Tenákh
|
Tenákh eller Tanákh er det vanlegaste jødiske namnet på den hebraiske Bibelen, som i hovudtrekk svarar til det kristne «Gamle testamentet». Sjølve namnet Tenákh er ei vokalisering av forkortinga TN"K (hebr. תנ”ך), som i sin tur står for «Torá–Nebiím–Ketubím» — det vil seie ‘Loven–Profetane–Skriftene’. Denne tredelinga er kjent frå tida at det andre tempelet i Jerusalem stod, men på den tida vart elles berre namnet Mikrá bruka — eit namn som stadig blir bruka jamsides med Tenákh.
Bøkene i Tenákh
Etter jødisk tradisjon inneheld Tenákh 24 bøker. Desse bøkene svarar til dei 39 bøkene} i det protestantiske «gamle testamentet», i og med at Sefer Sjemuél (1.–2 samuelsbok), Sefer Melakhím (1.–2 kongebok), Dibré hajjamím (1.–2. krønikebok), Ngezrá-Neḥemjá (Ezras bok, Nehemias bok) og Teré ngazár (dei tolv mindre profetane) blir rekna som berre éi bok kvar i jødisk tradisjon. Bokrekkjefølgja er olik i jødiske og kristne (inkludert protestantiske) tradisjonar.
Torá
Sefer Beresjít (1. mosebok)
Sefer Sjemót (2. mosebok)
Sefer Vayyikrá (3. mosebok)
Sefer Bammidbár (4. mosebok)
Sefer Debarím (5. mosebok)
Nebiím (profetane)
Sefer Yehosjúaʕ (Josvas bok)
Sefer Sjofetím (Dommarboka)
Sefer Sjemuél (1.–2. samuelsbok)
Sefer Melakhím (1.–2. kongebok)
Sefer Yesjaʕyá (Jesajas bok)
Sefer Yirmejá (Jeremias bok)
Sefer Yeḥezkél (Ezekiels bok)
Teré ʕasár nebiím (De tolv mindre profetane)
Ketubím
Tenákh | ||||||||
|