El-Ghribasynagogen

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 24. januar 2022 kl. 22:54 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Interiør, sett mot vestenden av rommet.
Foto:Karl Heinz Paetzold
Tebáen i El-Ghribasynagogen.
Foto: Liv Goldstein

El-Ghribasynagogen er ein svært gammal synagoge rett ved Hara Seghira nokre kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske øya Djerba. El-Ghribasynagogen er meir enn 2 000 år gammal, og var dermed over 600 år gammel da Tunisia vart muslimsk. Dermed er han den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda.

Opphavsmyte

Ei segn seier at ei gruppe jødar flykta frå øydelegginga av Det første tempelet i Jerusalem og kom til øya Djerba, der de så bygde denne synagogen.

Valfartsstad

I fleire hundre år har jødiske pilegrimar valfarta til El-Ghriba-synagogen i tida etter pesaḥ.

Terroråtak

Den 11. april 2002, etter godt over tusen år med fredeleg naboskap, gikk ein sjølvmordsbombar til åtak på El-Ghribasynagogen med ein naturgass-tankbil lasta med sprengstoff. 21 menneske vart drepne i dette terroråtaket, inkludert 14 tyske turistar, seks tunisiarar og ein franskmann. Meir enn 30 menneske vart såra. Åtaket vart først omtala som ei ulykke, men etterforskinga viste at det var ein planlagt åtak.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «El-Ghriba-synagogen» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.

Mal:Q1