Esnoga.no:Høgtider og merkedagar

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Høgtidene og merkedagane i jødedommen kan delast inn i fleire kategoriar: Sjabbát er den jødiske kviledagen og varar frå fredagskvelden ved solnedgang til laurdagskvelden etter solnedgang. Yamím tobím er helgedagar med noko mildare arbeidsforbod — anna enn under kippúr og når yom tób fell på sjabbát. Ḥol hammoʕéd er romhelga mellom dei første og siste dagane av pesaḥ og sukkót. Taʕaniyyót er fastedagar.


Artiklar

Hanukkiyya 1.jpg
Ḥanukká (hebr. חֲנֻכָּה eller חֲנוּכָּה), stundom òg skrive chanukka og ofte kalla den jødiske lysfesten, blir feira i åtte døgn kring nymåne i desember — frå 25. kislév til eit par dagar uti tebét. I 2023 varer ḥanukká frå solnedgang torsdag den 7. desember til solnedgang fredag den 15. desember. Kvar kveld tenner vi lys i ein ḥanukkiyya (sjå bildet) Ein ḥanukkiyya er ei oljelampe eller ein lysestake med plass til åtte lys, og éin plass for «tenaren» (sjå meir om tenaren i kapitlet «Tenning av lys»). Første kvelden tenner vi eitt lys og tenaren, andre kvelden to lys og tenaren, og så vidare inntil vi tenner alle åtte lysa og tenaren på den åttande kvelden. Vi et gjerne mjølkemat (særlig mizraḥisk og sefardisk skikk) og mat steikt eller kokt i olje (særlig asjkenazisk og tildels sefardisk skikk). Elles er det vanleg å gje kvarandre gåver og å synge eller spela glad musikk.   Les meir …
Habdala.jpg
Habdalá eller havdalá (hebr. הַבְדָּלָה [haḇdālā]) er namnet på ein jødisk seremoni som markerer overgangen frå sjabbát eller ei jødisk høgtid til kvardag eller frå sjabbát til ei jødisk høgtid. Habdaláen markerer alltid overgangen frå meir heilag til mindre heilag.   Les meir …
Arch.of.Titus-Sack.of.Jerusalem.JPG
Tisjʕá beáb (hebr. ט’ בְּאָב el. תִּשְׁעָה בְּאָב [tiš'ʕā bə'āb]) eller 9. ab, òg kalla taʕanít ab (‘ab-fasta’) og el ayuno negro (sp., ‘den svarte fasta’), er ein sørgje- og fastedag til minne om Tempelets fall i 587 fvt. og 70 evt. I tillegg fann mange andre tragiske hendingar i jødisk historie stad på eller nærme denne datoen, inkludert utvisinga av jødane frå Spania i 1492. Denne utvisinga skjedde for øvrig samtidig med at Christophorus Columbus la ut frå Spania med dei tre skipa sine, visstnok for å prøve å finne sjøvegen til Kina. Dagen blir markert i rabbinsk jødedom med spesielle gudstenester og med full faste frå solnedgang på tisjʕá beáb-aftanen til etter solnedgang ved slutten av tisjʕá beáb-dagen. Når datoen fell på sjabbát, blir dagen markert frå utgangen av sjabbát til søndag kveld etter solnedgang.   Les meir …
Meguilat d ester Call Girona 2015-11-14-1020.jpg
Purím (hebr. פורים [pū'rīm]) er festen som blir feira på 14. adár (i skottår: veadár) til minne om da dronning Estér og onkelen hennar, Mordekhái, fikk berga det jødiske samfunnet i Persia frå undergangen gjennom å avsløre Hamán sine vonde planer for kong Aḥasjverósj. Frå soloppgang til solnedgang på 13. adár er det taʕanít Estér (Esters faste); og frå solnedgang ved inngangen til 14. adár til solnedgang ved inngangen til 15. adár er det purím. På purím les vi megillàt Estér (Esters bok) to gonger — på aftanen og på dagen; vi gjev hjelp til fattige; vi gjev minst éin jødisk ven misjlóaḥ manót — ei matgåve som inneheld minst to ingrediensar og er ferdig til å eta; og vi har eit festmåltid der vi et ekstra god mat — og det er tradisjonelt å drikke meir alkohol enn vi er vant med.   Les meir …
Dei høge helgedagane eller dei høge heilagdagane er eit uttrykk som somme gonger blir brukt om rosj hasjaná og kippúr, og gjerne òg den veka som ligg mellom dei. Uttrykket ligg nær i tyding til uttrykket yamím noraím — eit omgrep som blir bruka om alle dei ti dagane frå rosj hasjaná til kippúr.   Les meir …
