Esnoga.no:Esnogas

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

EsnogaAmsterdamTebah.jpg

Ein esnoga (spansk og portugisisk namn blant portugisarjødar) eller ein synagoge (nyn./bm./da.; nyn./sv. synagoga) er eit jødisk gudshus, bedehus eller forsamlingshus. Det finst mange andre namn på synagogen òg — bet kenéset (hebraisk for ‘forsamlingshus’), bet hammedrásj (hebraisk for ‘studiehus’), tempel (opprinneleg reformjødisk) og shul (jiddisch for ‘skule’) er nokre få av dei. Ein esnoga kan vera ei eiga bygning eller eit rom i ei bygning. Esnogaen inneheld normalt minimum: ein Hekhál (ark, toráskåp, aron kódesj (A)) med minst éin sefer (torárull); eit evig lys (ner tamíd); og eit bord (sjulḥán, òg kalla tebá) som Toráen blir lagt på når vi les frå honom — og sjølvsagt sitteplassar for minst ein minján. I tillegg har bortimot alle esnogas ein dukhán — ei plattform som Hekhál står på; og ein tebá (S) (òg kalla almemmár eller bima blant asjkenazím) — ei plattform som lesebordet (sjulḥánen) står på.


Artiklar

Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702, Raphael Jesurum i 1703 og Jacob Cohen og Jacob Franco i 1704. Alle desse var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
Franz Reinhold 001.jpg
Der Türkische Tempel (ty.), eller Det tyrkiske tempelet, låg i Zirkusgasse 22 i 2. Wiener Gemeindebezirk Leopoldstadt. Han vart oppført i 18851887 i nymaurisk stil etter teikningar av arkitekten Hugo von Wiedenfeld og innvigd i 1888. Der Türkische Tempel var esnogaen for det sefardiske samfunnet i Wien fram til han vart rasert av austerrikske pøblar under Krystallnatta den 9. november 1938.   Les meir …
Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore driven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år.   Les meir …
EsnogaAmsterdamTebah.jpg
Esnogaen i Amsterdam eller Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Torah (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam).   Les meir …
Amsterdam1639 Int.png
Kahal Kados Talmud Torah, bygd 1639, var den første felles portugisarjødiske esnogaen (synagogen) i Amsterdam. Tidleg på 1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i Amsterdam tre esnogas i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam — Beth Jacob (ca1602/1610), Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og Beth Israel (1618). Dei tre menigheitene samarbeidde mykje frå 1622 av, og i 1639 vart dei samenslegne under det noverande namnet Talmud Torah. Dei bygde da om to hus ved den daverande Houtgracht til ein felles synagoge.   Les meir …
Hamburg1855 Ext.png
Kahal Kados Bet Israel i Zweite Marktstraße 6 (seinare Marcusstraße) i Hamburg vart bygd av den jødiske arkitekten Abraham (Albert) Rosengarten (18101893) etter at den gamle esnogaen i Alter Wall brann ned i 1842. Esnogaen i Zweite Marktstraße vart innvigd i 1855 og var i bruk fram til 1934, da han vart selt til det asjkenaziske Deutsch-Israelitischen Gemeinde. Utvendig hadde esnogaen treetasjes trapptrinnsmøne i ei slags 1800-talsutgåve av austersjøgotikk. Interiøret var nyromansk med sterke nymauriske innslag. Den portugisarjødiske menigheita flytta inn i esnogaen i Innocentiastraße i 1935.   Les meir …
Kahal Kados Bet Israel i Hamburg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K"K Talmud Torah, K"K Keter Torah og K"K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K"K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamburgbrannen den 5.8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855.   Les meir …
627 innocentiastr 37.jpg
Kahal Kados Bet Israel i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamburg vart innvigd torsdagen den 14. mars 1935 kl. 20:00 som den siste synagogen som vart innvigd i Nazi-Tyskland. Ḥakhám (rabbinar) var Selomo Rodrigues Pereira.   Les meir …
Bevis0007 s.jpg
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisninga av jødane frå England i 1290. Denne esnogaen var i bruk fram til Bevis Marks-esnogaen vart innvigd i 1701.   Les meir …
Picart Portugisarjodisk sefer med vestido osv.png
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkene). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk.   Les meir …
Ein minyán (hebr. מִנְיָן eller מִנְיָין [minjān]) er i rabbinsk jødedom ei samling av minst ti jødar over bené miṣvá-alder samla i eitt rom (f.eks. i esnogaen) eller i ei gruppe utandørs. I Israel fram mot korsfarartida var skikken å rekne sju som minyán ifølgje Massekhet Soferím. Visse jødiske rituelle handlingar kan berre utførast i minyán — slik som resitering av Kaddísj og Barekhú i gudstenesta og inkludering av «Elohénu» i innleiinga til Birkat hammazón. Historisk sett har synet på inkludering av kvinner variert.   Les meir …
EsnogaAmsterdamTebah.jpg
Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה [tē'bā]) er det hovudsakleg sefardiske og italkiske namnet på plattforma i esnogaen der det er ein lesepult der torálesinga og (særleg i sefardisk jødedom) forrettinga av gudstenestene går for seg. I tradisjonelle sefardiske, provençalske, italkiske og romaniotiske synagogar er tebáen vanlegvis plassert nært atterenden av esnogarommet.   Les meir …
Djerba, Synagoge La Ghriba Jan 2002 Innenansicht 5.jpg
El-Ghribasynagogen er ein svært gammal synagoge rett ved Hara Seghira nokre kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske øya Djerba. El-Ghribasynagogen er meir enn 2 000 år gammal, og var dermed over 600 år gammel da Tunisia vart muslimsk. Dermed er han den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda.   Les meir …
Stora Synagogan i Stockholm Inskrifter 2006.jpg
Stora Synagogan i Stockholm vart innvigd i 1870 og er hovudsynagogen til Judiska församlingen i Stockholm. Synagogen vart teikna av arkitekten Fredrik Wilhelm Scholander. Det finst pipeorgel der som blir bruka under gudstenestene. Sitteplassane er inndelt i tre område — til venstre i hovudrommet sitt berre menn, på galleriet sitt berre kvinner, og til høgre i hovudrommet sitt kvinner og menn i lag.   Les meir …
Trondheim jodiske museum.jpg
Den noverande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opprinneleg bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tisdagkvelden den 13. oktober 1925.   Les meir …
6199 St. Joergensveita 7, Trondheim.jpg
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen i St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den novarande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925.   Les meir …
Cahal Grande.jpg
Cahal Grande (קהל גראנדי), òg kjent som Marele templu sefard Cahal Grande og Templul Mare Spaniol, låg i stradă Negru Vodă nr. 12 i București i Romania. Esnogaen vart bygd i 1818 og vart rekna som ei av dei vakraste jødiske bygningane i București. Bygninga vart ombygd i 1889 etter planene til Grigore Cerchez, og i 1891 vart eit pipeorgel teke i bruk. I 1941 vart esnogaen øydelagt av dei høgreekstreme Garda de Fier, men etter andre verdskrigen vart han oppattbygd. I 1985 vart begge sefardiske esnogas i București, Cahal Grande og Cahal Chico, rivne av Ceaușescu-regimet for å gje plass til den nye hovudgata Bulevardul Unirii.   Les meir …
Cahal Chico.jpg
Cahal Chico ('den litle esnogaen'), òg kjent som Templul mic spaniol „Ca’al Cicu”, var ein sefardisk esnoga som låg i stradă Banu Mărăcine nr. 37 i București i Romania. Esnogaen vart bygd i 1846 og øydelagt av dei høgreekstreme Garda de Fier i 1941. Etter andre verdskrigen vart esnogaen bygd opp att, men vart riven i 1986 av Ceaușescu-regimet for å gje plass til den nye hovudgata Bulevardul Unirii.   Les meir …
Templul Sefard din Constanța.jpg
Templul Sefard din Constanța, eller Det sefardiske tempelet i Constanța, var ein esnoga i stradă Mircea cel Bătrân nr. 18 i Constanța i Romania. Den første sefardiske esnogaen i Constanța vart bygd på same tomta, som var donert frå Ismail Kemal Bey, i 1866. Den nye esnogaen vart bygd på same tomta frå 1903 av og ferdigstilt i 1905 eller 1908 i katalansk-gotisk stil etter teikningar av den austerrikske arkitekten Adolf Linz og dekorert av målaren Moritz Finkelstein. Under andre verdskrigen vart esnogaen konfiskert av dei rumenske myndigheitene og brukt bl.a. som ammunisjonslager, og han vart mykje skadd. I 1977 vart esnogaen meir skadd under eit jordskjelv, og i 1989 vart bygninga riven.   Les meir …
Neveshalomistanbul.jpg
Neve Şalom-synagogen (hebr. נְוֶה שָׁלוֹם [nə'vē šā'lōm], ‘fredslunden’; tyrkisk Neve Şalom Sinagogu) i Istanbul er ein sefardisk esnoga i Beyoğlu-distriktet i Istanbul i Tyrkia. Etter at den jødiske befolkninga i dei gamle Pera- og Galata-distrikta (i dag ihopslegne under namnet Beyoğlu-distriktet) vaks frå slutten av 1930-åra, vart ein jødisk barneskule riven i 1949 for å byggje ein ny esnoga, og den synagogen stod ferdig i 1951.   Les meir …


