Berít milá

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 10. oktober 2021 kl. 16:25 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Denna artikkelen handlar om omskjeringa og namngjevinga av jødiske gutar. For namngjevingsritualet for jødiske jenter, sjå zebed habbát.

Berít milá (hebr. בְּרִית מִילָה [bə'rīt mī'lā]), ofte kalla milá blant sefardím og briss blant asjkenazím, er namnet på omskjerings- og namngjevingsseremonien for jødiske gutar. Ein gjennomfører normalt berít milá på åttande dagen etter at ein jødisk gut blir fødd. Under denne seremonien får òg guten sitt jødiske namn.

Når ein gut eller mann konverterer til jødedommen, blir òg birkàt milá med omskjering gjennomført om den som konverterer ikkje alt er omskoren. I dei falla der guten eller mannen er fødd omskoren eller alt er omskoren, gjennomfører ein birkàt milá, men med hatafàt dam berít i staden for omskjering.

Fødsel og den første veka

Gratulasjonar

Når ein son blir fødd, er det skikk i dei fleste sefardiske tradisjonane å gratulere foreldra med «Síman tób!» eller «Besíman tób!» (Blant asjkenazím er det vanlegare å seie «Mazzal tov!» Sefardím reserverer helsinga «mazzál tób» tradisjonelt for nyfødde jenter.)

Meldado, sjemurá og taḥdid

Ein spesiell limmúd, eller studiekveld, med tekstar frå Toráen (Mosebøkene), Nebiím (Profetane), Tehillím (Davidssalmane) og rabbinske skrifter blir tradisjonelt halden blant spansk-portugisiske sefardím kvelden føre omskjeringa finn stad. Denne studiekvelden, såvel som tilsvarande studiekveldar føre andre merkedagar, blir tradisjonelt kalla meldado eller meldadura. (Dobrinsky 1988, s. 28)

Balkan-sefardím har ein liknande skikk: Dei kallar studiekvelden sjemurá, og tekstane inkluderer først og fremst deler av Zohár. (Dobrinsky 1988, s. 20)

Både den spansk-portugisiske meldado og den balkansefardiske sjemurá har sitt historiske opphav i vaking for å motverke demonar som ein trudde kunne vera til fare for den enno uomskorne guten. Særleg viktig har det vorte rekna å verne barnet mot demonen Lilít. I den marokkansk-sefardiske tradisjonen ser vi dette ekstra tydeleg: Kvar kveld i veka føre omskjeringa har ein tradisjonelt utført ein seremoni som blir kalla taḥdid: Ein les formlar til vern mot ngajin haráng (den vonde auga), og deretter syng ein pijjutím (songar). I rommet der barnet søv heng ein opp amulettar over senga og elles kring i rommet. Amulettane kan innehalde tekstar frå Davidssalme 126 og 121, namna på tre englar som blir sagt å verne barnet mot Lilít, referansar til profeten Elijjáhu sin siger over Lilít, teikningar av Lilít og/eller dei tre englane (SNWJ, SNSNWJ og SMNGLF), sirklar og liknande. Ofte kunne amulettane òg innehalde orda Adám, Ḥàva, ḥuṣ og Lilít, som kan omsettast på lag som: «Adam og Eva [vil verne dette barnet]. Ut, Lilít!» Taḥdid-seremonien kan òg inkludere å gå kring i rommet der barnet søv om natta medan ein fektar i lufta med eit sverd (for å vise at ein er klar til å slåst mot demonar som måtte vera til stades) og resiterer ei spesiell bøn. (Dobrinsky 1988, s. 11–13)

Ngalijjàt bangal habberít

På første sjabbát etter fødselen eller på siste sjabbát føre omskjeringa (desse to er vanlegvis same dagen) er det vanleg at faren får ein ngalijjá under torálesinga i sjaḥarít (morgongudstjenesta) i synagogen. Han blir kalla opp som «bangal habberít», eller ‘meister av pakta’, ettersom han er den som Toráen først og fremst har pålagt å omskjera sonen sin.

Omskjering

Omskjering inneber fjerning av heile eller deler av ngorlá — det vil seie forhuda på det mannlege kjønnsorganet.

