette var for øvrig dei tre første rabbinske ordinasjonane i Brandenburg sidan 2. verdskrigen. Ho er tilsett som leiar for Association des Juifs Libéraux de Toulouse i Toulouse. Les meir …
Dame Julia Babette Sarah Neuberger, Baroness Neuberger (f. 27. februar 1950), f. Julia Schwab, er ein rabbinar, sosialreformator og medlem av House of Lords (Overhuset) i Storbritannia for liberaldemokratane. Ho vart utdana ved Newnham College i Cambridge og Leo Baeck College i London. Ho underviste ved Leo Baeck College frå 1977 til 1997. Neuberger var den andre kvinnelige rabbinaren i Storbritannia etter Jackie Tabick og var den første til å ha si eiga menigheit. Les meir …
Humanistisk jødedom eller human-etisk jødedom er ei jødisk rørsle som legg vekt på jødisk kultur og historie heller enn trua på ein overnaturleg gud som kjelda for jødisk identitet. Filosofien i humanistisk jødedom er utleia frå humanisme og livsynshumanisme. Det mest kjennspake trekket ved humanistisk jødedom er at rituala og seremoniane ikkje inneheld bøn til eller påkalling av nokon overnaturleg gud. I si noverande, formaliserte form vart retninga humanistisk jødedom grunnlagt i 1963 av rabbinar Sherwin Wine. Som rabbinar med utdaning innanfor reformødedommen med ei lita, sekulær og ikkje-teistisk menigheit i Michigan, utvikla Wine ein jødisk liturgi som reflekterte dette og den filosofiske ståstaden til menigheita ved å legge vekt på jødisk kultur, historie og identitet saman med humanetikk, samtidig som alle bøner og referansar til ein overnaturleg gud vart tekne bort. Les meir …
Rabbinar Baruch Gigi (ברוך גיגי) er ein rosj yesjibá ved Yeshivat Har Etzion i Gush Etzion rett sørom Jerusalem. Baruch Gigi vart fødd i Marokko og immigrerte til Israel da han var elleve år gammal. Han studerte ved eit yesjibá-gymnas i Ḥefá (Haifa), og begynte så å studere ved Yeshivat Har Etzion i 1974. Han fikk semikhá som rabbinar frå Overrabbinatet i Israel, og han fikk òg ein BEd-grad frå Herzog College. Les meir …
Ortodoks jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem for det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særleg lagt vekt på kasjrút (matforskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahoràt hammisjpaḥá (rituell reinheit i ekteskapet). I hovudtrekk inneber ortodoks jødedom òg et restriktivt syn på kol isjá (kvinnestemmer), zimmún/minyán (teljing av religiøst myndige jødar), kvinner og tallét/tefillín og meḥiṣṣá (skilje mellom manns- og kvinneavdelingar i synagogen, og stundom i andre samanhengar); men i desse spørsmåla er det noko variasjon i den liberale enden av spekteret. Les meir …
SKRIFTER: | Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím) Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedeʕót Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ʕarúkh · Thesouro dos Dinim · Meʕám loʕéz |
LÆRDOM: | talmúd Torá (grunnskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · yesjibá (seminar) · sjiʕúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) · |
SYMBOL: | tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple) |
ESNOGAS: | esnoga (synagoge) · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minyán · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjaḥarít (morgongudsteneste) · musáf (tilleggsgudsteneste) · minḥá (ettermiddagsgudsteneste) · neʕilá (avsluttande ettermiddagsgudsteneste (berre på kippúr)) · ʕarbít (kveldsgudsteneste) Skandinavia: Den første esnogaen i København · Den portugisiske Nakskauer Menighed · Altona: K"K Newe Salom (1771–1882) · Hamburg: K"K Talmud Torah ( ? -1652) · K"K Bet Israel (1652–1842) · K"K Bet Israel (1855–1934) · K"K Bet Israel (1835–1940) · Øvrige Tyskland, Austerrike og Sveits: Der Türkische Tempel (Wien 1888–1938) · Balkan: Cahal Grande (București) · Cahal Chico (București) · Templul Sefard (Constanța) · Storbritannia: Creechurch Lane (1657–1701) · Bevis Marks (1701– ) · Nederlanda: K"K Talmud Torah (1639–1675) · K"K Talmud Torah (1675– ) · Nord- og Sør-Amerika: |
SJABBÁT: | sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · Bendigamos al altísimo · Ya komimos · habdalá |
HØGTIDER: | høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt haʕómer · lag laʕómer · sjabuʕót (vekefesten, pinse) · tisjʕá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”) |
LIVET: | Barndom: fødsel · milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidyón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente) Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥáyil (konfirmasjon av jente) Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · yibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av yibbúm (leviratekteskap)) Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn) Død og sorg: levayyá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj |
MAT/DRIKKE: | mat · kasjrút · sjeḥitá («schächting») · sjabbát · jom tób · pesaḥ Bakverk: bimuelos (oljebollar) · borekas (børek) · boyos (bollos, bollar, inkl. gemberbolus) · jødekaker · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pan de sabbá (sjabbátbrød) · pittá (flatkaker) · roskas (anisbollar) Middagsretter: aroz amariyo (gul ris) · aroz kon tomat (tomatris) · bacalao (torsk med tomat og løk) · kodrero al horno (omnssteikt lammebog) · dolmas (yaprikas, fylte vinblad, kålrulettar) · falafel (friterte kikerterbollar) · ḥammín (dafina) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · huevos ḥaminados (langkokte egg) · ḥummus (kikerterstuing) · keftes de prasa (purrelappar) · mina de maṣṣá (flatbrød-pai) · pescado frito (fritert fisk) · |
MUSIKK: | sefardisk |
SPRÅK: | hebraisk · arameisk · jødearabisk · portugisisk · kastiljansk (spansk) · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk) |
RETNINGAR: | samaritansk · karaittisk · rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk |