Esnoga.no:Hovudside
Frå Esnoga.no
- Esnoga.no er ein skandinavisk nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 571 artiklar og 653 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.
- Esnoga.no es un recurso web escandinavo para la religión, los idiomas y la cultura de los sefaradim. Hasta ahora hay 571 páginas y 653 imágenes y otros archivos multimedia aquí, y hay más en camino.
- Esnoga.no is a Scandinavian web resource for Sephardi religion, languages and culture. Thus far, Esnoga.no has 571 pages and 653 pictures and other media files, and more are on their way.
|
SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS |
er det tysdag den 6. oktober 2026. I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2026
Dei høge helgedagane eller dei høge heilagdagane er eit uttrykk som somme gonger blir brukt om rosj hasjaná og kippúr, og gjerne òg den veka som ligg mellom dei. Uttrykket ligg nær i tyding til uttrykket yamím noraím — eit omgrep som blir bruka om alle dei ti dagane frå rosj hasjaná til kippúr. Les meir …
Seliḥót (hebr. סְלִיחוֹת) er namnet på ei rad sonings- og tilgjevingsbøner som tradisjonelt blir lesne i tida fram mot rosj hasjaná og kippúr så vel som på jødiske fastedagar (med unntak av tisjʕá beáb). Det finst mange ulike utgåver av Seliḥót-bønene, alt etter kva tradisjon dei er frå — og i somme tradisjonar etter kva dag dei er for òg. Les meir …
Sjeminí ngaṣéret eller simḥàt Torá er enten den åttande eller den åttande og niande dagen frå begynnelsen av sukkót. I Israel og i progressiv jødedom blir denne høgtida markert som éin dag, medan tradisjonell jødedom utanfor Israel elles markerer høgtida som to dagar og kallar den første dagen sjeminí ngaṣéret og den andre simḥàt Torá. Les meir …
Elias Moses Delbanco (1750–1802) eller Elias Moses Warburg, ofte kalla Elias Delbanco, var ein vekselerar som dreiv forretning i hop med svigerfaren Bendix Henriques i Göteborg. Elias Moses Warburg vart fødd i 1750 i Altona som son til Jettchen Wagner og Moses Warburg. Han tok namnet Delbanco. Elias vart gift med Penina Henriques (1756–1826), dotter av Bendix Henriques, den 29. oktober 1781 i København. Elias Moses Delbanco dødde i København den 11. september 1802. Les meir …
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utanfor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjennom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år. Les meir …
Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born av Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania). Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo. Les meir …
Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske aviser fleire gonger i 1840-åra. Les meir …
Leon Lopez, òg skrive Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan føre Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket. Les meir …
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisninga av jødane frå England i 1290. Denne esnogaen var i bruk fram til Bevis Marks-esnogaen vart innvigd i 1701. Les meir …
Templul Sefard din Constanța, eller Det sefardiske tempelet i Constanța, var ein esnoga i stradă Mircea cel Bătrân nr. 18 i Constanța i Romania. Den første sefardiske esnogaen i Constanța vart bygd på same tomta, som var donert frå Ismail Kemal Bey, i 1866. Den nye esnogaen vart bygd på same tomta frå 1903 av og ferdigstilt i 1905 eller 1908 i katalansk-gotisk stil etter teikningar av den austerrikske arkitekten Adolf Linz og dekorert av målaren Moritz Finkelstein. Under andre verdskrigen vart esnogaen konfiskert av dei rumenske myndigheitene og brukt bl.a. som ammunisjonslager, og han vart mykje skadd. I 1977 vart esnogaen meir skadd under eit jordskjelv, og i 1989 vart bygninga riven. Les meir …
Esnogaen i Amsterdam eller Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Torah (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam). Les meir …