Etter jødisk religion skal alle friske jødiske gutar omskjerast på den åttande dagen etter fødselen. Dette bodet står over helgedagsbodet, og ein frisk gut som fyller åtte dagar på sjabbát blir omskoren på sjabbát — og tilsvarande til og med på kippúr. Om enten den som skal utføre omskjeringa eller guten sin doktor meiner at guten ikkje er frisk, skal omskjeringa utsettast til guten er frisk nok.

Ei utsett omskjering eller ei omskjering på grunn av konvertering er ikkje tidsbunda slik som vanlege omskjeringar på den åttande dagen er. Dermed er det ikkje tillate å legge ei slik omskjering til sjabbát eller andre jødiske helgdagar. Marokkanske sefardím seier òg at ein skal unngå ikkje-tidsbundne omskjeringar på torsdagar, ettersom ubehaget etter inngrepet blir sagt å vera verst på tredje dagen, og ein skal unngå unødig øydelegging av sjabbátgleda. (Dobrinsky 1988, s. 16)

Omskjering av gutar i andre kulturar

Omskjering av gutar er vanleg i mange kulturar — enten omskjering av spedborn, som i jødedommen, eller som ein del av eit pubertetsrituale, eller eit initieringsrituale til dei vaksnes samfunn.

Omskjering ved tretten års alder er vanleg blant muslimar, med bakgrunn i Abrahám (Ibrahim) si omskjering av sønene sine: etter både jødisk og muslimsk tradisjon vart Jisjmangél (Ismail), son av Hagár, omskoren ved 13 års alder, og Jiṣ’ḥák, son av Sará, vart omskoren åtte dagar gammel.

Nokre muslimske samfunn, f.eks. i Afghanistan, praktiserer omskjering av spedbarn på om lag same vis som i jødedommen. I USA er det vanleg at omskjering av nyfødde gutar blir gjort som ein medisinsk standardprosedyre uavhengig av etnisitet og religiøs tilhørigheit.

Fordeler og ulemper ved omskjering

Det finst mange sterke meiningar om medisinske og sosiale fordeler og ulempor ved omskjering. Forskinga som er gjort på omskjering tyder på at verken fordelene eller ulempene er statistisk sett dramatiske. Ein medisinsk fordel som har vorte påvist er litt lågare risiko for visse typar kreft, både for mennene sjølve og for kvinnene dei er i lag med. Ved omskjering av vaksne og av eldre born er ei ulempe med sjølve omskjeringsinngrepet at nervesystemet som er involvert er svært følsamt og inngrepet tek noko tid, og ein brukar bedøving — ofte full narkose — for inngrepet. Dette medfører ein viss risiko i seg sjølv som ikkje er til stades ved omskjering av ein nyfødd gut, der nervesystemet i forskinnet er mindre utvikla, inngrepet utført på tradisjonelt vis er over på nokre få sekund, og narkose dermed er unødvendig.

Hatafàt dam berít

  1. Fødd omskoren: Om ein finn at forskinnet manglar eller at det definitivt dekkjer mindre enn halvparten av glans, blir guten rekna som «fødd omskoren». Det er ulike syn på kva som treng gjerast for å halde bodet om berít milá i slike fall. Eit hovudsyn er at ein da skal utføre hatafàt dam berít. Om dette gjeld ein nyfødd gut, inneber tvilen om han treng berít milá-ritualet at ein flyttar ritualet bort frå den åttande dagen om den dagen er sjabbát.
  2. Omskoren utan jødisk rituale: Om ein jødisk gut er omskoren utan religiøst rituale, gjenomfører ein helst birkàt milá-ritualet, men med hatafàt dam berít i staden for omskjering.

Hatafàt dam berít er eit erstatningsrituale for berít milá for jødar og for gutar og menn som konverterer til jødedommen i dei same spesialfalla som er nemnt ovaføre: Ein punkterer huda på penis med ei steril nål med intensjonen å bringe fram ein drope blod, og med dei same berakhót (velsigningar) som ein ville sagt ved ei normal omskjering.

Kven spelar ei rolle?

Abrahám abínu

Abrahám var etter jødisk tradisjon den første som vart omskoren som eit synleg tekn på pakta mellom Gud og Abraháms hus.

Elijjáhu hannabí

Tradisjonen seier at profeten Elijjá er til stades under alle omskjeringar av jødiske gutar. Blant mange jødiske grupper har ein ein eigen stol som er sentralt plassert under omskjeringsseremonien, men som ingen sitt på. Denne stolen blir kalla hakkissé sjel Elijjáhu, eller Elias stol.

