Amedeo Modigliani

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 5. februar 2024 kl. 18:05 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Amedeo Modigliani i 1918.
Foto:ukjent

Amedeo Modigliani, fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike, var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teiknar. Modigliani var det fjerde og yngste barnet til Flaminio Modigliani og Eugenia Garsin. Heimbyen hadde ei stor jødisk befolkning, og han vart fødd inn i ein opprinneleg velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar.

I 1895, elleve år gammal, vart han ramma av lungehinnebetennelse, og da han var fjorten fikk han tyfus. I 16-årsalderen fikk han lungehinnebetennelse att og pådrog seg òg tuberkulose. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å begynna å måle, og mor hans ordna det slik at han fikk studere med landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno.

Modigliani studerte sidan ved kunstakademiet i Venezia og Firenze og kom i 1906 til Paris. Utan å slutte seg til noka bestemt gruppe eller rørsle let Modigliani seg inspirere av Henri de Toulouse-Lautrec og Paul Cézanne sine måleri, afrikanske skulpturar, fauvistane og kubismen, så vel som av andre eksperimentelle måleri av Picasso og Braque. Mest epokegjerande vart møtet med den rumenske bildehoggaren Constantin Brâncuși, og mellom 1910 og 1913 la han all sin energi i bildehogginga.

Da Modigliani, som alt var svekka av tuberkulose, vart nøydd til å slutte med bildehogginga på grunn av at meiselstøvet trengte ned i lungene, utnytta han mange av effektane frå skulpturane sine i portretta sine og i nakenstudia, framfor alt det karakteristiske, forlenga hovudet, den lange, opphøgde naseryggen og den lange halsen.

I juli 1917 møtte han den unge kunststudenten Jeanne Hébuterne (fødd 6. april 1898). Dei flytta i hop, og 29. november 1918 vart dottera Jeanne fødd. I januar 1920 vart Modigliani sjuk, med nyrebetennelse og tuberkuløs meningitt, og han vart innlagt på Hôpital de la Charité i Paris, der han døydde natt til 25. januar 1920. Dagen etter tok Jeanne, som var gravid i niande månad, sitt eige liv ved å kaste seg ut frå eit glas i sjette etasje.

Myten om Modigliani som en «montparnasseeksentrikar» — stilig, fattig, stolt og rusa eller full — vart utbrodert av forfattarvenene hans, særleg etter at han gikk bort berre 35 år gammal. Myten gløymer den intensive konsentrasjonen om målinga dei siste åra av livet hans.

Modigliani ligg gravlagt på Père-Lachaise i Paris, der Jeanne Hébuterne òg ligg. Dotter deiras vart teken hand om av Amedeo si søster i Firenze. Som vaksen skreiv ho ein biografi om far sin — Modigliani, mannen og myten. Det vart òg laga ein film om livet hans, Montparnasse 19, i 1957 med Gérard Philipe i hovudrolla.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Amedeo Modigliani» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.