Det portugisarjødiske samfunnet i Altona

Frå Esnoga.no
Esnogaen (synagogen) til det portugisarjødiske samfunnet i Altona.

Det portugisarjødiske samfunnet i Altona har sine første kjente røter som del av det portugisarjødiske samfunnet i Hamborg kring år 1600, da de etablerte ein gravlund der. Frå 1640 av var Altona ein del av fyrstedømmet Slesvig-Holsten som stod i personalunion med Danmark under det danske kongehuset. I 1697, da Hamburg innførte særleg tunge særskattar for jødar, flytta ein del portugisarjødar frå Hamburg og busette seg i Altona. Det sefardiske trussamfunnet der var først kjent under namnet «Kahal Kados Beth Jahacob Acatan», og seinare som «Neweh Schalom». Til å begynna med bestod det sefardiske samfunnet i Altona av berre fem familiar, men i 1770 var talet på sefardiske familiar oppe i atten, og samfunnet søkte kong Christian VII av Danmark og Norge om løyve til å byggje synagoge. Dette løyvet vart gjeve den 22. mars 1771, og esnogaen i Altona vart innvigd alt den 6. september same året. Det sefardiske samfunnet i Altona, som heile tida stod i nært samband med det portugisarjødiske samfunnet i Hamburg, gikk mykje tilbake utover 1800-talet, og esnogaen gikk ut av bruk etter 111 år i 1882. Det sefardiske samfunnet i Altona vart formelt oppløyst i 1885, og synagogen vart selt til det asjkenaziske trussamfunnet der i 1887.

Sjå òg

Kjelder

Mal:Q1