Den portugisiske Nakskauer Menighed

Frå Esnoga.no

Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore driven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. I hop med Abraham Henriques, som budde på hjørnet mellom Naboløs og Gammel Strand, hadde desse familiane ein full minján kring 1784.⧼cite_reference_link⧽ Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795.⧼cite_reference_link⧽

Moses Ruben Henriques (1757–1823)

Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år. I lista over synagogar i København som vart innsendt i 1828, var Gammel Mønt oppgjeve som stad for den portugisiske synagogen — mest truleg matr. 252/1806, som svarar til Gammel Mønt 4. I 1822 (eller 1812?) hadde den portugisarjødiske menigheita i alt 179 medlemmar (inkludert born) fordelt på 34 familiar etter medlemslista som vart innsendt til politimeisteren i København.⧼cite_reference_link⧽ Familiane inkluderer: Henriques (7 familiar), Heilbuth (5 fam.), Fürst (2 fam.), Israel (2 fam.), Monis (2 fam.) og Valentin (2 fam.). I tillegg var det éin familie kvar av slektene Abarbnel, Ahronsen, Berend, Behrens, Cantor, Davidson, Delbanco, Joachim, Lübschütz, Magnus, Meyer, Salomon, Simonsen og Stadhagen. Wolff I. Behrens er nemnt som Forsanger ved den portugisiske Menighed og Simon Heilbuth er nemnt som Klokker ved den portugisisk Menighed.

Fotnotar

    ⧼cite_references_link_one⧽ ⧼cite_references_link_one⧽ ⧼cite_references_link_one⧽