Ereṣ Yisraél

Frå Esnoga.no

Ereṣ Yisraél (hebr. אֶֽרֶץ יִשְׂרָאֵל), eller landet Israel, er det hebraiske namnet på det landskapet i Levanten som i grove hovudtrekk svarar til vår tids medinàt Yisraél (Israel) og Dei palestinske sjølvstyremyndigheitene, så vel som vestlege deler av Jordan.

Halakhá (jødisk religiøs lov) er noko ulik mellom Ereṣ Yisraél og galút (den jødiske diasporaen). Dette gjeld særleg i samband med jordbrukslovane og i markeringa av ein del av dei jødiske høgtidene og merkedagane.

Området har hatt samanhengande jødisk busetting sidan antikken. I lange periodar etter korstoga har likevel denne busettinga hovudsakleg vore konsentrert til relativt få plassar, inkludert Yerusjaláim (Jerusalem) i Judea og Teberyá (Tiberias, Tverya) og Ṣefát (Safed, Tzefat) i Galilea.