ʕAmidá

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 25. januar 2023 kl. 03:13 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

ʕAmidá (hebr. עֲמִידָה [ʕămīdā]), òg kalla sjemoné ʕesré (hebraisk שְׁמונֶה עֶשְׂרֶה [šəmōne ʿesre], ‘atten’), særleg blant asjkenazím, er den ståande, stille bøna som danar høgdepunktet i minḥá (ettermiddagsgudstenesta) og musáf (tilleggsgudstenesta etter morgongudstenesta på sjabbát, rosj ḥódesj (nymåne) og høgtidsdagar); og eitt av høgdepunkta i sjaḥarít (morgongudstenesta) og ʕarbít (kveldsgudstenesta).