Tu beáb (ט"ו באב), eller 15. ab, er ein tradisjonell jødisk festdag. Dagen, som fell ved fullmåne i månaden ab, markerte opprinneleg begynnelsen av druehausten, som varte fram til kippúr (10. tisjré). Da Bet hammikdásj (Tempelet i Jerusalem) stod, vart det bore fram vedoffer der på tu beáb. Det var skikk at dei ugifte jentene i Jerusalem kledde seg i kvitt og dansa i vingardane både på tu beáb, da druehausten begynte, og på kippúr, da druehausten endte. I moderne tid har dagen vorte populær som ein dag for stemnemøte, frieri og bryllaup.   Les meir …
Ḥol hammongéd (hebr. חוֹל הַמּוֹעֵד), eller (los) medianoskastiljansk, er romhelga mellom dei viktigare, fulle helgedagane først og sist i dei jødiske høgtidene pesaḥ og sukkót. Den tradisjonelle helsinga under ḥol hammongéd er «Buenos medianos!» blant portugisarjødar og osmanske sefardím. Under ḥol hammongéd gjeld dei generelle forskriftene for kvar høgtid. Dermed et ein ikkje ḥaméṣ (gjæra brød o.l.) under ḥol hammongéd pesaḥ, og ein et i sukkáen og gjer netilàt luláb under sukkót.   Les meir …
Sigd (hebraisk סיגד) er ei etiopisk-jødisk høgtid som fell på 29. marḥesjván. Sjølve ordet sigd kjem frå det semittiske språket amharisk og betyder ‘prostrasjon’. Rotbokstavane S-G-D er dei same som i det eine av dei to etiopisk-jødiske orda for synagoge eller tempel, mesgid — jamfør det arabiske ordet masġid (el. masdjid), ‘moské’. Sigd symboliserer godtakinga av Toráen. Somme ser sigd som eit minne om openberringane på Har Sinái (Sinaifjellet). Men kessim (eldsterådet i Beta Esrael) har òg halde på tradisjonen at høgtida oppstod ein gong på 1400-talet som resultat av forfølging frå dei kristne Amhara-kongane. Kessim trekte seg tilbake til øydemarka for å be til Gud om nåde. I tillegg arbeidde dei for einheit blant Beta Esrael-folka og for å unngå at dei skulle glømme haymanot (lovane og tradisjonane til Beta Esrael) under forfølgingane.   Les meir …
Seder Moʕéd er den andre av dei seks sedarím i Misjná og i kommentarverka Talmúd yerusjalmí og Talmúd bablí. Seder Moʕadím inneheld 12 massekhtót som alle handlar om halakhá (jødisk religiøs lov) om jødiske høgtider og merkedagar.   Les meir …
ʕEreb (hebr. עֶֽרֶב [ʕereb]) er hebraisk for ‘kveld’ eller ‘aftan’. I samband med samansetningar som ʕereb sjabbát, ʕereb pesaḥ og liknande viser det dels til den første delen av høgtida, som begynner ved solnedgang, og dels til heile dagen føre sjølve høgtidsdagen. Ein parallell til dette er -kvelden eller -aftanen i skandinavisk kristen kultur, der julekvelden dels viser til den delen av juldagen (25. desember) som fell føre midnatt — typisk sétt frå kl. 6 om kvelden den 24. desember, og dels til heile dagen den 24. desember. I jødedommen fell den første dagen av pesaḥ på den 15. nisán. Den eigentlege ʕereb pesaḥ begynner dermed ved solnedgang ved utgangen av 14. nisán, men heile dagen frå morgonen av blir òg kalla ʕereb pesaḥ. Tilsvarande blir heile fredagen frå morgonen av ofte referert til som ʕereb sjabbát.   Les meir …

Populære sider

  1. Yom tób (vist g.)
  2. Ḥanukká (vist g.)
  3. Kippúr (vist g.)
  4. Habdalá (vist g.)
  5. Tisjʕá beáb (vist g.)
  6. Purím (vist g.)
  7. Høgtider og merkedagar (vist g.)
  8. Dei høge helgedagane (vist g.)
  9. Tu bisjbát (vist g.)
  10. Tu beáb (vist g.)
  11. Sjeminí ngaṣéret (vist g.)
  12. Purím katán (vist g.)
  13. Ḥol hammongéd (vist g.)
  14. Taʕanít tammúz (vist g.)
  15. Sigd (høgtid) (vist g.)
  16. Seder Moʕéd (vist g.)
  17. ʕEreb (vist g.)
  18. Mimúna (vist g.)
  19. Matforskrifter for yom tób (vist g.)