Yom tób
Yom tób (hebr. יוֹם טוֹב; pl. yamím tobím) er eit halakhisk omgrep for ein helgedag med arbeidsforbod. Arbeidsforbodet på ein yom tób som ikkje fell på sjabbát er i dei fleste falla mildare enn arbeidsforbodet på sjabbát. (Unntaket er kippúr — sjå der.)
Kva dagar er yamím tobím?
- 1. dag av pesaḥ (alle grupper)
- 2. dag av pesaḥ (tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom utanom Israel)
- 7. dag av pesaḥ (alle grupper)
- 8. dag av pesaḥ (tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom utanom Israel)
- 1. dag av sjabuʕót (alle grupper)
- 2. dag av sjabuʕót (tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom utanom Israel)
- 1. dag av rosj hasjaná (alle grupper)
- 2. dag av rosj hasjaná (all tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom både i og utanfor Israel)
- Kippúr (berre éin dag i alle grupper; merk at kippúr fell i ein strengare kategori enn andre yamím tobím)
- 1. dag av sukkót (alle grupper)
- 2. dag av sukkót (tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom utanom Israel)
- 8. dag av sukkót, eller «sjeminí ʕaṣéret» (gjeld òg som simḥàt Torá utanfor Israel)
- 2. dag av sjeminí ʕaṣéret, eller simḥàt Torá (i tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom utanom Israel)
Merk at ḥol hammoʕéd (romhelga av pesaḥ og sukkót ikkje blir rekna som yamím tobím. Fastedagar blir, med unntak av kippúr, ikkje rekna som yamím tobím.
Halakhót (føreskrifter) for yom tób
Eld
Medan det på sjabbát er forbode å gjera opp eld eller overføre eld i noka form, er det på yom tób tillate å overføre eld.
Elektrisitet
Matlaging
Det er tillate å koke mat for bruk på yom tób. Det er derimot ikkje tillate å laga mat for sjabbát anna enn å fortsette med det når ein alt hadde begynt med det føre yom tób. Sidan ein nokre gonger kan ha to fulle dagar med yom tób rett føre sjabbát, har skikken utvikla seg å laga to enkle matretter for sjabbát føre yom tób begynner. Ein gjer så ritualet ʕerúb tabsjilín-ritualet over desse to matrettene.
Variantar av ordet
Blant portugisarjødar, algirske jødar og syriske jødar er uttalen yom tób tradisjonell. Marokkanske jødar og osmanske sefardím seier som regel yom tóv, og dette er òg forma som blir bruka i moderne israelsk hebraisk.