Ein tallét, fleirtal talletót, (hebr. טַלֵּית [ṭallēt] (klassisk), טְלִית [ṭəlīθ] (yemenittisk) el. טַלִּית [ṭallīt] (moderne israelsk)) er eit jødisk bønesjal med ein spesiell dusk, ṣiṣít, i kvart av de fire hjørna. Når vi knyter ṣiṣít, så består «kjernen» av lange trådar (snorer), som helst er laga av ull. Desse trådane (sju av dei) blir sikra av ein lengre tråd (den åttande) som blir vikla kring dei andre og knytt på visse måtar. Vi grupperer knutane ved at vi legg ein eller to ekstra knutar/dobbeltknutar etter dei. Les meir …
Ein puntero (sp./jød.sp., ‘pekar, pekestokk’; pl. punteros), òg skrive ponteiro (pt.; pl. ponteiros), eller ein yad (pl. yadím; frå hebr. יד, ‘hand’) er ein pekestokk som tradisjonelt blir bruka til å følgje teksten med når ein les frå Toráen. Punteroen blir bruka for å unngå å røre sjølve pergamentet i seferen, ettersom det ikkje absorberer blekk, slik at bokstavane lett blir øydelagt ved fingerkontakt. Punteroen kan vera laga av sølv (vanlegast), tinn, tre eller andre materialar og er oftast forma som ei meir eller mindre realistisk hand (arm) med ein pekande pekefinger. Les meir …
Ein ṣiṣít (hebr. צִיצִת el. צִיצִית [ṣīṣīt]; fleirtal ṣiṣiyyót), òg skrive tsitsit og tzitzit, er ei hjørnefrynse på ein tallét (bønesjal). Fram til kring 600- til 800-talet hadde ṣiṣiyyót, som generelt er kvite, éin tråd farga med det blåe fargestoffet tekhélet. Etter den tid er tilverkingsmåten for tekhélet vorte glømt, og hovudsynet i rabbinsk jødedom er at ein ikkje kan bruke andre fargestoff for blåfargen i ṣiṣiyyót enn den originale tekhélet. Det er derfor vanlegast i nyare tid å sjå einsfarga kvite ṣiṣiyyót. I 1913 erklærte r. Isaac Herzog at den mest sannsynlege kjelda til historisk tekhélet var purpursnegelen Murex trunculus, sjølv om det på den tida ikkje fanst nokon kjent prosess som resulterte i blå pigmentering frå den kjelda. I 1980 oppdaga prof. Otto Elsner i Israel at sekret frå Murex trunculus farga ull indigoblå om fargeprosessen skjedde i sterkt sollys. Les meir …
Abraham Lopes Cardozo z"l (f. 27. september 1914 i Nederland, d. 21. februar 2006) var ein nederlandsk-sefardisk ḥazzán og rabbinar som var særleg kjent for arbeidet sitt med å vidareføre og dokumentere den portugisarjødiske tradisjonen. Abraham Lopes Cardozo vart fødd i 1914 i Nederland som son av Joseph Lopes Cardozo. Han studerte ved Ets Chaim-seminariet i Amsterdam. I 1939 vart han utnemnt til rabbinar for den sefardiske menigheita i Paramaribo i Surinam. I 1946 kom han så til New York City som ḥazzán ved Shearith Israel — og han vart verande i den stillinga til han gikk av med pensjon i 1984. Les meir …
Mosjé ben Maimón (30. mars 1135—13. desember 1204), hebr. משֶׁה בֶּן מַיימוֹן [mō'še ben maj'mōn], j.-arab. מוסא אבן מימון ['mūsa ibn may'mūn], gr./lat. Moses Maimonides), mest kjent som Maimonides, var ein dokter, rabbinar og filosof som er særleg kjent for det halakhiske verket Misjné Torá og den filosofiske boka Dalālat al-ha’irīn (meir kjent som Moré nebukhím eller De rådvilles lærar) — ei bok som søkjer å harmonisere jødedommen med vitskap og aristotelisk filosofi. Mosjé ben Maimón vart fødd den 30. mars 1135 i Córdoba i Spania, som på den tida var under muslimsk styre, og studerte Torá under far sin, Maimón, og rebbí Yoséf ibn Migásj. Familien flykta til Marokko etter at Córdoba fall og vart innteken av almohadane. I Marokko tok han til seg det meste av den sekulære lærdommen sin da han studerte ved universitetet i Fez. I tida han var der skreiv han det kjente kommentarverket sitt til Misjná. Les meir …
Ḥakhám Jangakób ben Aharón Sasportas (1610–1698) var ein sefardisk rabbinar og erklært motstandar av den falske masjíaḥen Sjabbetái Ṣebí. Jangakób ben Aharón Sasportas vart fødd i Oran i Algerie i 1610. Sasportas-familien frå Oran i Algerie var etterkommarar etter Naḥmanides (haRamban). Namnet deiras kjem frå «Seis Portas» (seks portar). Frå 24-årsalderen arbeidde ḥakhám Jangakób ben Aharón Sasportas i ei jødisk menigheit i Tlemcen i Marokko, og seinare òg i Fez og Sali. Frå 1653 til han døydde den 15. april 1698 var han hovudsakleg basert i Amsterdam, med unntak av ein femårsperiode kring andre halvdel av 1670-åra da han var i Livorno i Italia. Les meir …
