Boyos

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 20. mars 2022 kl. 20:34 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Boyos de spinaka.
Olve Utne (2022)

Boyos (jød.sp., jf. sp. bollos og pt. bolos) er ein type osmansk-sefardisk bakverk som er basert på ein fin gjærdeig marinert i olje og kjevla ut og strekt og bretta fleire gonger. Fyllet kan lagast av for eksempel spinat og ost (boyos de spinaka), aubergin (boyos de berendjena) eller graskar (boyos de kalavasa). Boyos har tradisjonelt særleg vorte laga i İzmir; i dag er dei vanlege å få kjøpt både der og i Israel.