Bimuelos

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 8. mars 2022 kl. 12:59 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

Ḥanukká

Ḥanukkiyya etter gresk tradisjon i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antiyyokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkiyya

Songar:
Hannerót hallálu Ḥag hammakkabbím · Hazeremos una merenda · Mi ze yemallél · Ocho candelicas · Maʕóz ṣur

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borekas · keftes de prasa · Portugiesische Kuchen (jødekaker) · semulepudding · vaflar

Bimuelos er populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre plassar. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudeospanjol og heng ihop med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades). I Polen har bimuelos òg vorte bruka av asjkenazím. I denna nordlege utgåva blir det gjerne lagt i litt bringebærsyltetøy inni, og desse polsk-jødiske bimuelosane blir kalla pontshik. Det moderne hebraiske namnet er סוּפְגָנִיּוֹת (sufganijjót). Bimuelos er omtrent som småe berlinerbollar: Ein lagar ein laus gjærdeig, tek av deigen med ei skeid (som ein dyppar i kaldvatn føre bruk) og slepp han oppi den kokande oljen. De ferdige bimueloane blir dyppa i lys sirup eller sukkerlake, eller ein strør melis over dei. Servér dei helst med ein gong.

Om dei skal serverast seinare, let vi dei kjølne og legg dei så i ein tett boks; dypp dei i varm sirup rett føre servering. Variant: Mange lagar dei litt større, lagar deigen litt hardare og har litt syltetøy i midten.

Oppskrifter

Berlinerbollar

Med gjær

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar:

280 g  kveitemjøl
  1 ts sukker
  1    knivsodd salt
 80 g  smör
  2    egg
 40 g  gjær

bringebærsyltetøy

Framgangsmåte:

Manglar.

Med bakepulver

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Denna typen, som tradisjonelt ofte blir kalla smultbollar i Norge, ligg svært nærme de nederlandske oliebollen, men skil seg ut i gammaldags retning med mindre egg og krydder, og i moderne retning med å ha bakepulver i staden for gjær.

Ingrediensar:

 3 koppar kveitemjøl
 1 kopp   farin (sukker)
 1 kopp   fløyte
 1        egg
 1 ts     bakepulver
----
matolje
sukker


Framgangsmåte:

Bland alle ingrediensane; kok i matolje; rull de ferdige bollane i sukker. Mal:Q1