Baruch Spinoza

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 21. februar 2022 kl. 00:39 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Baruch Spinoza (16321677)

Baruch Spinoza (f. 24. november 1632 i Amsterdam; d. 21. februar 1677 i Den Haag), etterkvart kjent som Benedictus de Spinoza og kjent som Bento de Spinoza eller Bento d’Espiñoza i samfunnet han vaks opp i, blir, saman med René Descartes og Gottfried Wilhelm Freiherr von Leibniz, rekna som ein av dei store rasjonalistane i filosofien1600-talet. Han blir rekna som grunnleggaren av moderne bibelkritikk.

Baruch de Spinoza vart fødd i Amsterdam i ein portugisarjødisk familie og vart kjent for syna sine på panteisme og nøytral monisme, og dessutan fordi Etikken hans er skriven i form av postulat og definisjonar som om det var ei geometriutgreiing. Sommaren 1656 vart han bannlyst av det jødiske samfunnet for påstandane sine om at Gud er mekanismen av naturen og universet og at Bibelen er eit metaforisk og allegorisk verk som blir bruka til å undervise om Guds natur. Begge desse påstandane er basert på ei form for kartesianisme. Etter bannlysinga tok han i bruk fornamnet Benedictus — den latinske forma av det hebraiske namnet Baruch og det spansk-portugisiske namnet Bento.

Ettersom publikumsreaksjonane Spinoza fikk på Teologisk-politisk utgreiding ikkje fall heldige ut for Spinoza og hans variant av kartesianismen, avstod han frå å gje ut verka sine. Etikken vart utgjeven etter at han døydde — som del av Opera postuma, redigert av venene hans.

Spinoza, som blant anna er vorten kalla «den største kristne» [sic!] og «den største ateisten», hevda at «Gud» og «Naturen» er to namn for den same verkelegheita, nemleg den usamansette substansen som ligg under universet og som alle mindre entitetar berre er modus eller modifikasjonar av. Han hevda at “Deus sive Natura” («‘Gud’, eller ‘Naturen’») er eit vesen med uendeleg mange eigenskapar, og at utbreiing og tanke var to av desse. Skildringa hans av kva naturen til eksistensen er, kan seiast å behandle de fysiske og mentale universa som to ulike og parallelle underunivers som verken overlappar eller samhandlar med kvarandre. Denne formuleringa er ei historisk signifikant panpsykisk løysing på kropp og sjel-problemet som er kjent som nøytral monisme.

Spinoza var ein gjennomgåande determinist som meinte at absolutt alt som finn stad hender som resultat av nødvendigheit. For honom er menneskeleg framferd heilt ut regelbunden, og friheit er å forstå at vi er regelbundne og å forstå korfor vi fer fram som vi gjer. Friheit er altså ikkje mulegheita til å seie «nei» til det som skjer med oss, men mulegheita til å seie «ja» og å fullt ut forstå korfor ting lyt skje på det viset.

Filosofien til Spinoza har mykje til felles med stoisismen, men han skilte seg skarpt ut frå stoikarane i éin ting: Han nekta tvert på synet deiras at fornuft kunne vinne over kjensler. Tvert imot, hevda han, kan ei kjensle berre overvinnast av ei sterkare kjensle. For honom stod det avgjerande skiljet mellom aktive og passive kjensler — der de aktive kjenslene er dei ein rasjonelt sett forstår og dei passive kjenslene dei ein ikkje rasjonelt forstår.

Eit portrett av Spinoza fanst på den gamle 1000-gylden-seddelen, som var gyldig valuta i Nederland fram til euroen vart innført i 2002.

Bibliografi

Sjå òg

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Baruch Spinoza» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.