Rosinvin er ein alkoholfri drikk som er laga ved å koke rosiner i vatn. Dette er ein gammal tradisjon i mange sefardiske familiar, inkludert anusím (skjulte jødar). Rosinvin er særleg bruka i samband med pesaḥfeiringa. Les meir …
Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitron på norsk, er ei veldig aromatisk, sitronliknande frukt i sitrusfamilien. Etróg er eitt av slaga i arbaʕá miním (dei fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten). I tillegg blir albedoen (det kvite området mellom ytterskalet og sjølve fruktkjøttet) bruka til å laga sukatar. I tidlegare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme for klede. Les meir …
Keftes de prasa eller fritas de prasa er lappar av prasa (purre) som tradisjonelt blir etne under ḥanukká, rosj hasjaná og pesaḥ av osmanske sefardím og ein del syriske jødar. Keftes de prasa kan vera setám (sjå oppskrift nedanfor), men kan òg vera enten ḥaláb (om ein f.eks. legg til litt feta) eller basár (keftes de prasa i karne, om ein legg til kjøtt). Les meir …
Pepparkaker (nyn. peparkaker, peparkakor; sv. pepparkakor; bm. pepperkaker; da. peberkager) er ein sort tynne, sprøe kaker som får den krydra smaken sin frå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje alltid pepar. Den første dokumenterte bakinga og etinga av pepparkaker i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, trulig på Båhus festning på den daverande grensa mellom Norge og Sverige: Reknskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet mellom kong Magnus Eriksson av Sverige, Norge og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydeleg at dei baka pepparkaker. Les meir …
Guevos ḥaminados (j.sp.) eller huevos ḥaminados (kastiljansk) er egg som har vore trekt i mange timar — enten i ḥammín eller for seg sjølv med løkskrell og ofte litt kaffe eller te i vatnet. Når ein kokar dei separat, så kan dei takast ut og skalet småknusast for å få ein marmorert effekt på dei ferdige, skrelte egga (sjå bilde). Guevos ḥaminados er ein klassisk sefardisk matrett for både sjabbát og pesaḥ og kan serverast varme eller kalde. Les meir …
Med samaritansk musikk meiner vi her den musikken som hører til den samaritanske religionsutøvinga og som blir framført av menn. I musikk av meir verdsleg karakter skil ikkje samaritanarane sin musikk seg vesentleg frå den verdslege musikken i dei andre kulturane i området. Akkurat som tilfellet tradisjonelt er blant dei yemenittiske jødane, så tek kvinnene slett ikkje del i den religiøse musikken, og kvinnene sin musikk ligg dermed mykje nærmare opp til musikken til nabofolka. Instrumentalmusikk finst ikkje i den samaritanske religiøse tradisjonen — ikkje ein gong sjofár שׁוֹפָר [šōfār], bukkehorn) blir bruka. Les meir …
Tehillím 92, eller «Mizmór sjir leyóm hasjabbát», blir sungen som del av ʕarbít på fredagskvelden og markerer det punktet i gudstenesta at menn ifølgje Sjulḥán ʕarúkh (Óraḥ ḥayyím 261:4) tek på seg sjabbátkvila, enda om det skulle vera føre solnedgang. I fredagskveldsgudstenesta kjem «Mizmór sjir leyóm hasjabbát» etter «Lekhá dodí» og føre Tehillím 93 («Adonái malákh, geút labésj»). Les meir …
Ein sjivvíti er ein mikrografisk presentasjon sentrert kring Tehillím 16:8 (שויתי יי לנגדי תמיד) og Tehillím 67 — den sistnemnte skrìven i form av ein menorá. Sjivvíti finst i ein del sefardiske, mizraḥiske og ḥasidiske siddurím for meditasjon over Namnet under morgongudstenesta. I mange austleg sefardiske og mizraḥiske synagogar markerer ein sjivvíti retninga mot Ereṣ Yisraél og Jerusalem. Sjivvítien blir òg ein del bruka til å markere bøneretninga i sefardiske og mizraḥiske heimar. Les meir …
