Tisjʕá beáb

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Tisjngá beáb)
Den romerske plyndringa av Jerusalem i år 70. Relieff frå TitusbogenForum Romanum i Roma.

Tisjʕá beáb (hebr. ט’ בְּאָב el. תִּשְׁעָה בְּאָב [tiš'ʕā bə'āb]) eller 9. ab, òg kalla taʕanít ab (‘ab-fasta’) og el ayuno negro (sp., ‘den svarte fasta’), er ein sørgje- og fastedag til minne om Tempelets fall i 587 fvt. og 70 evt. I tillegg fann mange andre tragiske hendingar i jødisk historie stad på eller nærme denne datoen, inkludert utvisinga av jødane frå Spania i 1492. Denne utvisinga skjedde for øvrig samtidig med at Christophorus Columbus la ut frå Spania med dei tre skipa sine, visstnok for å prøve å finne sjøvegen til Kina. Dagen blir markert i rabbinsk jødedom med spesielle gudstenester og med full faste frå solnedgang på tisjʕá beáb-aftanen til etter solnedgang ved slutten av tisjʕá beáb-dagen. Når datoen fell på sjabbát, blir dagen markert frå utgangen av sjabbát til søndag kveld etter solnedgang.

Jødane vart utvist frå Castilla med siste frist tysdag den 31. juli 1492, eller ʕereb 8. ab 5252 AM.

Korleis blir tisjʕá beáb markert?

Faste

taʕanít áb, eller el ayuno negro (‘den svarte fasta’), skal ein faste heile døgnet, frå solnedgang dagen føre til det mørknar når sjølve dagen er ferdig. Den einaste andre dagen ein fastar frå solnedgang til solnedgang er på kippúr (el ayuno blanco). I tillegg til at ein ikkje et eller drikk noko som helst (om ein ikkje har helseproblem som gjer full faste spesielt skadeleg), skal ein ikkje bruke lêrsko.

Unngå pynt og unødig vask

Ein skal ikkje vaske seg, anna enn fingertuppane når ein står opp — og sjølvsagt etter toalettbesøk. Mange seier at dette gjeld inntil midt på dagen neste dag, fordi Tempelet brann enno på 10. ab.

Unngå sosial omgang og underhaldning

Ein helsar ikkje på kvarandre anna enn ved den tradisjonelle helsinga: «MORIR HABEMOS.» Det tradisjonelle svaret er: «YA LO SABEMOS.» Ein har ikkje ekteskapeleg omgang; ein går ikkje på spasérturar; og ein studerer ikkje Torá, med unntak av Ekhá (klagesongen), Iyyób (Jobs bok), visse deler av Yirmeyáhu (Jeremia) og visse deler av Talmúd og medrásj som har med sorg og med øydelegginga av Templa å gjera.

Unngå vanleg arbeid

Taʕanít áb er ikkje ein helgedag, og vanleg arbeid og tenning og sløkking av lys er tillate. Ein skal likevel helst unngå vanleg arbeid føre middag på 9. ab.

I esnogaen

Esnogarommet (synagogerommet) og rituala understrekar tydeleg sorga over både Første og Andre Tempelets fall og dei andre katastrofane som har ramma det jødiske folket på og ved denne datoen, inkludert utvisinga av sefardím frå Spania i 1492:

På alle andre dagar i året er det ikkje parókhet (forheng) framfor Hekhál (arka, toráskåpet) i portugisarjødiske esnogas, men på 9. ab heng ein eit svart klede utapå Hekhál. (Asjkenazím, som vanlegvis har parókhet framfor sin arón hakkódesj (ark), tek parókheten ner på 9. ab.) Ein tenner ikkje dei vanlege lysa i esnogaen, men brukar gjerne kvarsitt lys (vokslys, evt. lommelykt) for å sjå å lesa. Ein sitt ikkje på den vanlege plassen sin, men enten på ein annan benk (portugisarjødar) eller på golvet (asjkenazím og mizraḥím). Ein står ikkje på tebáen (almemmáren, bimen, plattforma der ein vanlegvis står og les), men har i staden eit enkelt bord med svart duk oppsett framfor tebáen. Torárullane er òg kledd i svart denne dagen, og sølvbjøllene er erstatta med trebjøller eller svarte posar. Når ein les frå Ekhá (Klagesongen), så les ein gjerne med feil vektlegging av orda for å understreke enda meir den uvanleg tunge stemninga.

Kva dagar fell taʕanít áb på?

2000-åra

2010-åra

2020-åra

2030-åra

2040-åra

2050-åra

Tisjʕá beáb og sjabbát

Om tisjʕá beáb fell på sjabbát, utsett ein fasta til laurdagskvelden etter at sjabbát er over, og ein fastar laurdagskvelden og søndagen i staden.

Sjå òg

Pekarar

Primærkjelder

Andre pekarar