Sjofár
Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utanom desse dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Asjkenazím blæs tradisjonelt på sjofáren kvar dag gjennom heile månaden elúl anna enn på sjabbát.
Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím bruker oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre, sauebukk); Italienske jødar og ein del sefardím bruker òg geitebukk. Témaním (yemenittiske jødar) bruker derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant somme sefardím blir det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt ein del bruka.
Sjofárgalleri
- Yemenittisk sjofár av kuduhorn.Foto: Olve Utne
- Liten asjkenazisk sjofár.Foto: Olve Utne
Sjofár på rosj hasjaná
Den viktigaste miṣváen på rosj hasjaná bortsett frå på sjabbát er å høre sjofár. Når vi ikkje kan høre sjofár i esnogaen, gjer vi det ein annan stad. Signala er:
Tekiʕá
Tekiʕá er ein lang, jamn tone.
Sjebarím
Sjebarím er ein tone med tre bølger. Sefardím og vest-asjkenazím utfører sjebarím som ein legato LUU-LUU-LUU. Aust-asjkenazím og ein del sefardím utfører sjebarím som tre separate tonar — TUU. TUU. TUU.
Teruʕá
Teruʕá er ein tone med minst ni dirringar. Det finst to hovudmåtar å utføre denne på:
- Den eldre sefardiske og vest-asjkenaziske måten er å blåse éin lang tone som blir legato-underdelt med tunga — LULULU... eller eventuelt wuwuwu.... Somme blæs ein lang tone og lagar ein liknande effekt ved å riste litt på sjofáren.
- Austlege asjkenazím og somme sefardím deler i staden teruʕá opp i minst ni staccato-tonar med tunga — TUTT, TUTT, TUTT ....
Teruʕá gedolá
Teruʕá gedolá er ein ekstra lang, dirrande tone som avsluttar tefillá og blir direkte etterfølgd av Adón ʕolám på rosj hasjaná.
(Asjkenazím gjer tekiʕá gedolá, ein ekstra lang, jamn tone, i staden.)
Berakhá
Den som blæs sjofár på rosj hasjaná seier berakháen «lisjmóaʕ kól sjofár» først: |
בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו וְצִוָּֽנוּ לִשְׁמֽוֹעַ קוֹל שׁוֹפָר׃ |
(Første dagen (eller andre dagen om den første dagen var på sjabbát), sei «sjehèḥeyánu»: |
(בָּאַ״י. אֱמֶֽ״הָֽ. שֶׁהֶֽחֱיָֽנוּ וְקִיְּמָֽנוּ וְהִגִּיעָֽנוּ לַזְּמַן הַזֶּה׃) |
Signal
Ein full sjofárseksjon for rosj hasjaná inneheld desse tretti signala: |
---|
A1 תְּקִיעָה שְׁבָרִים—תְּרוּעָה תְּקִיעָה A2 תְּקִיעָה שְׁבָרִים—תְּרוּעָה תְּקִיעָה A3 תְּקִיעָה שְׁבָרִים—תְּרוּעָה תְּקִיעָה |
B1 תְּקִיעָה שְׁבָרִים תְּקִיעָה B2 תְּקִיעָה שְׁבָרִים תְּקִיעָה B3 תְּקִיעָה שְׁבָרִים תְּקִיעָה |
C1 תְּקִיעָה תְּרוּעָה תְּקִיעָה C2 תְּקִיעָה תְּרוּעָה תְּקִיעָה C3 תְּקִיעָה תְּרוּעָה תְּקִיעָה |
Gudstenesta inneheld fleire slike seksjonar. |
D תְּרוּעָﬣ גְּדוֹלָה |
Video frå YouTube | ||
|
Portugisarjødar blæs generelt 101 signal på rosj hasjaná:
- 30 signal rett føre musáf (menigheita sitt):
- A1 A2 A3 B1 B2 B3 C1 C2 C3
- 30 signal under repetisjonen av musáf-ʕamidáen:
- Etter birkàt Mèlekh (menigheita står):
A1 A2 A3 ( = 12 signal) - Etter birkàt habberít (menigheita står):
B1 B2 B3 ( = 9 signal) - Etter birkàt Teruʕá (menigheita står):
C1 C2 C3 ( = 9 signal)
- Etter birkàt Mèlekh (menigheita står):
- 10 signal etter Kaddísj Leʕélla (menigheita sitt):
- A1 B1 C1
- 30 signal etter ʕosè sjalóm (menigheita sitt):
- A1 A2 A3 B1 B2 B3 C1 C2 C3
- 1 signal etter ʕAlénu:
- D