Robert Martin Henriques (fødd 14. december 1858 i København; død 29. desember 1914 på Frederiksberg) var ein dansk cellist, musikkanmeldar og komponist. Han var i slekt med med violinisten og komponisten Fini Henriques. I barndomsheimen kom fleire av dei mest framtredande musikkpersonane på den tida, bl.a. Edvard Grieg og Anton Rubinstein. Robert Henriques studerte cello hos Fritz Bendix og Franz Neruda og seinare i Tyskland hos Friedrich Grützmacher og David Popper, og i musikkteori av Edmund Kretschmer. Les meir …
Abraham de Casseres, òg skrive Abraham de Cáceres, var ein portugisarjødisk musikar som levde i Nederland tidleg på 1700-talet. Første gong vi hører om honom er i 1718. Frå 1720 til 1740 var han komponist for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han sette blant anna musikk til fleire av dikta av Moses Hayyim Luzzatto. Av verk etter honom kjenner vi blant anna kantaten Hesqui hesqui, som han komponerte i 1725 til ein tekst av Ishac Aboab da Fonseca for simḥàt Torá. Les meir …
Maurice Abravanel (1903–1993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og for framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i same huset som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement i lag med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapelig oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich. Les meir …
Djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanyol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanyol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding. Les meir …
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skrìve med det hebraiske alfabetet. Les meir …
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar. Les meir …
Amedeo Modigliani, fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike, var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teiknar. Modigliani var det fjerde og yngste barnet til Flaminio Modigliani og Eugenia Garsin. Heimbyen hadde ei stor jødisk befolkning, og han vart fødd inn i ein opprinneleg velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar. I 1895, elleve år gammal, vart han ramma av lungehinnebetennelse, og da han var fjorten fikk han tyfus. I 16-årsalderen fikk han lungehinnebetennelse att og pådrog seg òg tuberkulose. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å begynna å måle, og mor hans ordna det slik at han fikk studere med landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno. Les meir …
Camille Pissarro (1830–1903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar av portugisarjødisk slekt. Camille Pissarro vart fødd den 10. juli 1830 i Charlotte Amalie på St. Thomas i daverande Dansk Vestindia av foreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein portugisarjøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammal, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vendte tilbake til St. Thomas for å få opplæring i forretninga til faren. På den tida bruka han all fritida til teikning. I 1852 reiste han til Venezuela i lag med med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytta han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Jean-Baptiste Camille Corot. Les meir …
Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques. Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (1771–1846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (1785–1857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg. Les meir …
Ann-Gaëlle Attias er ein fransk-sefardisk kvinneleg rabbinar av marokkansk-jødisk bakgrunn. Tidlegare har ho arbeidd som journalist. Ho studerte ved Zacharias Frankel College ved Universität Potsdam der ho fikk semikhá i alder av 48 år søndag den 23. oktober 2022 som den 6. kvinnelege rabbinaren frå Frankrike. Samtidig fekk to andre semikhá: Irene Miriam Muzas Calpe frå Barcelona og Andrés Bruckner frå Columbia. Dette var for øvrig dei tre første rabbinske ordinasjonane i Brandenburg sidan 2. verdskrigen. Ho er tilsett som leiar for Association des Juifs Libéraux de Toulouse i Toulouse. Les meir …