Foreldra

Hovudansvaret for omskjering av ein son ligg på faren, og i vidare forstand på begge foreldra. Om faren er medisinsk kvalifisert til å utføre ei omskjering, har han det primære ansvaret for å gjera det. Tilsvarande gjeld òg for mora, noko som ikkje har vore så vanleg i normativ jødedom opp gjenom hundreåra, men som har hatt ein viktig plass blant skjulte jødar (anusím). Når ingen av foreldra er kvalifisert, blir omskjeringa utført av ein annan person.

Mohél

Den som utfører omskjeringar etter jødisk lov blir kalla ein mohél. Sjølv om det vanlegaste opp gjennom historia har vore at omskjeringa blir gjort av ein mann, er det fullt ut tillate etter jødisk lov at kvinner utfører omskjeringa. Ein mohél skal ha grundige medisinske og religiøse kvalifikasjonar. Når ein mohél ikkje er tilgjengeleg, kan inngrepet utførast av ein urolog og/eller kirurg. Urologar utfører elles omskjeringar av medisinske årsaker — f.eks. som ein av fleire alternative behandlingstypar for phimosis.

Sandák — fadder

Fadderen har barnet på fanget under seremonien.

Birkàt milá

Teksten til birkàt milá varierer ein del mellom ulike tradisjonar. Det følgjande er ritualet etter den portugisarjødiske tradisjonen.

Innleiing

Som innleiing føre sjølve kjerneritualet har dei fleste tradisjonane i vår tid sett inn pizmoním og/eller kavvannót. Vanlege tillegg føre hovuddelen i sefardisk tradisjon er:

«Berukhím attém, kehàl emunái»

Berukhím attèm kehàl emunái,
ubarúkh habbá besjém ADONÁI.

Jeled hajjullád jíhejé besíman tób,
jigdàl vejíhejé kemó gàn ratób,
Jangalè vejaṣlíaḥ jinnaṣél mikketób,
amén kén jangasè ADONÁI.

Berukhím attèm ...

Ḥélek juttàn lánu bannengimím,
ubjamáv nangalè lesjalóm regalím,
gedolím uktanním lebét ADONÁI,
ubarúkh habbá beSjém ADONÁI.

Berukhím attèm ...

Zekhór ràḥamèkha vedàm habberít,
ufkód et-ṣonèkha ṣón hasjeerít,
ngal jàd mesjiḥèkha Masjíaḥ ben-Davíd,
usjlàḥ et-Élijjá nebí ADONÁI.

Berukhím attèm ...

Hajjèled hazzè zakhá libritó,
abív ve’immó jir’ú ḥuppató,
hammal’ákh haggo’él jebarékh otó,
Jizkè làḥazót benóngam ADONÁI.

Berukhím attèm kehàl emunáj,
ubarúkh habbá beSjém ADONÁI.

 

Signa vere de, mi trufaste menigheit, og “Signa vere den som kjem i ADONÁIs namn.”

Må denne nyfødde guten ha godt hell, og må han vakse opp som ein blomstrande hage, og stige opp til velstand og bergast frå pest; Amén! Må ADONÁI gjera det slik.
Signa vere de, mi trufaste menigheit, og “Signa vere den som kjem i ADONÁIs namn.”
 

Må ein del bli gjeven oss på gode stader, og i hans dagar må vi gå opp på dei tre valfartshøgtidene, store og små, til ADONÁIs hus; og «Signa vere den som kjem i ADONÁIs namn.»
Signa vere de, mi trufaste menigheit, og “Signa vere den som kjem i ADONÁIs namn.”
 

Hugs miskunna Di og paktblodet, og kom og sjå til flokken din, resteflokken, med hjelp av din salva, Masjíaḥ ben-Davíd, og send Élijjá, ADONÁIs profet.
Signa vere de, mi trufaste menigheit, og “Signa vere den som kjem i ADONÁIs namn.”
 

Denne guten hadde privilegiet å komma inn i pakta; må far hans og mor hans sjå bryllaupet hans. Må bergingsengelen signe honom; må han bli verdig å sjå ADONÁIs glede.
Signa vere de, mi trufaste menigheit, og “Signa vere den som kjem i ADONÁIs namn.”

