Bat miṣvá

Frå Esnoga.no

Bat miṣvá tyder ordrett ‘dotter av bodet’ og blir brukt som namn for det punktet i oppveksten at ei jente blir rekna som religiøst sett myndig. Sidan mellomalderen har dette punktet vore definert som 12 år. I deler av ikkje-ortodoks jødedom definerer ein i staden dette punktet som 13 år. (Det tilsvarande punktet i oppveksten til ein gut blir kalla bar miṣvá.)

Frå dette tidspunktet er jenta pliktig til å følgje alle boda — inkludert kasjrút (matforskriftene), sjabbát og full faste på fastedagar som kippúr og tisjʕá beáb.

I egalitær jødedom blir jenta no rekna med i minyán, ho kan leie gudstenesta om ho har ferdigheitene som trengst, og ho kan ha ʕaliyyá åleine.

Bod som ikkje er rekna som bindande for jenter, men som jenter er frie til (somme seier er oppfordra til) å ta på seg om dei vil etter eldre sefardisk og vestasjkenazisk jødedom, og dessutan vår tids egalitære jødedom (hovudsakleg utanom ortodoks jødedom), er ṣiṣít (hjørnefrynser) og tefillín (bønereimer)

Rituale

Fram til nyare tid har det ikkje eksistert noko rituale for bat miṣvá-feiring. På 1800-talet vart så dei første bat miṣvá-feiringane heldt i det noverande Irak.

Den første bat miṣvá-feiringa vi veit om i vestleg jødedom vart halden i 1921, da Judith Kaplan (dotter av rabbinar Mordecai Kaplan, mannen som etablerte rekonstruksjonistisk jødedom) las eit toráavsnitt på første sjabbát etter at ho nådde bat miṣvá-alderen (tolv år) i den da nyetablerte synagogen Society for the Advancement of JudaismManhattan i New York.

I våre dagar blir bar miṣvá feira blant dei aller fleste jødar, berre med unntak av nokre ortodokse miljø. I dei fleste ortodokse menigheitene held jenta ein derasjá (tale) om vekeavsnittet av Toráen eller om andre emne som har med miṣvót (boda) å gjera under eit festmåltid etter gudstenesta. I dei fleste konservative/masorti, rekonstruksjonistiske og reformjødiske menigheitene (og i våre dagar i somme ortodokse menigheiter òg) er det vanleg at jenta har ʕaliyyá i synagogen på sjabbát og resiterer ein del av vekeavsnittet; i tillegg held ho gjerne ein derúsj (òg kalla debàr Torá) (tale, preke) over vekeavsnittet.

Kjelder

Sjå òg