Zeróaʕ
Frå Esnoga.no
Zeróaʕ (hebr. זְרֹֽעַ el. זְרֽוֹעַ) er ein symbolsk matrett under seder haggadá sjel pesaḥ. I mizraḥisk og det meste av sefardisk jødedom blir zeróaʕ framleis representert ved eit grilla lammebein med noko kjøtt på. Zeróaʕ minner om påskelammet som vart ofra på første kvelden av pesaḥ medan Tempelet i Jerusalem stod. Samtidig er sjølve ordet zeróaʕ (arm) ein allusjon til Guds utstrekte arm (zeróaʕ netuyá) under utgangen av Egypt.
(I dei fleste former av tradisjonell asjkenazisk jødedom er det tabu å servere grilla eller steikt lammekjøtt under haggadáen for å unngå at nokon skal tru at dét er det originale offeret i Tempelet, og dei brukar ofte eit kyllinglår i staden.)