Asjkenazím

Frå Esnoga.no
«Der Samstug» (Laurdagen), ca 1800 — gravering basert på eit måleri av Frederich Campe. Vi ser tyske asjkenazím utanfor synagogen på sjabbát. Mennene har typiske sjabbátklede for sørvest-tyske asjkenazím fram til tidleg på 1800-talet.

Asjkenazím eller asjkenaziske jødar, òg kalla (høg)tyske jødar, er ei jødisk folkegruppe med kulturell bakgrunn i det jiddischspråklege samfunnet Asjkenáz, eller det sørlege Tyskland og nordaustlege Frankrike i mellomalderen. Nøyaktig kor lenge det har vore jødar nordom Alpane er uvisst, men ein kan rekne det som relativt sikkert at det fanst jødiske handelsmenn i det romersk-okkuperte Nord-Europa alt for knapt 2 000 år sidan.

Frå mellomalderen av vart namnet Asjkenáz bruka om Tyskland og det hovudsakleg tysk/jiddisch- og tildels fransk-språklige jødiske samfunnet. Namnet, som er henta frå ein av dei mytiske nasjonane i 1. mosebok, er truleg påverka av det arabiske namnet for Skandinavia, «Al-Skandz» eller «As-Skandz».

Historie

Utbredelse frå kring år 1200

Frå slutten av 1100-talet til ca 1500 var ei svært turbulent tid for jødane i Nord-Europa. I periodar kunne det vara gode levekår, men det var temmeleg vanleg at jødane vart utvist frå enkeltbyar, bispedømme, fyrstedømme eller heile land. Frå denne tida og utover flytta tyngdepunktet for asjkenazisk kultur seg austover frå Nord-Frankrike, Sørvest-Tyskland, Belgia og England til området som kom til å bli kjent som (asjkenazisk) austjødisk: Polen, Tsjekkia, Slovakia, Austerrike, Ungarn, Romania, Moldavia, Ukraina, Belarus, Litauen, Latvia, Estland og Russland.

Språk

Hovudspråket i tradisjonell asjkenazisk kultur er jiddisch — eit germansk språk som har felles opphav med tysk (særlig rhin-dialektar og bayersk). Her er somme eksempel på jiddische ord med germansk opphav:

akker (åker), arbet (arbeid), dorsh (torsk), du, érlech (ærlig), finger, flekk, foigl (fugl), folk, frost, full, hammer, handlen, hant (hand), houz (hus), jór (år), kats (katt), kopp (haud), korn, krank, , laks, lamm, land, láng, luft, mandl, mann, méinen (meina), mil’ch (mjølk), minst, mir (vi, me), oks (okse), shtéin (stein), tsung (tunge), vinter, zéglen (segle).

I tillegg til grunnstammen av germanske ord, inneheld jiddisch ein del romanske ord — truleg hovudsakleg frå gammelfransk og/eller norditaliensk — og eit stort tal ord frå hebraisk og arameisk. Innslag frå slaviske språk er moderat i vestjiddisch, men svært utbreidd i austjiddisch.

Hovudforskjellar mellom asjkenazisk og sefardisk jødedom

  Asjkenazím Sefardím
Sjabbát Tenner sjabbátlysa først, held deretter hendene framfor augo og seier berakháen (velsigninga). Seier berakháen først, tenner sjabbátlysa rett etterpå.
Signing av vinen Signinga av vin m.m. blir uttala kíddusj eller kíddisj. Ein seier «boire pri ha-gófen» (trad.) el. «borei pri ha-gafen» (moderne). Signinga av vin m.m. blir uttala kiddúsj. Ein seier tradisjonelt gjerne «boré perí haggéfen».
Netilàt jadájim Ein skyljer hendene først og seier berakháen etterpå. Ein seier berakháen først og skyljer hendene etterpå..
Synagogen
  • SYNAGOGE: Synagoge, shul, tempel; kleizl
  • ARK: oroin ha-koidesh (asjk.heb.), orn-koidesh (jid.), aron ha-kodesh (moderne).
  • LESEPLATTFORM: Bimo (asjk.heb.), bime (jid.), bima (moderne); almemor (asjk.heb.), balemmer (jid.), almemar (moderne).
  • SYNAGOGE: Synagoge, sinagoga, esnoga, snoge, snoa, sinoga, soga
  • ARK: Hekhál, Hekhál kódesj.
  • LESEPLATTFORM: tebá (sp.-port.), tevá (Marokko, Balkan).
Bønesjal Tàlles/tàllis, pl. talleisim. Tallét, pl. talletót
Hjørnefrynser Tsitsis / tsitses: Knutar oftast gruppert som 7+8+11+13; dei 7–13 viklingane blir ikkje sikra med knutar anna enn hos ein del ḥasidim, som knyt dei i grupper på ein til tre. Ṣiṣít: Knutar oftast gruppert som 10+5+6+5; kvar runde blir sikra med ein enkeltknute.
Bønereimer T’fíllin: Ein kveilar mot seg nedover underarma. Reimene formar ein Sjin (ש) på handbaken. Tefillín: Ein kveilar frå seg nedover underarma. Reimene formar ein Dálet (ד) eller Álef (א) på handbaken.
Mezuzá Står diagonalt. Står loddrett, evt. såvidt skrånande.
Språk Hebraisk, arameisk; jiddisch, tysk (høgtysk) Hebraisk, arameisk; arabisk; kastiljansk, portugisisk, djudeospanjol, fransk; nederlandsk, plattysk
Heb./aram. uttale Trykkforskyving til nest siste el. første staving som i germanske og vestslaviske språk: Shabbes, chanekke, ‘almajjo Trykk som i klassisk heb./aram.: Sjabbát, ḥanukká, ngalmajjá
Pesaḥ Ein et ikkje kitniyyót (asjk. kitnios — ris, mais og belgvekstar) under heile pesaḥ. Ein et ikkje lam under sédermåltidet. Dei fire spørsmåla begynner med «berre matsá (asjk. matso, matse)». Ein et ofte kitniyyót under pesaḥ, evt. med varierande restriksjonar (f.eks. berre ris, eller berre belgvekstar). Ein et gjerne lam under sédermåltidet. Dei fire spørsmåla begynnar med «dyppar grønsakene ... to gonger».
Ḥanukká Tenner sjammásjen først og brukar han til å tenne dei andre lysa med. Tenner sjammásjen sist, etter alle dei vanlege ḥanukkálysa.

Lenkjer