YHVH
Frå Esnoga.no
YHVH (hebraisk יהוה er dei fire konsonantane i det aller heilagaste gudsnamnet i jødedommen. Etter rabbinsk jødedom er det forbode å uttala dette namnet utanom Tempelet i Jerusalem, og det er uvisst korleis Namnet vart uttala. I rabbinsk jødedom blir namnet som hovudregel vist til med ordet Adonái (‘Herren’, ‘Meisteren’) i bøner og bibellesing.