בְּרוּכִים אַתֶּם קְהַל אֱמוּנָי.
וּבָרוּךְ הַבָּא בְּשֵׁם יהוה׃

יֶלֶד הַיֻּלָּד יִהְיֶה בְּסִימָן טוֹב.
יִגְדַּל וְיִהְיֶה כְּמוֹ גַן רָטוֹב.
יַעֲלַה וְיַצְלִיחַ יִנָּצֵל מִקְּטוֹב.
אָמֵן כֵּן יַעֲשֶׂה יהוה׃

בְּרוּכִים אַתֶּם קְהַל אֱמוּנָי.
וּבָרוּךְ הַבָּא בְּשֵׁם יהוה׃

חֵלֶק יֻתַּן לָנוּ בַּנְּעִימִים.
וּבְיָמָיו נַֽעֲלַה לְשָׁלשׁ רְגָלִים.
גְּדוֹלִים וּקְטַנִּים לְבֵית יהוה.
וּבָרוּךְ הַבָּא בְּשֵׁם יהוה׃

בְּרוּכִים אַתֶּם קְהַל אֱמוּנָי.
וּבָרוּךְ הַבָּא בְּשֵׁם יהוה׃

זְכוֹר רַֽחֲמֶיךָ וְדָם הַבְּרִית.
וּפְקוֹד אֶת־צֹאנֶךָ צאן הַשְּׁאֵרִית.
עַל יַד מְשִׁיחֶֽךָ מָשִֽׁיחַ בֶּן־דָּוִד.
וּשְׁלַח אֶת־אֵֽלִיָּה נְבִיא יהוה׃

בְּרוּכִים אַתֶּם קְהַל אֱמוּנָי.
וּבָרוּךְ הַבָּא בְּשֵׁם יהוה׃

הַיֶּֽלֶד הַזֶּה זָכָה לִבְרִיתוֹ.
אָבִיו וְאִמּוֹ יִרְאוּ חֻפָּתוֹ.
ַמַּלְאָךְ הַגּוֹאֵל יְבָרֵךְ אוֹתוֹ.
יִזְכֶּה לַחֲזוֹת בְּנוֹעַם יהוה׃

בְּרוּכִים אַתֶּם קְהַל אֱמוּנָי.
וּבָרוּךְ הַבָּא בְּשֵׁם יהוה׃

«Sjabbát umilá»

Andre songar

I nokre sefardiske tradisjonar resiterer ein i tillegg bl.a. Davidssalme 11 og utdrag frå Zohár.

Hovuddel

Hovuddelen er i hovudsak lik i sefardisk og asjkenazisk tradisjon. Teksten som er attgjeven her er ein tradisjonell portugisarjødisk tekst i kort utgåve som han er attgjeven i סדור ברכה, Amsterdam 5394. Teknsettinga er utvida i tråd med nyare utgåver.

Omskjering

Mohélen seier denne berakháen rett føre han eller ho utfører omskjeringa:

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, asjer kiddesjánu bemiṣvotáv, veṣivvánu ngal hammilá.

Velsigna er Du, Evige, vår Gud, herskar over universet, som helga oss med boda sine, og baud oss om milá.

בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּנוּ עַל הַמִּילָה׃

Om faren (eller mora) til guten utfører omskjeringa sjølv — noko som sjølvsagt ikkje skal gjerast om ein ikkje er grundig kvalifisert — var gammel sefardisk skikk at den som utfører omskjeringa seier «veṣivvánu lamúl habbén» i staden for «veṣivvánu ngal hammilá». Ramban (Nachmanides) erklærte at den vanlege berakháen «veṣivvánu ngal hammilá» skal brukast i alle fall. Men den gamle skikken finst stadig blant marokkanske sefardím.

Mohélen utfører omskjeringa.

Rett etter omskjeringa seier guten sin far (eller mor):

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, asjer kiddesjánu bemiṣvotáv, veṣivvánu lehakhnisó bibritó sjel Abrahám abínu.

Velsigna er Du, ADONÁI, vår Gud, herskar over universet, som helga oss med boda Dine og baud oss å innvigje honom i pakta ått Abrahám abínu (Abrahám, far vår).

בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּנוּ לְהַכְנִיסוֹ בִּבְרִיתוֹ שֶׁל אַבְרָהָם אָבִינוּ׃

Faren seier sjehèḥejánu:

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, sjeheḥejánu vekijjemánu vehiggingánu lazzemàn hazzé.

Velsigna er Du, ADONÁI, vår Gud, herskar over Universet, som heldt oss i live og heldt oss oppe og lét oss nå denne tida.

בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם. שֶׁהֶחֱיָנוּ וְקִיְּמָנוּ וְהִגִּיעָנוּ לַזְּמַן הַזֶּה׃

Dei som er til stades svarar:

Kesjém sjehikhnastó labberít, kén takhniséhu latTorá velaḥuppá ulmangasím tobím.

Slik som du innvigde han i pakta, slik føre du han inn i Toráen og under bryllupsbaldakinen og til gode gjerningar.

כְּשֵׁם שֶׁהִכְנַסְתּוֹ לַבְּרִית. כֵּן תַּכְנִיסֵהוּ לַתּוֹרָה וְלַחֻפָּה וּלְמַעֲשִׂים טוֹבִים׃

Mohélen eller ḥazzánen/ḥakhámen (sp.-p.) tek så eit beger vin i høgre hand og seier:

Sabrí máranán, (Alle svarar: «Leḥajjím!») Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh hangolám, boré perí haggèfen. (Alle svarar: «Amén!»)

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh hangolám, asjer kiddésj jedíd mibbéten, veḥók bisjeró sam, veṣeeṣaáv ḥatám beót berít kódesj. Ngal ken biskhár zó Él ḥai ḥelkénu ṣurénu, ṣivvá lehaṣíl jedidót zérang kódesj sjeerénu misjáḥat, lemángan beritó asjer sam bibsarénu; barúkh attá ADONÁI, korét habberít. (Alle svarar: Amén!)

Sabrí máranán, (Alle svarar: «Leḥajjím!») Velsigna er Du, Evige, vår Gud, herskar over universet, skapar av frukta frå vinranken. (Alle svarar: «Amén!») Velsigna er Du, ADONÁI, vår Gud, herskar over universet, som helga den elska [Abrahám] frå morslivet, og gav ei føreskrift ått ætta hans, og etterkommarane hans merka du med teknet til den helige pakta. Derfor, som løn for dette, baud den levande Gud, luten vår, klippa vår, å berge den elska heilage sæden frå avgrunnen, på grunn av pakta Si som Han sette i kjøttet vårt; velsigna er Du, ADONÁI, stiftar av pakta. (Alle svarar: «Amén!»)

סַבְרִי מָרָנָן. (חיים) בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם. בּוֹרֵא פְּרִי הַגֶּפֶן׃ (אמן) בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדֵּשׁ יְדִיד מִבֶּטֶן וְחוֹק בִּשְׁאֵרוֹ שָׂם. וְצֶאֱצָאָיו חָתַם בְּאוֹת בְּרִית קדֶשׁ. עַל כֵּן בִּשְׂכַר זוֹ אֵל חַי חֶלְקֵנוּ צוּרֵנוּ צִוָּה לְהַצִּיל יְדִידוֹת זֶרַע קדֶשׁ שְׁאֵרֵנוּ מִשַּׁחַת. לְמַעַן בְּרִיתוֹ אֲשֶׁר שָׂם בִּבְשָׂרֵנוּ. בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. כּוֹרֵת הַבְּרִית׃

Namngjeving

Mohélen eller ḥazzánen/ḥakhámen (sp.-p.) seier:

Elohénu vÉlohé aboténu kajjém et hajjéled hazzé leabív ulimmó, vejikkaré sjemó beJisraél ... [guten sitt førenamn], jismáḥ haísj bijoṣé ḥalaṣáv, vetagél haisjá bifrí bitnáh, kaamúr: Jismáḥ abíkha veimmékha vetagél joladtékha. Veneemár: vaeebór ngalájikh vaerékh mitboséset bedamájikh, vaomár lakh bedamájikh ḥají, vaomár: Lakh bedamájikh ḥají. Veneemár: Zakhár lengolám beritó dabár ṣivvá leélef dor. Asjer karát et Abrahám usjbungató leJiṣ’ḥák. Vajjanganidéha leJangakób leḥók, leJisraél berít ngolám. Hodú lADONÁI ki tób, ki lengolám ḥasdó.

... [Guten sitt førenamn] hakkatán Elohím jegaddeléhu. Kasjém sjennikhnàs labberít, kákh jikkanés latTorá ulmiṣvót, leḥuppá ulmangasím tobím.

