Tisjʕá beáb
|
Tisjʕá beáb (hebr. ט’ בְּאָב el. תִּשְׁעָה בְּאָב [tiš'ʕā bə'āb]) eller 9. ab, òg kalla taʕanít ab (‘ab-fasta’) og el ayuno negro (sp., ‘den svarte fasta’), er ein sørgje- og fastedag til minne om Tempelets fall i 587 fvt. og 70 evt. I tillegg fann mange andre tragiske hendingar i jødisk historie stad på eller nærme denne datoen, inkludert utvisinga av jødane frå Spania i 1492. Denne utvisinga skjedde for øvrig samtidig med at Christophorus Columbus la ut frå Spania med dei tre skipa sine, visstnok for å prøve å finne sjøvegen til Kina. Dagen blir markert i rabbinsk jødedom med spesielle gudstenester og med full faste frå solnedgang på tisjʕá beáb-aftanen til etter solnedgang ved slutten av tisjʕá beáb-dagen. Når datoen fell på sjabbát, blir dagen markert frå utgangen av sjabbát til søndag kveld etter solnedgang.
Korleis blir tisjʕá beáb markert?
Faste
På taʕanít áb, eller el ayuno negro (‘den svarte fasta’), skal ein faste heile døgnet, frå solnedgang dagen føre til det mørknar når sjølve dagen er ferdig. Den einaste andre dagen ein fastar frå solnedgang til solnedgang er på kippúr (el ayuno blanco). I tillegg til at ein ikkje et eller drikk noko som helst (om ein ikkje har helseproblem som gjer full faste spesielt skadeleg), skal ein ikkje bruke lêrsko.
Unngå pynt og unødig vask
Ein skal ikkje vaske seg, anna enn fingertuppane når ein står opp — og sjølvsagt etter toalettbesøk. Mange seier at dette gjeld inntil midt på dagen neste dag, fordi Tempelet brann enno på 10. ab.
Unngå sosial omgang og underhaldning
Ein helsar ikkje på kvarandre anna enn ved den tradisjonelle helsinga: «MORIR HABEMOS.» Det tradisjonelle svaret er: «YA LO SABEMOS.» Ein har ikkje ekteskapeleg omgang; ein går ikkje på spasérturar; og ein studerer ikkje Torá, med unntak av Ekhá (klagesongen), Iyyób (Jobs bok), visse deler av Yirmeyáhu (Jeremia) og visse deler av Talmúd og medrásj som har med sorg og med øydelegginga av Templa å gjera.
Unngå vanleg arbeid
Taʕanít áb er ikkje ein helgedag, og vanleg arbeid og tenning og sløkking av lys er tillate. Ein skal likevel helst unngå vanleg arbeid føre middag på 9. ab.
I esnogaen
Esnogarommet (synagogerommet) og rituala understrekar tydeleg sorga over både Første og Andre Tempelets fall og dei andre katastrofane som har ramma det jødiske folket på og ved denne datoen, inkludert utvisinga av sefardím frå Spania i 1492:
På alle andre dagar i året er det ikkje parókhet (forheng) framfor Hekhál (arka, toráskåpet) i portugisarjødiske esnogas, men på 9. ab heng ein eit svart klede utapå Hekhál. (Asjkenazím, som vanlegvis har parókhet framfor sin arón hakkódesj (ark), tek parókheten ner på 9. ab.) Ein tenner ikkje dei vanlege lysa i esnogaen, men brukar gjerne kvarsitt lys (vokslys, evt. lommelykt) for å sjå å lesa. Ein sitt ikkje på den vanlege plassen sin, men enten på ein annan benk (portugisarjødar) eller på golvet (asjkenazím og mizraḥím). Ein står ikkje på tebáen (almemmáren, bimen, plattforma der ein vanlegvis står og les), men har i staden eit enkelt bord med svart duk oppsett framfor tebáen. Torárullane er òg kledd i svart denne dagen, og sølvbjøllene er erstatta med trebjøller eller svarte posar. Når ein les frå Ekhá (Klagesongen), så les ein gjerne med feil vektlegging av orda for å understreke enda meir den uvanleg tunge stemninga.
Kva dagar fell taʕanít áb på?
2000-åra
- 2000: Frå solnedgang onsdag den 9. august til etter solnedgang torsdag den 10. august.
- 2001: Frå solnedgang laurdag den 28. juli til etter solnedgang søndag den 29. juli.
- 2002: Frå solnedgang onsdag den 17. juli til etter solnedgang torsdag den 18. juli.
- 2003: Frå solnedgang onsdag den 6. august til etter solnedgang torsdag den 7. august.
- 2004: Frå solnedgang måndag den 26. juli til etter solnedgang tysdag den 27. juli.
- 2005: Frå solnedgang laurdag den 13. august til etter solnedgang søndag den 14. august.
- 2006: Frå solnedgang onsdag den 2. august til etter solnedgang torsdag den 3. august.
- 2007: Frå solnedgang måndag den 23. juli til etter solnedgang tysdag den 24. juli.
- 2008: Frå solnedgang laurdag den 9. august til etter solnedgang søndag den 10. august.
- 2009: Frå solnedgang onsdag den 29. juli til etter solnedgang torsdag den 30. juli.
2010-åra
- 2010: Frå solnedgang måndag den 19. juli til etter solnedgang tysdag den 20. juli.
