Asjkenazisk jødedom

Frå Esnoga.no

Asjkenazisk jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som vart utvikla hovudsakleg i mellomalderens Tyskland og Frankrike. Den asjkenaziske jødedommen, som primært er utbreidd blant asjkenazím, skil seg ut frå sefardisk jødedom særlig i ritualet for rosj hasjaná og kippúr, i uttalen av hebraisk og arameisk, i namnebruk, i interpretasjonen av halakhá og i ein del liturgiske detaljar.