Asjkenazisk jødedom

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 25. mai 2021 kl. 13:25 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (7 versjonar)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Asjkenazisk jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som vart utvikla hovudsakleg i mellomalderens Tyskland og Frankrike. Den asjkenaziske jødedommen, som primært er utbreidd blant asjkenazím, skil seg ut frå sefardisk jødedom særlig i ritualet for rosj hasjaná og kippúr, i uttalen av hebraisk og arameisk, i namnebruk, i interpretasjonen av halakhá og i ein del liturgiske detaljar.