- 2011: Frå solnedgang måndag den 8. august til etter solnedgang tysdag den 9. august.
- 2012: Frå solnedgang laurdag den 28. juli til etter solnedgang søndag den 29. juli (utsett frå sjabbát).
- 2013: Frå solnedgang måndag den 15. juli til etter solnedgang tysdag den 16. juli.
- 2014: Frå solnedgang måndag den 4. august til etter solnedgang tysdag den 5. august.
- 2015: Frå solnedgang laurdag den 25. juli til etter solnedgang søndag den 26. juli (utsett frå sjabbát).
- 2016: Frå solnedgang laurdag den 13. august til etter solnedgang søndag den 14. august (utsett frå sjabbát).
- 2017: Frå solnedgang måndag den 31. juli til etter solnedgang tysdag den 1. august.
- 2018: Frå solnedgang laurdag den 21. juli til etter solnedgang søndag den 22. juli (utsett frå sjabbát).
- 2019: Frå solnedgang laurdag den 10. august til etter solnedgang søndag den 11. august (utsett frå sjabbát).
2020-åra
- 2020: Frå solnedgang onsdag den 29. juli til etter solnedgang torsdag den 30. juli.
- 2021: Frå solnedgang laurdag den 17. juli til etter solnedgang søndag den 18. juli.
- 2022: Frå solnedgang laurdag den 6. august til etter solnedgang søndag den 7. august (utsett frå sjabbát).
- 2023: Frå solnedgang onsdag den 26. juli til etter solnedgang torsdag den 27. juli.
- 2024: Frå solnedgang måndag den 12. august til etter solnedgang tysdag den 13. august.
- 2025: Frå solnedgang laurdag den 2. august til etter solnedgang søndag den 3. august.
- 2026: Frå solnedgang onsdag den 22. juli til etter solnedgang torsdag den 23. juli.
- 2027: Frå solnedgang onsdag den 11. august til etter solnedgang torsdag den 12. august.
- 2028: Frå solnedgang tysdag den 31. juli til etter solnedgang onsdag den 1. august.
- 2029: Frå solnedgang laurdag den 21. juli til etter solnedgang søndag den 22. juli (utsett frå sjabbát).
2030-åra
- 2030: Frå solnedgang onsdag den 7. august til etter solnedgang torsdag den 8. august.
- 2031: Frå solnedgang måndag den 28. juli til etter solnedgang tysdag den 29. juli.
- 2032: Frå solnedgang laurdag den 17. juli til etter solnedgang søndag den 18. juli (utsett frå sjabbát).
- 2033: Frå solnedgang onsdag den 3. august til etter solnedgang torsdag den 4. august.
- 2034: Frå solnedgang måndag den 24. juli til etter solnedgang dag tysden 25. juli.
- 2035: Frå solnedgang måndag den 13. august til etter solnedgang tysdag den 14. august.
- 2036: Frå solnedgang laurdag den 2. august til etter solnedgang søndag den 3. august (utsett frå sjabbát).
- 2037: Frå solnedgang måndag den 20. juli til etter solnedgang tysdag den 21. juli.
- 2038: Frå solnedgang måndag den 9. august til etter solnedgang tysdag den 10. august.
- 2039: Frå solnedgang laurdag den 30. juli til etter solnedgang søndag den 31. juli.
2040-åra
- 2040: Frå solnedgang onsdag den 18. juli til etter solnedgang torsdag den 19. juli.
- 2041: Frå solnedgang måndag den 5. august til etter solnedgang tysdag den 6. august.
- 2042: Frå solnedgang laurdag den 26. juli til etter solnedgang søndag den 27. juli (utsett frå sjabbát).
- 2043: Frå solnedgang laurdag den 15. august til etter solnedgang søndag den 16. august.
- 2044: Frå solnedgang måndag den 1. august til etter solnedgang tysdag den 2. august.
- 2045: Frå solnedgang laurdag den 22. juli til etter solnedgang søndag den 23. juli.
- 2046: Frå solnedgang laurdag den 11. august til etter solnedgang søndag den 12. august. (utsett frå sjabbát).
- 2047: Frå solnedgang onsdag den 31. juli til etter solnedgang torsdag den 1. august.
- 2048: Frå solnedgang laurdag den 18. juli til etter solnedgang søndag den 19. juli.
- 2049: Frå solnedgang laurdag den 7. august til etter solnedgang søndag den 8. august. (utsett frå sjabbát).
2050-åra
Tisjʕá beáb og sjabbát
Om tisjʕá beáb fell på sjabbát, utsett ein fasta til laurdagskvelden etter at sjabbát er over, og ein fastar laurdagskvelden og søndagen i staden.
Sjå òg
Lenkjer
Primærkjelder
- Ekhá (Mechon Mamre)
- Misjná Tànganít (Mechon Mamre)
- Toseftá Tànganít (Mechon Mamre)
- Jerúsjalmí Tànganít (Mechon Mamre)
- Bablí Tànganít (Mechon Mamre)
- Misjné Torá Tànganijjót (Mechon Mamre)
Andre lenkjer
- «Tisha B’ab Service» Om gudstjenesta på tisjngá beáb, slik ho blir gjenomført i Shearith Israel — den tradisjonsrike spansk-portugisiske esnogaen i New York City i USA.
- Kveldsgudsteneste på tisjngá beáb i Shearith Israel i 2020.