Solitreo
Solitreo eller soletreo (djudeospanjol, jf. portugisisk soletrar og asturiansk soletrear/solitrear, ‘(å) stava’) er lykkjeskrift-utgåva av hebraisk skrift som tradisjonelt blir brukt blant osmanske sefardím for å skrive djudeospanjol, ladino og hebraisk. Skrifta er visuelt sétt snarlik asjkenazisk lykkjeskrift, men er ulik nok til at dei ikkje er innbyrdes forståelege. Skrifta var i vanleg bruk blant sefardím i Det osmanske riket, inkludert i det jødiske samfunnet i Ereṣ Jisraél (hovudsakleg tilsvarande vår tids Israel, Vestbredda og Gaza) langt opp mot våre dagar. I og med at Israel har gjennomført asjkenazisk lykkjeskrift som einaste standard, har antalet folk som kan lesa og skrive solitreo gått markant ned sidan begynnelsen av 1900-talet.
Sjå òg
- sefardisk halvkursiv («Rashi-skrift»)
- sefardisk hebraisk
- ladino
- djudeospanjol
Lenkjer
- Solitreo.com
- Komparativ tabell frå Solitreo.com