Populære sider

  1. Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
  2. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  3. Haftará (vist g.)
  4. Esnogas i Hamborg og Slesvig-Holsten (vist g.)
  5. Meḥiṣṣá (vist g.)
  6. Kahal Kados Talmud Torah (Hamburg -1652) (vist g.)
  7. Ner tamíd (vist g.)
  8. Hekhál (vist g.)
  9. Bevis Marks-esnogaen (vist g.)
  10. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  11. Cahal Chico (vist g.)
  12. Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1652-1842) (vist g.)
  13. Kahal Kados Talmud Torah (Amsterdam 1639-1675) (vist g.)
  14. Kva er ein esnoga (vist g.)
  15. Sephardic Temple Tifereth Israel (vist g.)
  16. Tebá (vist g.)
  17. Sefer (vist g.)
  18. El-Ghribasynagogen (vist g.)
  19. Neve Şalom-synagogen i Istanbul (vist g.)
  20. Kal de los monastirlis (vist g.)
  21. Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1935-1940) (vist g.)
  22. Den første esnogaen i København (vist g.)
  23. Göteborgs synagoga (vist g.)
  24. Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (vist g.)
  25. Den portugisiske Nakskauer Menighed (vist g.)
  26. Cahal Grande (vist g.)
  27. Templul Sefard din Constanța (vist g.)
  28. Minyán (vist g.)
  29. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist g.)
  30. Esnogaen i Creechurch Lane i London (vist g.)
  31. Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1855-1934) (vist g.)
  32. Rabbinar (vist g.)
  33. Synagogar på ekstreme breiddegrader (vist g.)
  34. Der Türkische Tempel (vist g.)
  35. Kahal Kados Newe Salom (Altona 1771-1882) (vist g.)
  36. Esnoga (vist g.)
  37. Esnogaen i Amsterdam (vist g.)
  38. Rekonstruksjonistiske synagogar, fornyingssynagogar og ḥaburót (vist g.)
  39. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamburg (vist g.)