Ḥanukká

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 2. januar 2022 kl. 15:23 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

Ḥanukká

Ḥanukkiyya etter gresk tradisjon i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antiyyokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkiyya

Songar:
Hannerót hallálu Ḥag hammakkabbím · Hazeremos una merenda · Mi ze yemallél · Ocho candelicas · Maʕóz ṣur

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borekas · keftes de prasa · Portugiesische Kuchen (jødekaker) · semulepudding · vaflar

Tenning av ḥanukkálysa i Hordaland.

Ḥanukká (hebr. חֲנֻכָּה eller חֲנוּכָּה), stundom òg skrive chanukka og ofte kalla den jødiske lysfesten, blir feira i åtte døgn kring nymåne i desember — frå 25. kislév til eit par dagar uti tebét.

I 2013 varer ḥanukká frå solnedgang onsdag den 27. november til solnedgang torsdag den 5. desember.

Kvar kveld tenner vi lys i ein ḥanukkilje (sjå bildet) Ein ḥanukkilje er ein lysestake eller ei oljelampe med åtte vanlege armar og éin ekstra for «tenaren» (sjå meir om tenaren i kapitlet «Tenning av lys»). Første kvelden tenner vi eitt lys og tenaren, andre kvelden to lys og tenaren, og så vidare inntil vi tenner alle åtte lysa og tenaren på den åttande kvelden.

Vi et gjerne mjølkemat (særlig mizraḥisk og sefardisk skikk) og mat steikt eller kokt i olje (særlig asjkenazisk og tildels sefardisk skikk). Elles er det vanleg å gje kvarandre gåver og å synge eller spela glad musikk. (Somme familiar pyntar tre òg, men dét er ikkje tradisjonelt rekna som nokon jødisk skikk.)

Ḥanukká har mange likheitstrekk med jula slik ho blir feira i Skandinavia i dag, men det er mykje som er ulikt òg — sjå «Samanlikning mellom ḥanukká og jul».

Kva datoar fell ḥanukká på?

Ḥanukká fell på dagane kring nymåne i desember.
Foto:Olve Utne

Første kvelden av ḥanukká fell på dei følgjande datoane i den gregorianske kalenderen: