Taʕanít tammúz

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Tanganít tammúz)

Taʕanít tammúz (תַּֽעֲנִית תַמּוּז, ‘tammúz-fasta’)) eller sjibʕá ʕasár betammúz (שִׁבְעָה עָשַׂר בְּתַמּוּז, ‘syttande tammúz’) er ein jødisk fastedag som først og fremst markerer minnet om da bymuren kring Yerusjaláim (Jerusalem) vart øydelagt føre Det andre tempelet i Jerusjaláim vart øydelagt. Taʕanít tammúz finn stad på 17. tammúz etter den jødiske kalenderen og markerer begynnelsen av dei tre vekene som leier fram mot den store fastedagen tisjʕá beáb. Desse tre vekene, som òg blir kalla «ben hammeṣarím», blir rekna som ei sørgjetid, og ulike jødiske grupper har ymse skikkar som markerer den sorgfulle tida.

I tillegg til å markere sorg over øydelegginga av bymuren i Yerusjaláim, markerer taʕanít tammúz, som fell førti dagar etter sjabuʕót, øydelegginga av dei første lovtavlene da Mosjé rabbénu kom ned frå fjellet og såg at israelsborna tilbad gullkalven.


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Seventeenth of Tammuz from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.