Esnoga.no:Asjkenazím

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 20. mars 2022 kl. 04:08 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Der Samstug (Saturday).jpg

Asjkenazím eller asjkenaziske jødar, òg kalla (høg)tyske jødar, er ei jødisk folkegruppe med kulturell bakgrunn i det jiddischspråklege samfunnet Asjkenáz, eller det sørlege Tyskland og nordaustlege Frankrike i mellomalderen. Nøyaktig kor lenge det har vore jødar nordom Alpane er uvisst, men ein kan rekne det som relativt sikkert at det fanst jødiske handelsmenn i det romersk-okkuperte Nord-Europa alt for knapt 2 000 år sidan. Frå mellomalderen av vart namnet Asjkenáz bruka om Tyskland og det hovudsakleg tysk/jiddisch- og tildels fransk-språklige jødiske samfunnet. Namnet, som er henta frå ein av dei mytiske nasjonane i 1. mosebok, er truleg påverka av det arabiske namnet for Skandinavia, «Al-Skandz» eller «As-Skandz». Hovudspråket i tradisjonell asjkenazisk kultur er jiddisch — eit germansk språk som har felles opphav med tysk (særlig rhin-dialektar og bayersk).


Asjkenazím

Rabbinar Amy Eilberg (f. 12. oktober 1954) vart i 1985 den første kvinna som vart ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America, det viktigaste rabbinske seminaret innanfor masorti jødedom. Ho var den første kvinna som vart medlem av Rabbinical Assembly sin Committee on Jewish Law and Standards i 1986. Fram til 2004 hadde JTS ordinert over 150 kvinnelige rabbinarar og Ziegler School of Rabbinic Studies hadde ordinert kring 30.   Les meir …
Sherwin Wine (19282007) var ein asjkenazisk rabbinar som først og fremst var kjent som grunnleggaren av the Society for Humanistic Judaism. Sherwin T. Wine vart fødd den 25. januar 1928. Han studerte ved University of Michigan og ved det reformjødiske Hebrew Union College, der han vart ordinert som rabbinar. Han grunnla Birmingham Temple — den første humanistisk-jødiske menigheita — i Detroit i 1963.   Les meir …
Rabbi Marcia Prager er ein lærar, fortelar, kunstnar, terapeut og rabbinar med ordinasjon frå Reconstructionist Rabbinical College og personlig semikhá frå Zalman Schachter-Shalomi som er blant de mest sentrale aktørane i jødisk fornyingsrørsla i dag. Ho er dean (administrativ leiar) av the ALEPH Ordination Programs, det desentraliserte rabbinar- og ḥazzánseminaret til fornyingsrørsla.   Les meir …
David Woolf Marks (18111909) var den første åndelege leiaren for West London Synagogue of British Jews og blir rekna som «far til den engelske reformjødedommen». David Woolf Marks vart fødd den 22. november 1811 i London av foreldra Mary og Woolf Marks. Han utdana seg ved Jews’ Free School i London. Han fungerte som pupil-teacher (lærarpraktikant) ved Solomon’s boarding-school i Hammersmith i fem år, og etter detta vart han assisterande lesar ved St. Alban’s Synagogue. Han sa opp den sistnemnte stillinga for å reise til Liverpool som assisterande lesar og sekretær. I Liverpool kom reformlegninga hans til uttrykk ved at han nekta å lesa frå Toráen på andre dagen av sjelósj regalím.   Les meir …
Saul Levi Morteira.jpg
Saul Levi Morte(i)ra (f. ca 1596 i Venezia – d. 10. februar 1660 i Amsterdam) var ein italiensk-asjkenazisk ḥakhám (rabbinar) for portugisarjødane i Nederland. I eit dikt på kastiljansk nemner Daniel Levi de Barrios han som tyskfødd (“de Alemania natural”). Da Morteira følgte lekamen til dokteren Elijah Montalto frå Frankrike til Amsterdam i 1616, velte den portugisarjødiske menigheita Bet Iahakob han som ḥakhám som etterfølgjar etter Moses ben Aroyo.   Les meir …

Synagogar

Malmö synagoga.jpg
Malmö synagoga, eller Synagogen i Malmö, vart tekna av den lokale arkitekten John Smedberg og oppført og innvigd i 1903. Synagogen, som er den einaste i Malmö, er ein av dei få attverande synagogane i Europa som er bygd i nymaurisk stil, ettersom dei fleste av desse vart øydelagt under Krystallnatta natt til 10. november 1938. Ytterveggene i synagogen er pryda av lotusblomstrar, og talet åtte blir oppatteke i dekoren. Tempelet i Jerusalem vart helga i åtte dagar.   Les meir …
The SAJ Synagogue W86 cloudy jeh.jpg
The Society for the Advancement of Judaism er ein synagoge og jødisk organisasjon på Upper West Side av Manhattan i New York City. SAJ vart grunnlagt i 1922 av rabbinar Mordecai M. Kaplan, grunnleggaren av rekonstruksjonistisk jødedom. Moshe Nathanson, komponisten av «Hava Nagilah», var kantor da Kaplan var rabbinar der. Den første bat miṣvá-feiringa i USA fann stad i SAJ på sjabbát-morgonen den 18. mars 1922, for Judith Kaplan, dotter av rabbinar Mordecai Kaplan.   Les meir …
6199 St. Joergensveita 7, Trondheim.jpg
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen i St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den novarande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925.   Les meir …

Asjkenazisk musikk

 

Mat

 


Populære sider

  1. Kappóres (vist g.)
  2. Asjkenazisk jødedom (vist g.)
  3. Maʕóz ṣur (vist g.)
  4. Mordecai Kaplan (vist g.)
  5. Karl Emil Franzos (vist g.)
  6. Amy Eilberg (vist g.)
  7. Abraham Geiger (vist g.)
  8. Sandy Eisenberg Sasso (vist g.)
  9. Zalman Schachter-Shalomi (vist g.)
  10. Sherwin Wine (vist g.)
  11. Marcia Prager (vist g.)
  12. Ira Eisenstein (vist g.)
  13. Arthur Waskow (vist g.)
  14. Regina Jonas (vist g.)
  15. Jackie Tabick (vist g.)
  16. Julia Neuberger (vist g.)
  17. David Woolf Marks (vist g.)
  18. Saul Levi Morteira (vist g.)
  19. Malmö synagoga (vist g.)
  20. Synagogen i Karlstad (vist g.)
  21. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  22. Göteborgs synagoga (vist g.)
  23. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist g.)
  24. Society for the Advancement of Judaism (vist g.)
  25. Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (vist g.)
  26. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist g.)
  27. Španělská synagoga (vist g.)
  28. Asjkenazím (vist g.)
  29. Ray Frank (vist g.)
  30. Ḥeder (vist g.)