Esnoga

Frå Esnoga.no

Mal:Enkel

Inni Esnogaen i Amsterdam. Vi ser tebáen nærmast i bildet, og Hekhál (arka) heilt inst i rommet.
Foto:«Joaotg»

Ein esnoga (spansk og portugisisk namn blant portugisarjødar) eller ein synagoge (nyn./bm./da.; nyn./sv. synagoga) er eit jødisk gudshus, bedehus eller församlingshus. Det finst mange andre namn på synagogen òg — bet kenéset (hebraisk for ‘forsamlingshus’), bet hammedrásj (hebraisk for ‘studiehus’), tempel (opprinnelig reformjødisk) og shul (jiddisch for ‘skule’) er nokre få av dei.

Ein esnoga kan vera ei eiga bygning eller eit rom i ei bygning. Esnogaen inneheld normalt minimum: ein Hekhál (ark, toráskåp, aron kódesj (A)) med minst éin sefer (torárull); eit evig lys (ner tamíd); og eit bord (sjulḥán, òg kalla tebá) som Toráen blir lagt på når vi les frå honom — og sjølvsagt sitteplassar for minst ein minján. I tillegg har bortimot alle esnogas ein dukhán — ei plattform som Hekhál står på; og ein tebá (S) (òg kalla almemmár (A) / bima (A)) — ei plattform som lesebordet (sjulḥánen) står på.

Planskisse av typisk portugisarjødisk (vesteuropeisk-sefardisk esnoga.

Esnogas skil seg ut frå kristne kyrkjer på fleire måtar:

  • Ein esnoga har aldri kors, skulpturar eller gudsbilde.
  • Der kristne kyrkjer har altartavler, har esnogas Hekhál (ark, toráskåp).
  • Ein esnoga er normalt aldri korsforma, slik mange kyrkjer er.
  • I esnogaen dekkjer vi normalt til hovudet, i motsetning til dei fleste kyrkjene, der ein tek av seg hovudplagget.
Fil:El Ghriba skilt.jpg
Skilt i El-Ghribasynagogen i Tunisia som bed besøkjande om å dekkje til hovudet og ta av seg skorne føre dei går inn.
Foto: Liv Goldstein

Skikk og bruk

Vi dekkjer hovudet

Ein bortimot universell skikk i tradisjonell jødedom er at alle menn/gutar — både jødar og ikkje-jødar — dekkjer hovudet føre dei går inn i sjølve esnogarommet. I portugisarjødiske og mange andre sefardiske menigheiter gjeld dette tradisjonelt for kvinner og jenter òg, men i asjkenazisk-ortodokse synagogar er det vanlegaste at berre dei av kvinnene som er gift dekkjer hovudet.

Skor eller ikkje?

Ein eldre skikk som framleis blir bruka i mange esnogas i Maghreb og India er at alle tek av seg skorne före de går inn i esnogas. I asjkenazisk jødedom og stort sett òg i europeisk sefardisk jødedom er denna skikken gått utur bruk, og i mange asjkenaziske synagogar blir det sett på som respektlaust å ta av seg skorne — og nån plassar òg å ikkje ha sokkar i skorne.

Vi les eit bibelvers når vi går inn

Når vi kjem inn i sjølve esnogarommet, bukkar vi mot Hekhál (arka) og les eitt eller fleire bibelvers. I den portugisarjødiske tradisjonen er det skikk å lesa detta verset:

וַֽאֲנִ֗י בְּרֹ֣ב חַ֭סְדְּךָ אָב֣וֹא בֵיתֶ֑ךָ אֶשְׁתַּֽחֲוֶ֥ה אֶל־הֵֽיכַל־קָ֝דְשְׁךָ֗ בְּיִרְאָתֶֽךָ׃

Og eg — i Di store miskunn kjem eg ått huset Ditt;
eg vil bøye meg
for heligdomstempelet Ditt i age for Deg.

Vaaní berób ḥasdekhá abó betékha;
esjtaḥavé
el-hékhal-kodsjekhá bejiratékha.

Vi les eit bibelvers når vi går ut

Den portugisarjødiske skikken er at når vi förlet esnogarommet, så seier vi Tehillím (Davidssalme) 5:9:

יהו֤ה ׀ נְחֵ֬נִי בְצִדְקָתֶ֗ךָ לְמַ֥עַן שֽׁוֹרְרָ֑י הַיְשַׁ֖ר לְפָנַ֣י דַּרְכֶּֽךָ׃

ADONÁI! Leid meg i rettvisa Di
for skuld fiendane mine;
gjer han rett före meg, vegen Din.

ADONÁI neḥéni beṣidkatékha
lemángan sjorerái,
haishár lefanái darkékha.

.A. guiame en tu justedad:
por mis enemigos,
adereça delante mi tu carrera.

Inni esnogaen

Ner tamíd

Fremst i esnogarommet, rett ved Hekhál (toráskåpet), brinn det allveg ei lita lampe. Denna lampa, som ofte er raud, blir kalla ner tamíd, eller det evige lyset. Ner tamíd er eit minne om den allveg brinnande menoráen (sjuarma lysstakan) i Bet hammikdásj (Tempelet i Jerusalem) og eit symbol på Guds nærvere.

Hekhál

Hekhál med opne dörer i Esnogaen i Amsterdam. Vi ser sefarím (torárullar) inni Hekhál.

Hekhál, eller toráskåpet, står fremst i esnogarommet.

Sefer

Tebá