Yitzhak Navon
Yitzhak Navon (יצחק נבון, f. 9. april 1921 i Jerusjalaim, d. 6. november 2015 i Jerusjaláim) var ein israelsk politikar, diplomat og forfattar. Han var Israels 5. president i åra 1978–1982 som medlem av sentrums/venstre-partiet Hammaˤarakh. Han var den første israelske presidenten som var fødd i Jerusalem, der familien på farssida hans har budd sidan 1600-talet.
I 2005 vart han kåra som den 108. beste israelaren nokon gong i ei meiningsmåling utført av den israelske nyheitsnettstaden Ynet.[1]
Liv
Yitzhak Navon vart fødd i Jerusalem i ein sefardisk rabbinar-familie. På farssida er han etterkommar etter spanske jødar som busette seg i Det osmanske riket etter bortvisinga av jødane frå Kastilja i 1492. Familien (Barukh Mizraḥi-familien eller Al Mashraki) flytta frå det novarande Tyrkia til Jerusalem i 1621. På morssida er han etterkommar av den kjente kabbalisten Haim Ben Attar. Ben-Atar-familien kom frå Marokko til Jerusalem i 1884.[2]
Navon studerte hebraisk litteratur og islamstudiar ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem. Etter å ha tjent i Haganah i Jerusalem vart han sendt av Den israelske utanrikstjenesta til Uruguay og Argentina. Kona hans, Ofira Resnikov, som var femten år yngre enn han, dødde av leukemi i 1993. Dei hadde to born.
Politikk
I 1951 vart Navon statssekretær för Israels første statsminister, David Ben-Gurion. Året etter vart han utnemnt til byråsjef under Ben-Gurion. Han fortsette som byråsjef under statsminister Moshe Sharett.
I 1963 vart han ein av avdelingsledarane ved Utdanings- og kulturdepartementet. To år etter vart Navon innvelt i Knesset som medlem av Ben-Gurion sitt parti Rafi, som vart ihopslege med ˤAvodah (ein del av Hammaˤarakh) i 1968. Navon tjente som visepresident för Knesset og formann för Knessets utanriks- og forsvarskomité.
Författarskap
Navon skreib to musikalar som vart oppført på Habimah (Det israelske nasjonalteateret) i Tel-Aviv. Han skreiv òg Dei seks dagane og dei sju portane (1979), ei legende om attföreininga av Jerusalem.
Fotnotar
|
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |
