Den første esnogaen i København

Frå Esnoga.no

Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702, Raphael Jesurum i 1703 og Jacob Cohen og Jacob Franco i 1704. Alle desse var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen. I 1715 kjøpte Isak Granada ei tomt til gravlund rett attmed den asjkenaziske gravlunden. Det blir trudd at han var forstandaren for menigheita, og dermed blir det òg rekna med at esnogaen var i Brolæggerstræde 122 (matr. 1689), der han budde. I 1726 søkte Aaron Moses Henriqves om borgarskap for urtekremmeri og opplyste i søknaden at han bl.a. hadde budd i København i sju år.

Jacob Franco døydde i 1718 og Isak Granada døydde i 1731, men menigheita vart truleg driven fram til gravlundane vart ihopslegne i 1748. Eit par år etter, i 1750, kom det i gang ei portugisarjødisk menigheit att — Den portugisiske Nakskauer Menighed.

Kjelder

  • Frosell, P. Hampton: Københavnske synagoger gennem tre hundrede år. [København] : Selskabet for dansk-jødisk Historie; C.A. Reitzel, 1987. ISBN 87-7421-567-1.
  • Nielsen, Oluf August: Kjøbenhavns historie og beskrivelse. Kjøbenhavn : Gad, 1887.