Taʕanít Estér

Frå Esnoga.no

Taʕanít Estér (hebraisk תַּֽעֲנִית אֶסְתֵּר), eller Esters faste, blir halde frå soloppgang til solnedgang den 13. adár (i skottår: veadár), altså rett føre purím. Fasta symboliserer de tre dagane Estér hammalká (dronning Estér) fasta føre ho gikk inn til kong Aḥasjverósj (Xerxes).

Dei åra at purím begynner ved moṣaé sjabbát (på laurdagskvelden), blir fastedagen halde torsdagen føre, altså på 11. adár, i staden, ettersom ein aldri fastar på sjabbát i jødedommen anna enn på kippúr.

Sidan denne fastedagen ikkje er ein av de fire offentlege fastedagane som blir nemnt i Nebiím (Profetane), er krava om faste relativt milde: Gravide eller ammande kvinner og personar med svak helse er alltid fritekne frå å faste denne dagen.