Sukkót
- Sukkót er òg fleirtalsforma av ordet sukká.
Sukkót (hebr. סֻכּוֹת el. סוּכּוֹת) eller páscua de las cabañas (kastiljansk), òg kalla lauvhyttefesten på norsk, er ei åtte dagar lang høgtid som tek til fem dagar etter kippúr. Vi feirar sukkót først og fremst ved å byggje enkle hytter («sukkót») og ved å vifte med luláben. Den siste dagen i sukkót er kjent som sjeminí ngaṣéret. I Ereṣ Jisraél fell sjeminí ngaṣéret og simḥàt Torá saman, men i diasporaen blir simḥàt Torá feira dagen etter, altså på den niande dagen.
Namnet sukkót
Skrivemåtar
Namnet sukkót kan, som så mange andre namn med hebraisk rot, bli skrive på svært mange måtar — for eksempel sukót, sukkos, sukkot, sukkoth, sukkes, sukes, soekot (ndl. og soekos (ndl.). Det finst spesielt mange skrivemåtar på fransk — for eksempel: souccot, souccoth, soucot, soucouth, soucos, soukot, soukoth, soukkot, soukkoth, souccote, soukote...
Andre ord
På skandinavisk seier ein ofte lauvhyttefesten (nyn./bm.), løvhyttefesten (bm.) ...
Sjå òg
Lenkjer
- Misjná: Sukká frå Mechon-Mamre
- Toseftá: Sukká frå Mechon-Mamre
- Jerúsjalmí: Sukká frå Mechon-Mamre
- Bablí: Sukká frå Mechon-Mamre
- Misjné Torá: Sjofár vesukká veluláb frå Mechon-Mamre