Ann-Gaëlle Attias
Frå Esnoga.no
Ann-Gaëlle Attias er ein fransk-sefardisk kvinneleg rabbinar av marokkansk-jødisk bakgrunn. Tidlegare har ho arbeidd som journalist. Ho studerte ved Zacharias Frankel College ved Universität Potsdam der ho fikk semikhá i alder av 48 år søndag den 23. oktober 2022 som den 6. kvinnelege rabbinaren frå Frankrike. Samtidig fekk to andre semikhá: Irene Miriam Muzas Calpe frå Barcelona og Andrés Bruckner frå Columbia. Dette var for øvrig dei tre første rabbinske ordinasjonane i Brandenburg sidan 2. verdskrigen. Ho er tilsett som leiar for Association des Juifs Libéraux de Toulouse i Toulouse.
Kjelder
- «Jews in France welcome a sixth woman rabbi», publ. på La-croix.com den 26.10.2022.
- «Erste Rabbiner-Ordination in Brandenburg seit dem Zweiten Weltkrieg», publ. på rbb24.de den 23.10.2022.