Bar miṣvá

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 14. januar 2024 kl. 23:15 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gut les Torá i samband med si bar miṣvá-feiring i synagogen i Trondheim.
Olve Utne (2023)

Bar miṣvá tyder ordrett ‘son av bodet’ og blir bruka som namn for det punktet i oppveksten at ein gut blir rekna som religiøst sett myndig. Sidan mellomalderen har dette punktet vore definert som 13 år. (Det tilsvarande punktet i oppveksten til ei jente blir kalla bat miṣvá.)

Frå dette tidspunktet av blir guten rekna med i minyán, han kan leie gudstenesta om han har ferdigheitene som trengst, han kan ha ʕaliyyá åleine og han er pliktig til å følgje alle boda — inkludert kasjrút (matforskriftene), sjabbát, ṣiṣít (hjørnefrynser), tefillín (bønereimer) og full faste på fastedagar som kippúr og tisjʕá beáb.

Ritual

«Premiere Lecture de la Loi». Oljemåleri av Éduard Brandon (1831–1897).

Frå seinmellomalderen av har tidspunktet at ein gut blir bar miṣvá vorte markert med eit spesielt rituale og feiring. Den rituelle delen inkluderer oftast legging av tefillín (bønereimer) på ein kvardag; ein ʕaliyyá der guten sjølv les frå Toráen (dette kan skje under morgongudstjenesta på måndag (evt. tysdag), torsdag og sjabbát (laurdag)); og ein derúsj (òg kalla debàr Torá) — ei utlegging eller eit foredrag med utgangspunkt i ein tekst frå Toráen.

Bar miṣvá-markeringa blir gjerne òg feira med eit festmåltid og gåver — på liknande vis som konfirmasjonen i kristendom, eldre tysk-amerikansk reformjødedom og human-etikk.

Kjeldor

Sjå òg