Djudeospanyol

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Djudeospanjol)
Djudeospanyol
(djudezmo, spanjol, jødespansk)

grammatikk

ORDBOK

 A · B · C · D · E · F · G 
 H · I · J · K · L · M · N 
 O · P · Q · R · S · T · U 
 V · X · Y · Z 

Avis på djudeospanjol frå Salonica.

Djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel.

Djudeospanyol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg.

Andre namn for djudeospanyol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.

Språklege særtrekk for djudeospanyol varierer mykje mellom dei ulike dialektane, men blant dei mest typiske kan nemnast:

  • M for N i ord som muestro/nuestro (‘vår’ (pron.), kastiljansk nuestro); mueve/nueve (‘9’ (num.), kastiljansk nueve).
  • G for H i ord som agora (‘no’, kastiljansk ahora).
  • -U for -O i endingar: anyu/anyo (‘år’); sinku/sinko (‘5’, kastiljansk cinco).
  • Bevart stemt S mellom vokalar: kaza (‘hus’, kastiljansk casa).

Jødespansk har tradisjonelt vorte skrive med det hebraiske alfabetetsolitreo for handskrivne dokument og sefardisk halvkursiv («Rashi-skrift») for trykte dokument, men frå først på 1900-talet har det vore vanleg å skrive språket med det latinske alfabetet.

Lenkjer

Bibliografi

Grammatikkar og lærebøker

  • Marín Ramos, Ferran: Gramática básica de Djudeo-espanyol. 2a edición. [s.l.] : MS Publishers, 2018. ISBN 978-1720735175
  • Markova, Alla: Beginner's Ladino. New York : Hippocrene, 2018. ISBN 978-0-7818-1372-3

Ordbøker

  • Kohen, Elli; Kohen-Gordon, Dahlia: Ladino–English / English–Ladino concise encyclopedic dictionary (Judeo-Spanish). New York : Hippocrene, c.2000. ISBN 0-7818-0658-5

Skjønnlitteratur

Originallitteratur

Omsettingar

  • Carroll, Lewis: Las aventuras de Alisia en el paiz de las maraviyas = . / Lewis Carroll, ilustrasiones por John Tenniel, trezladado al ladino por Avner Perez. Portlaoise : Evertype, 2016. ISBN 978-1-78201-178-1