Rabbinar Amy Eilberg (f. 12. oktober 1954) vart i 1985 den første kvinna som vart ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America, det viktigaste rabbinske seminaret innanfor masorti jødedom. Ho var den første kvinna som vart medlem av Rabbinical Assembly sin Committee on Jewish Law and Standards i 1986. Fram til 2004 hadde JTS ordinert over 150 kvinnelige rabbinarar og Ziegler School of Rabbinic Studies hadde ordinert kring 30. Les meir …
David Woolf Marks (1811–1909) var den første åndelege leiaren for West London Synagogue of British Jews og blir rekna som «far til den engelske reformjødedommen». David Woolf Marks vart fødd den 22. november 1811 i London av foreldra Mary og Woolf Marks. Han utdana seg ved Jews’ Free School i London. Han fungerte som pupil-teacher (lærarpraktikant) ved Solomon’s boarding-school i Hammersmith i fem år, og etter detta vart han assisterande lesar ved St. Alban’s Synagogue. Han sa opp den sistnemnte stillinga for å reise til Liverpool som assisterande lesar og sekretær. I Liverpool kom reformlegninga hans til uttrykk ved at han nekta å lesa frå Toráen på andre dagen av sjelósj regalím. Les meir …
Rabbinar Ira Eisenstein (1910–2004) grunnla, i lag med Mordecai Kaplan, den rekonstruksjonistiske jødedommen i løpet av tida frå 1920-åra til 1940-åra. Under denne første tida var rekonstruksjonistisk jødedom ei radikal fløy innanfor amerikansk konservativ (masorti) jødedom, men vart seinare formelt utskilt som ei sjølvstendig retning av jødedommen i og med opprettinga av the Reconstructionist Rabbinical College i 1968. Ira Eisenstein var fødd og oppvaksen i New York. Han tok Bachelor-graden og seinare òg ein doktorgrad ved Columbia University. I 1931 fikk han rabbinsk ordinasjon frå Jewish Theological Seminary. Blant lærarane hans der var rabbinar Mordecai Kaplan. Les meir …
Ortodoks jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem for det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særleg lagt vekt på kasjrút (matforskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahoràt hammisjpaḥá (rituell reinheit i ekteskapet). I hovudtrekk inneber ortodoks jødedom òg et restriktivt syn på kol isjá (kvinnestemmer), zimmún/minyán (teljing av religiøst myndige jødar), kvinner og tallét/tefillín og meḥiṣṣá (skilje mellom manns- og kvinneavdelingar i synagogen, og stundom i andre samanhengar); men i desse spørsmåla er det noko variasjon i den liberale enden av spekteret. Les meir …
Rabbinar Baruch Gigi (ברוך גיגי) er ein rosj yesjibá ved Yeshivat Har Etzion i Gush Etzion rett sørom Jerusalem. Baruch Gigi vart fødd i Marokko og immigrerte til Israel da han var elleve år gammal. Han studerte ved eit yesjibá-gymnas i Ḥefá (Haifa), og begynte så å studere ved Yeshivat Har Etzion i 1974. Han fikk semikhá som rabbinar frå Overrabbinatet i Israel, og han fikk òg ein BEd-grad frå Herzog College. Les meir …
Interne ressursar – Internal resources – Recursos internos
| SKRIFTER: | Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím) Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedeʕót Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ʕarúkh · Thesouro dos Dinim · Meʕám loʕéz |
| LÆRDOM: | talmúd Torá (grunnskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · yesjibá (seminar) · sjiʕúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) · |
| SYMBOL: | tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple) |
| ESNOGAS: | esnoga (synagoge) · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minyán · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjaḥarít (morgongudsteneste) · musáf (tilleggsgudsteneste) · minḥá (ettermiddagsgudsteneste) · neʕilá (avsluttande ettermiddagsgudsteneste (berre på kippúr)) · ʕarbít (kveldsgudsteneste) Skandinavia: Den første esnogaen i København · Den portugisiske Nakskauer Menighed · Altona: K"K Newe Salom (1771–1882) · Hamburg: K"K Talmud Torah ( ? -1652) · K"K Bet Israel (1652–1842) · K"K Bet Israel (1855–1934) · K"K Bet Israel (1835–1940) · Øvrige Tyskland, Austerrike og Sveits: Der Türkische Tempel (Wien 1888–1938) · Balkan: Cahal Grande (București) · Cahal Chico (București) · Templul Sefard (Constanța) · Storbritannia: Creechurch Lane (1657–1701) · Bevis Marks (1701– ) · Nederlanda: K"K Talmud Torah (1639–1675) · K"K Talmud Torah (1675– ) · Nord- og Sør-Amerika: |
