Sjulḥán ngarúkh

Frå Esnoga.no

Sjulḥán ngarúkh er eit bokverk skrive av Joséf Karo og som inneheldt ei oppsummering av det større bokverket hans, Bét Joséf. I dei fleste former av vår tids ortodokse jødedom blir Sjulḥán ngarúkh med sine kommentarar rekna som den viktigaste og mest autoritative kjelda til halakhá (rabbinsk-jødisk religiøs lov). Bét Joséf og Sjulḥán ngarúkh byggjer på rammeverket i det tidlegare verket Arbangá turím, medan dei halakhiske vala byggjer på Jiṣ’ḥák Alfassi, Mosjé ben Maimón og Asjér ben Jeḥiél. Når de tre kjeldone ikkje let seg harmonisere, let Karo Mosjé ben Naḥmán («RaMBaN») få det siste ordet.

Mappá — ei asjkenazisk (om)tolking

Sjulḥán ngarúkh er i seg sjølv ein syntese av sefardisk og asjkenazisk jødedom, men r. Mosje Isserlis frå Kraków meinte at verket i for liten grad atterspegla asjkenazisk skikk, så han skreiv kommentarverket Mappá (‘duk’) og skildra dei mange områda der asjkenazisk skikk er strengare, så vel som dei områda der asjkenazisk skikk er mildare.