Tisjré
Frå Esnoga.no
det jødiske året |
1 nisán 2 iyyár 3 siván 4 tammúz 5 ab 6 elúl 7 tisjré 8 marḥesjván 9 kislév 10 tebét 11 sjebát 12 adár |
Tisjré el. tisjrí (hebraisk תשרי [tišrē] el. [tišrī]), i bibelsk tid kjent som yeraḥ haetaním, er den sjuande månaden i det jødiske året og varar i 30 dagar frå nymåne i september eller tidleg oktober. Jødiske helgedagar i månaden tisjré er:
- 1.–2. tisjré: rosj hasjaná eller jødisk nyår;
- 10. tisjré: kippúr eller soningsdagen;
- 15.–21. tisjré: sukkót eller lauvhyttefesten;
- 22.(–23.) tisjré: sjeminí ʕaṣéret og simḥàt Torá.