| SJABBÁT: | sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · Bendigamos al altísimo · Ya komimos · habdalá |
| HØGTIDER: | høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt haʕómer · lag laʕómer · sjabuʕót (vekefesten, pinse) · tisjʕá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”) |
| LIVET: | Barndom: fødsel · milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidyón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente) Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥáyil (konfirmasjon av jente) Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · yibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av yibbúm (leviratekteskap)) Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn) Død og sorg: levayyá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj |
| MAT/DRIKKE: | mat · kasjrút · sjeḥitá («schächting») · sjabbát · jom tób · pesaḥ Bakverk: bimuelos (oljebollar) · borekas (børek) · boyos (bollos, bollar, inkl. gemberbolus) · jødekaker · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pan de sabbá (sjabbátbrød) · pittá (flatkaker) · roskas (anisbollar) Middagsretter: aroz amariyo (gul ris) · aroz kon tomat (tomatris) · bacalao (torsk med tomat og løk) · kodrero al horno (omnssteikt lammebog) · dolmas (yaprikas, fylte vinblad, kålrulettar) · falafel (friterte kikerterbollar) · ḥammín (dafina) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · guevos ḥaminados (langkokte egg) · ḥummus (kikerterstuing) · keftes de prasa (purrelappar) · mina de maṣṣá (flatbrød-pai) · pescado frito (fritert fisk) · |
| MUSIKK: | sefardisk |
| SPRÅK: | hebraisk · arameisk · jødearabisk · portugisisk · kastiljansk (spansk) · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk) |
| RETNINGAR: | samaritansk · karaittisk · rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk |
Eksterne ressursar – External resources – Recursos externos
- Portugisarjødar
- K"K Talmud Torah - Amsterdam, Nederland
- S&P Sephardi Community - London, England
- Liturgical Music of Shaar Hashamayim - London, England
- Shearith Israel - New York, New York, USA
- K"K Mikveh Israel - Philadelphia, Pennsylvania, USA
- Beth Midrash Eleazar: a Sepharadi educational center in the Caribbean - ḥakhám Yehonatan Elazar-DeMota
- Mikvé Israel-Emanuel - rekonstruksjonistisk, Curaçao
- Maghrebím
- Rabbi David Kadoch på YouTube
- Osmanske sefardím
- Sephardic.com - ḥazzán Hezkia Eliezer Arochas
- The Sephardic Jewish Brotherhood of America - La Ermandad Sefaradi
- Zemirot.org - et arkiv av osmansk-sefardisk og romaniotisk liturgi frå Tyrkia, Hellas og Balkan
- Osmanske sefardím ― Europa
- Sinagoga Sukat Šalom - Beograd, Serbia
- Osmanske sefardím ― USA ― nordaust
- The Sephardic Jewish Center of Canarsie - Cedarhurst, New York, USA
- The Sephardic Temple of Cedarhurst - Cedarhurst, New York, USA
- The Sephardic Jewish Center of Forest Hills - Forest Hills, New York, USA
- Osmanske sefardím ― USA ― søraust
- Congregation Or VeShalom - progressiv sefardisk - Atlanta, Georgia, USA
- Temple Moses Sephardic Congregation of Miami (kubansk) - Miami Beach, Florida, USA
- Osmanske sefardím ― USA ― midtvesten
- Etz Chaim Sephardic Congregation (selaniklí, monastirlí, tyrkisk) - ortodoks sefardisk - Indianapolis, Indiana, USA
- Osmanske sefardím ― USA ― vest
- Congregation Ezra Bessaroth (rodeslí) - Seattle, Washington, USA
- Hazzan Isaac Azose - Seattle, Washington, USA
- Sephardic Bikur Holim Congregation (tyrkisk) - Seattle, Washington, USA
- Congregation Ahavath Achim - Portland, Oregon, USA
- Sephardic Temple Tifereth Israel - Los Angeles, California, USA