Vår Gud og guden ått fedrane våre, tak vare på denne guten for far hans og mor hans, og lat namnet hans i Jisra’él vera: ... (guten sitt førenamn). Må mannen glede seg over den som kom or hoftene hans, og kvinna fryde seg over frukta av livet hennar; som det er sagt: «Far din og mor di skal glede seg, og ho som fødde deg skal fryde seg.» (Ordspråka, kap. 23, v. 25) Og det er sagt: «Og da eg gikk forbi deg og såg deg [...] i blodet ditt, sa eg til deg: ‘i blodet ditt leve du,’ ja, eg sa til deg: ‘i blodet ditt leve du.’» (Jeḥezqél (Ezekiel), kap. 16, v. 6) Og det er sagt: «Han har hugsa pakta Si i æva, ordet som Han baud til tusen ætteled; [pakta] som Han sette med Abrahám, og eida Hans til Jangakób som ei føreskrift, ått Jisraél som ei evig pakt. Takksei ADONÁI, som er god; for allveg er godskapen Hans.» (Tehillá (Davidssalme) 15, v. 8–10)

Denne litle ... (guten sitt førenamn), Gud gjere han stor. Slik som han er ført inn i pakta, slik før han inn i Toráen, i boda, i bryllaupsbaldakinen og i gode gjerningar.

אֱלהֵינוּ וֵאלהֵי אֲבוֹתֵינוּ. קַיֵּים אֶת הַיֶּלֶד הַזֶּה לְאָבִיו וּלְאִמּוֹ. וְיִקָּרֵא שְׁמוֹ בְּיִשְׂרָאֵל [פלוני]. יִשְׂמַח הָאִישׁ בְּיוֹצֵא חֲלָצָיו. וְתָגֵל הָאִשָּׁה בִּפְרִי בִּטְנָהּ. כָּאֲמוּר. יִשְׂמַח אָבִיךָ וְאִמֶּךָ. וְתָגֵל יוֹלַדְתֶּךָ׃ וְנֶאֱמַר. וָאֶעֱבוֹר עָלַיִךְ וָאֶרְאֶךְ מִתְבּוֹסֶסֶת בְּדָמַיִךְ וָאוֹמַר לָךְ בְּדָמַיִךְ חֲיִי. וָאוֹמַר לָךְ בְּדָמַיִךְ חֲיִי׃ וְנֶאֱמַר. זָכַר לְעוֹלָם בְּרִיתוֹ דָּבָר צִוָּה לְאֶלֶף דּוֹר׃ אֲשֶׁר כָּרַת אֶת אַבְרָהָם וּשְׁבוּעָתוֹ לְיִצְזָק׃ וַיַּעֲמִידֶהָ לְיַעֲקב לְחוֹק. לְיִשְׂרָאֵל בְּרִית עוֹלָם׃ הוֹדוּ לַיהוה כִּי טוֹב. כִּי לְעוֹלָם חַסְדּוֹ׃ [פלוני] הַקָּטָן אֱלהִים יְגַדְּלֵהוּ׃ כַּשֵּׁם שֶׁנִּכְנַס לַבְּרִית. כָּךְ יִכָּנֵס לַתּוֹרָה וּלְמִצְווֹת. לְחֻפָּה וּלְמַעֲשִׂים טוֹבִים׃


Avslutning

Mange sefardím resiterer Davidssalme 128 her.

Om det er minján, syng alle som er til stades Kaddísj Jehé sjelamá.

Sengudá

Kjelder

Sefardím

  • Mal:Amsterdam 1634
  • Mal:Charbit 1994
  • Dobrinsky, Herbert C.: A treasury of Sephardic laws and customs : the ritual practices of Syrian, Moroccan, Judeo-Spanish and Spanish and Portuguese Jews of North America. Revised edition. Hoboken, NJ (Ktav); New York, NY (Yeshiva Univ. Press), 1988.
  • סדר התפלות כמנהג ק״ק ספרדים שער השמים בלומדדון יע״א = Book of prayer of the Spanish and Portuguese Jews’ Congregation, London : with an English translation. Based principally on the editions of the Rev. D. A. de Sola and Haham Moses Gaster. Revised under the authority of Solomon Gaon, Ph.D., Haham of the Spanish and Portuguese Jews’ Congregations of Great Britain and published for The Society of Heshaim. Oxford (printed at the University Press for the Spanish and Portuguese Synagogue by Vivian Ridler), 5725-1965.

Asjkenazím