Ḥaméṣ

Frå Esnoga.no
Roskadeig er heva deig av eit eller fleire av dei fem kornslaga og er dermed ḥaméṣ.
Olve Utne (2021)

Ḥaméṣ er eit halakhisk omgrep for all bearbeidd mat, inkludert mjøl, av dei fem kornslaga som ikkje har vorte steikt/baka som maṣṣá. Dei fem kornslaga er, enkelt sagt, kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug, og i tillegg alle variantar av og krysningar mellom desse slaga — slik som emmer, einkorn, rugkveite o.a. Alle desse kornslaga har til felles at dei inneheld større eller mindre mengder av gluten som gjer at det går an å laga gjærbakster av dei.

Merk at kornslag utan vanleg gluten, slik som havre, hirse, ris o.a. ikkje kan vera ḥaméṣ i seg sjølve.