Camille Pissarro

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 31. desember 2023 kl. 16:48 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Sjølvportrett (1873)

Camille Pissarro (18301903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar av portugisarjødisk slekt.

Camille Pissarro vart fødd den 10. juli 1830 i Charlotte AmalieSt. Thomas i daverande Dansk Vestindia av foreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein portugisarjøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammal, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vendte tilbake til St. Thomas for å få opplæring i forretninga til faren. På den tida bruka han all fritida til teikning. I 1852 reiste han til Venezuela i lag med med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytta han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Jean-Baptiste Camille Corot.

Pissarro kom til å bli kjent som «impresjonismens far». Han måla bilde med fransk tematikk — særlig landskapsbilde, bilde av gardsarbeidarar og scener frå Montmartre. Han reiste så til Paris att for å undervise, og blant studentane hans kan nemnast Paul Cezanne og Paul Gauguin.

I mars 1893 sette parisgalleriet Durand-Ruel opp ei større utstilling med 46 av kunstverka til Pissarro i lag med med 55 kunstverk av Antonio de La Gandara. Men medan kritikarane priste Gandara, var dei tydelig mindre entusiastiske over Pissarro sin kunst.

Camille Pissarro dødde i Éragny-sur-Epte den 12. eller 13. november 1903 og vart gravlagt på Père Lachaise-gravlunden i Paris.

I levetida si selte Pissarro berre nokre få av bilda sine. I ettertida har livsverket hans vorte sett mykje høgare, og føre 2005 har pissarrobilde vorte selt for kring 4 millionar amerikanske dollar.

Kjelder


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon